Ingrid Bjørnov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Bjørnov
Ingridbjornov2010.jpg
Fødd5. desember 1963 (58 år)
Aktive år1980–
Verka sommusikar, songar, komponist, låtskrivar, kapellmeister, programleiar, pianist
PrisarWenche Foss' ærespris, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Tekstforfatterfondets ærespris, Solprisen, Lytterprisen, Marteprisen

Ingrid Bjørnov (fødd 5. desember 1963) er norsk musikar og artist med ein allsidig karriere bak seg. Ho vart først kjend gjennom popduoen Dollie / Dollie dei Luxe, som ho danna saman med Benedicte Adrian. Som soloartist har ho utmerkt seg med sceneshowa Klassisk Hærverk (2003), Til Elise? (2007) og 2012-ouverturen (2012).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ingrid Bjørnov voks opp i drabantbyen Oppsal på Oslos østkant. Begge foreldra var lærarar. Familien var i tillegg glad i musikk, og Bjørnov byrja å ta pianotimar som femåring. Ho gjekk òg i musikalsk barnehage og song i pikekor. Pianotimane var klassiske, og Bjørnov tok mål av seg til å verta den nye Wolfgang Plagge – heilt til ABBA dukka opp og Benny Andersson vart hennar store helt. Av andre musikalske førebilete kan nemnast Kate Bush og Gilbert O'Sullivan. I Dollie-tida vart Ingrid Bjørnov gjerne ståande litt i bakgrunnen og spille keyboard, medan Benedicte Adrian var songar og frontfigur. Då duoen vart oppløyst, følgde ein periode som kapellmeister på ulike TV-produksjonar, òg der litt i bakgrunnen. Først i 2001, då ho opptredde med førestillinga Eskorteservice for hverdagsmennesker, gjekk Ingrid Bjørnov for alvor solo.

I 1999 gifta ho seg med lydteknikar Terje Holli. Etter å ha budd i hovudstaden heile sitt liv, kjøpte paret eit lite gardsbruk i Hobøl i Østfold, der dei no held hus. Nybygget på huset fekk Hobøl byggeskikkprisen til Kommune hausten 2012.[1]

Sommaren 2017 vart Bjørnov operert for kreft. I januar 2018 kunngjorde ho at kreften hadde spreidd seg og at handsaminga medførte at ho måtte avlysa den attverande delen av Steinway to Heaven-turneen.[2] Ho mottek immunterapi annakvar veke for å kjempa mot kreften.[3]

Dollie-tida[endre | endre wikiteksten]

Nesten halvparten av livet har Bjørnov samarbeidd med Benedicte Adrian, og venskapen dem imellom byrja i sandkassa. Dei voks opp i same blokk, og ifølgje Bjørnov er det første ho husker av venninnen «mykje hår og masse tenner». I 1974 vann den svensken popgruppen ABBA den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix, og det var som eit direkte resultat av dette at Bjørnov og Adrian byrja å spela saman. I 1979 sende dei inn ein kassett til radioprogrammet Lydbåndmix på NRK, som inneheldt «16 overstyrde Kate Bush-læt og 2 ABBA-læt». Den eine ABBA-låten vart spelt i programmet og førte til tilbod om platekontrakt med dbRecords.

Debutplata Første akt kom i 1980 under namnet Dollie og vart ein stor suksess med 52 000 selde plater. Den gav òg Bjørnov og Adrian ein historisk Spellemannpris som tidenes yngste vinnare, berre seksten år gamle. Gruppenamnet var noko ironisk meint, og tekstene, som jentene sjølv var med på å skriva, sende spark både til rike pappagutar og kjønnsrollemønster i eventyr. Dei neste to platene, Dollies dagbok og Rampelys, vart ikkje like populære med høvesvis 23 000 og 8 000 selde eksemplar. Dollie deltok i den norske finalen av Melodi Grand Prix både i 1980 med songen «1984» (6.-plass) og i 1982 med songen «Det er deg eg skal ha» (10.-plass), men det vart ikkje full klaff før i 1984 då dei vann med songen «Lenge leve livet». Like bra gjekk det ikkje i den internasjonale finalen der dei enda på 19.-plass etter å ha føydd til eit «de Luxe» på gruppenamnet.

