Eight Days a Week

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eight Days a Week
av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 6 and 18. oktober 1964
EMI Studios, London
Sjanger Rock[1]
Lengd 2:44
Selskap Parlophone, Capitol (amerikansk singel)
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Amerikansk The Beatles-singel-kronologi
«I Feel Fine»
(1964)
Eight Days a Week «Ticket to Ride»
(1965)


Eight days a week I love you,
Eight days a week is not enough to show I care.

«Eight Days a Week» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles for albumet deira Beatles for Sale frå 1964.

Songen vart planlagt gjeve ut på singel, men til slutt vart han berre gjeve ut i USA den 15. februar 1965 der han gjekk til førsteplass. B-sida var «I Don't Want to Spoil the Party». Singelen vart gjeve ut i USA etter at radiokanalr spelte songen frå importerte eksemplar av Beatles for Sale, som ikkje vart gjeve ut i USA. Songen var heller ikkje på den amerikanske versjonen av Beatles for Sale kalla Beatles '65. Seinare vart han gjeve ut på det amerikanske albumet Beatles VI.

Paul McCartney har fortalt to historier om korleis tittelen på songen kom til. Den eine var at det var ein sjåfør som sa at han hadde jobba «eight days a week» då han køyrte McCartney til studio ein gong.[2] Den andre forklaringa var at Ringo Starr ein gon sa dette feil.[3]

Eight Days a Week var ein av dei første songane der bandet verkeleg eksperimenterte i studio. I løpet av to innspelingar på totalt nesten sju timar den 6. oktober brukte dei berre tid på denne songen. Dei første seks forsøka var med heilt forskjellige byrjingar og den noverande byrjinga var frå ei anna innspeling enn resten av songen.[4] Den endelege versjonen inneheld òg ein annan raritet, han vert tona inn i motsetnad til mange popsongar som vert tona ut på slutten.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[6]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] 1
Canada Top Singles (RPM)[8] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 1
US Billboard Hot 100[10] 1
US Cash Box Top 100[11] 1
Vest-Tyskland Media Control [12] 5

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[13] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songern har vorte spelt av

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Beatles 'Eight Days a Week'». AllMusic. http://www.allmusic.com/song/eight-days-a-week-mt0039449056. Henta 11. mars 2018. 
  2. The Beatles (2000). The Beatles Anthology. San Francisco: Chronicle Books. s. 159. ISBN 0-8118-2684-8. 
  3. 1984 Playboy-intervju http://www.music.indiana.edu,
  4. The Beatles Bible: Eight Days A Week Vitja 10. oktober 2008.
  5. Everett 2001, s. 262.
  6. MacDonald 2005, s. 132.
  7. "Ultratop.be – The Beatles – Eight Days a Week" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
  8. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 11. mars 2018.
  9. "Dutchcharts.nl – The Beatles – Eight Days a Week" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
  10. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 11. mars 2018.
  11. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  12. «Offizielle Deutsche Charts» (på German) (Enter «Beatles» in the search box). GfK Entertainment Charts. https://www.offiziellecharts.de/charts. Henta 11. mars 2018. 
  13. «American single salstrofé – The Beatles – Eight Days a Week». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Eight+Days+a+Week%22. Henta 11. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]