The Ballad of John and Yoko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Ballad of John and Yoko
Singel av The Beatles
B-side «Old Brown Shoe»
Utgjeve 30. mai 1969
Innspelt 14. april 1969
EMI Studios, London
Sjanger Rock and roll[1]
Lengd 2:59
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Get Back»
(1969)
The Ballad of John and Yoko «Something»/«Come Together»
(1969)


«The Ballad of John and Yoko» er ein song av The Beatles gjeven ut som ein singel i mai 1969. Songen er hovudsakleg skriven av John Lennon, men er på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Songen omhandlar Lennon sitt ekteskap med Yoko Ono og ting dei gjorde i lag. Songen vart spelt inn like før mesteparten av songane til Abbey Road vart spelte inn.

Songen er ein ballade på den tradisjonelle måten som eit forteljande dikt i ein song, men ikkje sett ut i frå moderne popmusikk, der ein ballade er ein sakte, ofte sentimental kjærleikssong. Songen vart den 17. og siste førsteplassen Beatles fekk i Storbritannia.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av Lennon og Paul McCartney. George Harrison var på ferie og Ringo Starr var oppteken med ei filminnspeling. Lennon fekk brått inspirasjon til å skrive og spele inn songen og ringde McCartney og foreslo at dei spelte han inn utan å vente på dei to andre.

Lennon var på solovokal og spelte dei to sologitarane, akustisk gitar og perkusjon. McCartney song harmonivokal og spelte bass, trommer og maracas.

Arbeidstittelen til songen var «The Ballad of John and Yoko (They’re Going to Crucify Me)».[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ian MacDonald[3] og Mark Lewisohn:[4]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Australske Kent Music Report[5] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] 1
Irland (IRMA)[8] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 1
Noreg (VG-lista)[10] 1
Svenske Kvällstoppen[11] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[12] 1
UK Singles (Official Charts Company)[13] 1
US Billboard Hot 100[14] 8
US Cash Box Top 100[15] 10
Vest-Tyskland - Media Contro-lista[16] 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[17] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Beatles 'The Ballad of John and Yoko'». AllMusic. http://www.allmusic.com/song/the-ballad-of-john-and-yoko-mt0010256649. Henta 17. mars 2018. 
  2. Craig Cross (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. Lincoln: iUniverse, Inc. s. 322. ISBN 0-595-34663-4. 
  3. MacDonald 2005, s. 345.
  4. Lewisohn 1988, s. 173.
  5. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  6. "The Beatles – The Ballad of John and Yoko – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.
  7. "Ultratop.be – The Beatles – The Ballad of John and Yoko" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.
  8. "The Irish Charts – Search Results – The Ballad of John and Yoko". Irish Singles Chart. Retrieved 17. mars 2018.
  9. "Dutchcharts.nl – The Beatles – The Ballad of John and Yoko" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.
  10. "Norwegiancharts.com – The Beatles – The Ballad of John and Yoko". VG-lista. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.
  11. «Swedish Charts 1966–1969/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Juni 1969» (på svensk). hitsallertijden.nl. http://www.hitsallertijden.nl/charts/swedish%20charts/SwedishCharts%200366-0969.pdf. Henta 21. februar 2018. 
  12. "The Beatles – The Ballad of John and Yoko – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.
  13. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 17. mars 2018.
  14. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 17. mars 2018.
  15. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  16. «Offizielle Deutsche Charts» (på tysk) (Enter «Beatles» in the search box). GfK Entertainment Charts. https://www.offiziellecharts.de/charts. Henta 17. mars 2018. 
  17. «American single salstrofé – The Beatles – The Ballad of John and Yoko». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22The+Ballad+of+John+and+Yoko%22. Henta 14. mai 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]