Eksperimentering med å blanda rock og opera førte til albumet Rock vs. Opera i 1986 og internasjonal suksess med TV-framferder og konsertar blant anna i Canada og Frankrike. Året etter kom ein førespurnad om å laga noko til opninga av Festspela i Bergen, og dermed såg musikalen, rockeoperaen eller operamusikalen, som den gjerne vert kalla, Which Witch dagens lys. Studioalbumet gav Bjørnov og Adrian nok ein Spellemannpris, og musikalen utvikla seg. I 1990 vart den spelt på Slottsfjellet i Tønsberg med påfølgjande CD-utgjeving, og i 1992 vart Which Witch sett opp på West End i London med Bjørnov som dirigent og musikalsk ansvarleg. I Noreg hadde musikalen vorte teken godt imot, men britiske kritikarar gav det massivet slakt. Dette førte til at den vart teke av plakaten etter berre 76 førestillingar, og Bjørnov vart saman med andre involverte sitjande igjen med milliongjeld. Det skulle ta mange år og fleire rettssaker før ho vart gjeldsfri.

I 1995 skreiv Bjørnov og Adrian ein ny musikal som var veldig ulikt frå Which Witch, nemleg den humoristiske Henriette VIII og hennes seks ekte menn. 60 000 menneske såg musikalen, og CD-utgjevinga selde 10 000 eksemplar. Fire år seinare gjorde Bjørnov og Adrian comeback med ei ny plate. Namnet Dollie dei Luxe var borte, og duoen stod no fram som modne damer under namnet Adrian/Bjørnov, som òg var namnet på plata. Den mottok blanda kritikkar og vart ingen suksess. I 2001 samarbeidde Bjørnov og Adrian om å skriva musikken til musikalen Den syngende frøken detektiv og mysteriet på Grevly, og i august same år kom samleplaten Dollie's beste, som ein gong for alle markerte slutten på Dollie.

I 2007 samarbeidde Ingrid Bjørnov nok ein gong med Benedicte Adrian om musikken til musikalen Markus og Julie av Klaus Hagerup, som gjekk på Trøndelag Teater. Her fungerte Bjørnov òg som musikalsk ansvarleg.

På eiga hand[endre | endre wikiteksten]

På TV[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1994 takka Ingrid Bjørnov ja til å vera kapellmeister i NRK-serien Opp med Norge!. Dette leidde til fleire TV-jobbar i løpet av 90-talet, den største av desse som medprogramleder for det musikalske spørreprogrammet Noteknekk saman med Rune Larsen. Det vart laga 30 program av denne serien, som gjekk over tre sesongar (1995, 1997 og 1998). Bjørnov har òg vore kapellmeister i Toppen ein time (1996), Brageprisen 1997, Amandaprisen 1999, NRKs maratonsending Millennium (1999), Den store klassefesten (2000) og TVT (2002). I 1998 deltok ho i den norske finalen i Melodi Grand Prix, denne gongen som komponist og tekstforfattar av songen «Som ein engel», som vart framført av Gjermund Elgenes. Songen enda på 6.-plass. I 2000 vart Bjørnov fast huspoet i NRKs Ettermiddags-TV, ei rolle ho tok med seg til Frukost-TV på same kanal (2001 og 2003). Her skulle ho kvar veke presentera ein nyskrevet vise med skråblikk på tilvera. Vidare var ho medprogramleder for Gullruta i 2004. I 2005 hadde ho det musikalske ansvaret for det direktesendte opningsshowet for Hundreårsmarkeringa.[4] Same år fekk ho tilmed sit eige Tv-program, Piano Piano på TV 2. Programmet hadde premiere 1. oktober 2005 og var eit musikalsk talkshow der Bjørnov inviterte aktuelle gjester og framførte både verbale og musikalske kvardagsnevrosar. Siste program vart sendt 23. desember 2005 og innehalden både snø og steppande reinsdyr.

I 2011 hadde ho premiere på det eigne konseptet Reisa til popstjernenTV 2, eit program med musikalske møte med ulike låtskrivere i inn- og utland. Dei åtte delane til programmet var alle vigd éin artist: Sondre Lerche (6. november 2011) Anita Skorgan (13. november 2011), Maria Mena (20. november 2011), Per Gessle (27. november 2011), Espen Lind (25. desember 2011), Øystein Sunde (8. januar 2012), Nik Kershaw (15. januar 2012) og Timbuktu (22. januar 2012). Programmet vart godt motteke, og attpåtil parodiert i ein heil sesong av Bye & Rønning.

På radio[endre | endre wikiteksten]

I 1998 var Bjørnov gjest i det populære radioprogrammet Herreavdelingen på NRK P1. Det førte til fast deltaking frå hausten 1999, der ho i spalten «Bjørnovs betraktninger» kjem med funderinger og usvarte spørsmål om kvardagsproblematikken. I 2005 steppa ho òg inn som programleiar når ein av herrane var forhindra frå å vera til steda. Sommaren 2004 var det første av Bjørnovs fire år med sommarjobb som medprogramleder i det sagnomsuste NRK-programmet Reiseradioen. Den første sommaren var makkeren Finn Bjelke, som var vorte ein god ven gjennom jobben i Herreavdelinga. Seinare har ho vore programleiar for nokre utgåver av PopQuiz på NRK P1, Rundt eit flygel på NRK P2 saman med Kåre Grøttum i 2002 og presentert nokre Taffelhelter på NRK P1 sommaren 2003.

Ingrid Bjørnov på scena i 2017
Foto: Tore Sætre

I 2000 fekk Ingrid Bjørnov ein førespurnad frå Soria Moria i Oslo om å laga soloshow. Ingrid Bjørnovs Eskorteservice for hverdagsmennesker hadde premiere 21. oktober 2001 og vart svært godt motteke av både publikum og kritikarar. Inspirert av fleire år med betraktninger om livet sitt viderverdigheter i Herreavdelinga, laga Bjørnov eit show som tok for seg terrorbalansen i heimen. Eskorte-showet resulterte i Bjørnovs første soloplate Eskorteservice (2002), utgjeve på Kirkelig Kulturverksted.

Bjørnovs kanskje aller største suksess til då, og det som endeleg gjorde ho kjend som soloartist for folk flest, kom i 2003 med showet Ingrid Bjørnov bedriver klassisk hærverk. Showet hadde premiere på Scene West Victoria i Oslo 10. september 2003 og vart ein stor suksess. Det vart sett opp ei rekkje ekstraforestillingar. Showet inneheldt blant anna kjærlig radbrekking av gamle heltar og musikkhistoriske sammentreff, historia om då Bobby Brown hamna i familien sin allsangpermer og minner om ull rett på kroppen. Etter 235 førestillingar og eitt år i Oslo følgde ein fleire månader lang turné rundt om i landet. Det vart òg sett opp ein spesialforestilling på Rockefeller i Oslo, som vart filma og seinare sendt på NRK1.

Bjørnovs tredje soloshow, Til Elise?, hadde premiere på Latter i Oslo 6. september 2007. Førestillinga tek blant anna for seg kampen mot naturen, frykta for dårleg franskuttale og stiller spørsmålet om Beethovens «Til Elise» eigenleg burde heitt «Til Therese». Førestillinga mottok svært gode kritikkar.

Bjørnovs fjerde soloshow, 2012-ouverturen, hadde òg premiere på Latter i Oslo med premieredato 19. september. Førestillinga var vigd byrjingar - alt ein friskt går i gang med, men helst ikkje vil vita ikkje vert noko av. Starten på songar, starten på musikalar, starten på hageprosjekt, starten på syltesesongen, starten på eit nytt liv - ein kan jo ikkje la vera med å starta sjølv om ein ikkje veit om prosjektet kjem i mål. Showet mottok særs gode kritikkar i Aftanposten, Dagbladet, VG og Drammen sin Tidende og la i november ut på turné som tok for seg store delar av Noreg.

Ingrid Bjørnov har enno å ta oppdrag som kapellmeister, repetitør/songinstruktør, musikalsk ansvarleg, konferansier og tekstforfattar. Ho har blant anna bidrege med tekster til Kvinner på randa, Hege Schøyen og Kjersti Holmen, Brit Elisabeth Haagensli og Kåre Conradi og Marian Aas Hansen. Ho har delteke med eigenkomponerte viser på opninga av den internasjonale oljemessen i Stavanger, NHOs Årskonferanse, Seminaret «Kvinner på veg», 30-årsjubileet for Miljøverndepartementet og OBOS' 150-årsjubileum. Ho har vore involvert i musikalar som Grease, Sugar, Chicago og La Cage aux Vert folla på Oslos teater, og under hundreårsmarkeringa av kongefamilien på Akershus slott i 2005 underheldt ho dei kongelege. Ho har òg hatt fleire show med Kari Slaatsveen i serien Bifokal turné.

På papiret[endre | endre wikiteksten]

I 2005 gav Ingrid Bjørnov ut boka Ingrid Bjørnovs pianobok, som ifølgje ho sjølv er ein praktisk-humoristisk rettleiing i pianospel for etternølere og unnasluntrere. Boka inneheld ei rekkje enkle og praktiske instruksjonar og dessutan råd og tips og eit utval av hennar eigne viser. Pianoboken har passert 23 000 selde eksemplar og har lege på topp på fleire salslister.

Som eit resultat av å vera gift med ein laksefiske, gav Bjørnov i april 2007 ut boka Lakse-enka – nødskrik frå ein tørrfrue. Boka inneheld eit knippa humoristiske historier om samlivet med ein som har ein altoppslukende hobby, og finst òg som lydbok, innlese av Bjørnov sjølv. Røynslene med laksefiskere har òg resultert i eit lakse-enke-show, som ho gjerne opptrer med om sommaren medan ho følgjer etter sin mann frå lakseelv til lakseelv. Bjørnov har òg vore spaltist i bladet Ho og i Aftanposten sin A-magasin.

Album
  • Eskorteservice (2002)
  • Forklaring følger (2011)
  • Jugekors og sørgerender (2017)
Singlar
  • Alternativ energi (2002)
  • Odd & Bob (2002)
  • Prøverom (2002)
  • Flue F (2011)
  • Dagslys (2011)
  • For kort perrong (2012)

Dollie[endre | endre wikiteksten]

Album
  • Første akt (1980)
  • Dollies dagbok (1981)
  • First Act (1982)
  • Rampelys (1982)
  • Dollie's Diary (1983)
  • Dollie de Luxe (1984)
  • Rock vs. Opera (1985)
  • Which Witch (1987)
  • Which Witch på Slottsfjellet (1990)
  • Which Witch – London Cast Album (1993)
  • Prinsessens utvalgte 1995)
  • Adrian/Bjørnov (1999)
  • Dollies beste (2001)
Singlar
  • Snill single (1980)
  • Slem single (1980)
  • Hypnotisert / Som i et skuespill (1980)
  • 1984/Pin-up (1981)
  • Det er deg jeg skal ha / For evig (1982)
  • I Want You/Forever (1982)
  • På gang igjen / La la la (de brutte valgløfters refreng) (1982)
  • On Top Again / Hello Myself Who Are You (1983)
  • Lenge leve livet / Du og jeg (1984)
  • Life Was Made For Living / Viva la Vie (1984)
  • Wanted (Dead or Alive) / Hit Between the Eyes (1984)
  • Queen of the Night / Satisfaction (1984)
  • Rock contre Opera (1985)
  • Vilja/Whatever You Want / Everybody Loves a Winner (1985)
  • Carmen/Gimme Song Loving / he Waltz Ariaz (1985)
  • Queen of the Night / On Top Again (1986)
  • Hostesaft – Kosteskaft (1987), med Ludvigsen
  • Eternally/Overture (1987)
  • She Devil / Overture (1987)
  • Sove i hundrede år (1995)
  • Min hvite mage (1995)
  • Væpnervakta (1995)
  • Til evig tid (1997)
  • Som en film / Jeg flyter (1998)

Medverkar[endre | endre wikiteksten]

  • Narvesen / Snowflake Records: Norges beste (1981)
  • VG: På gang 6 (1982)
  • MUSICA: ESSO Superstar 1 (1982)
  • Det Nye: Hett, fett & svett 2 (1982)
  • VG: På gang 7 (1982)
  • Melodi Grand Prix 1984: Originalversjonene fra Norsk Grand Prix '84 (1984)
  • Mariann Records: Melodi Grand Prix 1984 (1984)
  • NAMA International A/S: NAMA–84 (1984)
  • Athena: The Best of Eurovision: Song Contest (1984)
  • VG: På gang 16 (1984)
  • Forente artister: Sammen for livet (1985)
  • Marius Müller: The Big Beat (1985)
  • Vazelina Bilopphøggers: Musikk tel arbe' (1986)
  • Phonodisc: Hit Parade '86 (1986)
  • Bellona: Norske utslipp (1988)
  • Jahn Teigen: Jahn Teigen (1989)
  • NorDisc: 40 norske ballader (1992)
  • Forenede Fonogramprodusenter: Norske bilder – Sounds and Visions of Norway (1993)
  • The Record Collection: Norske hits 1980–1989 – 38 pop & rock klassikere (1994)
  • The Record Collection: Store norske ballader 1 (1994)
  • Vazelina Bilopphøggers: Gammel Oppland (1994)
  • Melodi Grand Prix: Den store Norsk Grand Prix samlingen 1960–1985 (1995)
  • Jahn Teigen: Hele historien 1967–1994 (1995)
  • Tett på: 10 låter fra albumet Tett på (1995)
  • EVA Records: Absolute Music 14 (1995)
  • Tett på: Tett på (1995)
  • NRK Petre: XL presenterer Parodi Grand Prix (1996)
  • Funhouse: Det Norske Huset (1997)
  • Hilde Heltberg: Blant konger og lus (1997)
  • Tommy Tee: Bonds Beats and Beliefs (1998)
  • Kaia Huuse: De som kan noe annet (1998)
  • Egmont: Det beste av norsk musikk 1978–1980 (1998)
  • Egmont: Det beste av norsk musikk 1983–1985 (1998)
  • Katri Helena: Missä oot (1998)
  • EMI/Virgin: God jul & godt nytt år (1998)
  • EVA Records: Definitive Women (1999)
  • Lars Fredriksen: Pleased to Meet You (1999)
  • Trond-Viggo Torgersen: Barnetimen for de store (2002)
  • Katri Helena: Sydämeni laulut: Neljä vuosikymmentä tähtitaivaalla (2003)
  • Re-Pita: Re Play – Re-Pita Mania (2004)
  • Unidisc: Norsk musikk i 100 – Populærmusikk i Norge 1905–2005 (2005)
  • Ole Evenrud: Høy og Mørk – De beste (2005)
  • Vazelina Bilopphøggers: Bedre hell' all medisin! (2005)
  • Trond-Viggo Torgersen: De du kan + Noe nytt & Noe rart (2007)
  • Kaia Huuse: Episoder (2008)
  • Elisabeth Andreassen: Spellemann (2009)
  • Funhouse: Plugged 2 – Rett og slett (2009)
  • Jannike Kruse: Jeg bader (2009)
  • U and I, Ted: U and I, Ted (2009)
  • Jannike Kruse: Med andre ord (2009)
  • Melodi Grand Prix: Norsk Melodi Grand Prix gjennom 50 år (2010)
  • Eurovision Song Contest: The Greatest Eurovision Hits – Best of the Nordics (2010)
  • My Way Music: Eldorado 2 (2010)
  • Mamas Garden: Billionaire (2010)
  • Lise Olden & Voksne Herrers Orkester: Min skattekiste (2013)
  • Kåre Grøttum-hyllest: Rainy Days – Music and Lyrics by Kåre Grøttum (2014)
  • Kåre Grøttum-hyllest: Nyanser i blått – Musikk av Kåre Grøttum (2014)
  • Øystein Sunde: Bestefar (2016)

Scene[endre | endre wikiteksten]

Soloshow[endre | endre wikiteksten]

  • Eskorteservice for hverdagsmennesker (2001) på Soria Moria i Oslo
  • Ingrid Bjørnov bedriver Klassisk Hærverk (2003) på Scene West i Oslo, samt turné
  • Til Elise? (2007) på Latter på Aker Brygge i Oslo, samt turné
  • 2012-ouverturen (2012-2013) på Latter på Aker Brygge i Oslo, samt turné
  • Bare Bjørnov (2014-2015), turné
  • Steinway To Heaven (2017), turné

Medverkar[endre | endre wikiteksten]

  • Which Witch
  • Henriette VIII og hennes seks ekte menn (1995)
  • Den syngende frøken detektiv og mysteriet på Grevly (2002) på Oslo Nye Teater, Oslo
  • Markus og Julie (2007) på Trøndelag teater, Trondheim
  • Bjørnov & Sunde (2014-2017), turné

TV[endre | endre wikiteksten]

  • Noteknekk (NRK 1995, 1997–1998) Medprogramleder
  • Toppen en time (NRK 1996) Pianist
  • Ettermiddags-TV (NRK1 1999) Huspoet
  • Millennium (NRK1 1999) Kapellmester
  • Den store klassefesten (NRK1 2000) Kapellmester
  • Lenge leve livet (NRK1 2001) Dokumentar om Dollie de Luxe
  • Frokost-TV (NRK1 2001, 2003) Huspoet
  • TVT (NRK1 2002) Kapellmester
  • Gullruten 2004 (TV2 2004) Medprogramleder
  • Piano Piano (TV2 2005) Programleder

Radio[endre | endre wikiteksten]

  • Herreavdelingen (NRK P1 1998, 1999–) Betrakter
  • Reiseradioen (NRK P1 2000–2004) Medprogramleder
  • Rundt et flygel (NRK P2) Medprogramleder
  • PopQuiz (NRK P1) Programleder
  • Taffelhelter (NRK P1 2003) Programleder
  • Norgesglasset (NRK P2 2011/12) Kåsør

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Satans kvinnfolk (1989) Av Hege Duckert i samarbeid med Ingrid Bjørnov og Benedicte Adrian, Tiden Norsk Forlag
  • Ingrid Bjørnovs pianobok (2005) Vega Forlag
  • Lakse-enka – Nødskrik fra en tørrfrue (2007) Vega Forlag
  • Se Norges blomsterdal. Liven, døden, koret (2012) Vega Forlag

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Spellemannprisen 1980 i klassen pop, for Dollie sammen med Benedicte Adrian
  • Spellemannprisen 1987 i åpen klasse, for Dollie de Luxe sammen med Benedicte Adrian
  • Gammleng-prisen 1988 i klassen pop, for Dollie de Luxe sammen med Benedicte Adrian
  • Oslo bys kunstnerpris 2004
  • Komiprisen 2004 i klassene beste kvinnelige artist, revy og komedie og beste forestilling, scene, begge for forestillingen Klassisk Hærverk
  • Komiprisen 2008 i klassene beste kvinnelige artist i revy og komedie og beste forestilling på scene, begge for forestillingen Til Elise
  • Komiprisen 2013 i klassene beste kvinnelige artist i revy og komedie og beste forestilling på scene for forestillingen 2012-ouverturen[5]
  • Leif Justers ærespris 2011, Sammen med Inger Lise Rypdal
  • Tekstforfatterfondets ærespris 2011

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sigurd Øfsti (16. november 2012). «Bjørnov vant byggeskikkpris». Smaalenenes Avis. 
  2. Ruben Pedersen (1. januar 2018). «Ingrid Bjørnov har fått kreft». Dagbladet. 
  3. Ruben Pedersen (28. september 2018). «Ingrid Bjørnov om sykdommen: - Ikke tid til å være mørkredd lenger». Dagbladet. 
  4. Vibeke Johnsen (5. februar 2005). «Dristig Nordin feirer 100». Nettavisen. 
  5. Daniel Eriksen (24. august 2013). «Einar Tørnquist er Norges nye humorist». NRK. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ingrid Bjørnov