Klippe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kalkklippe)
Gå til: navigering, søk
Klipper ved nordkysten av Isfjorden på Svalbard.
Klippevegg i Ihlaradalen i Tyrkia.

Klippe er ei fjellside eller berggrunn, ofte med bratte eller nær loddrette sider. Dei kan stikka opp frå havet eller langs elvar.

Dei kan bli danna gjennom erosjon, forvitring, eller ved forkastingar i grunnen. Ofte er klippene danna av bergartar som motstår nedbryting, som basalt eller granitt, eller dei kan vera ein bergart der enden stadig blir broten ned, som sandstein, kalk, krit eller dolomitt. Ein finn ofte klipper ved havet eller langs elvar.

Klipper kan vera bustad for fuglar, som ofte dannar fuglefjell her. Dei er så godt som uframkomelege for andre dyr, og er dermed trygge hekkeplassar for fuglane.

Menneske kan driva med aktivitetar som fjellklatring og basehopping på klipper.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Møns Klint på øya Møn i Danmark (2005)

Ordet «klippe» kjem frå lågtysk gjennom dansk og bokmål.[1] Det gammalhøgtyske ordet er kleb og gammalislandsk er klif, som nederlandsk klif og engelsk cliff.[2] Desse kan koma frå eit romansk lånord i tidlege germanske språk med opphav i dei latinske formene clivus, clevus ('skråning' eller 'fjellside').[3][4] Klint er eit dansk ord med liknande innhald.

Kjende klipper[endre | endre wikiteksten]

Store klipper[endre | endre wikiteksten]

Nærbilde av Verona Rupes, ei 20 km høg klippe på uranusmånen Miranda.[5]
Cliffs of Moher på Irland

Sidan klipper ikkje treng vera heilt loddrette, ligg ikkje definisjonen av kva som er klipper og ikkje heilt fast. Derfor kan det vera vanskeleg å lista opp klipper og finna den største.

Guinness rekordbok rekner den 1 010 m høge Kalaupapa på Hawaii som verdas høgaste klippe.[6] Ein annan kandidat er nordsida av Mitre Peak på New Zealand, med eit fall på 1 683 m ned i Milford Sound.[7] Den gjennomsnittlege skråninga på Kaulapapa-klippene er rundt 1,7, tilsvarande 60 gradar, og Mitre Peak har ei liknande helling. Eit meir loddrett fall ned i sjøen finn ein på Maujit Qaqarssuasia på Grønland (også kalla 'Thumbnail'), som ligg i Torssukátak-fjordområdet ved spissen av Sør-Grønland. Klippa fell nesten loddrett 1560 m ned.[8]

Kanskje den høgaste fjellside i verda er sørsida av Nanga Parbat i pakistansk Himalaya, Rupal Face, som går 4 600 m opp frå bakken. Great Trango i Karakoram i ein annan del av Pakistan er ein annan kandidat, med ei nesten loddrett side på 1 340 m. Om ein legg til den bratte tilkomsten til den loddrette delen er fallet frå toppen av austsida ned til Dunge-breen nesten 2 000 m.

Thor-toppenBaffin-øya i arktisk Canada er ofte rekna for å ha det største fallet til jorda i verda, 1 250 m.[9] Andre klippeveggar på Baffinøya, som Polar Sun Spire i Sam Ford-fjorden, eller andre klipper i delar av Grønland kan vera høgar.

Den høgaste klippa i solsystemet kan vera Verona Rupes, ei rundt 20 km høg forkastingsklippe på uranusmånen Miranda.

Klipper i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Klipper kan ha ei viktig kulturell tyding. Gresk mytologi fortel om Symplegadane, to klipper på kvar side av eit sund (ofte identifisert med Bosporos) som kunne lukka seg og knusa skip som prøvde å sigla gjennom dei.[10] Jason og argonautane klarte å passera dei, og enda då den farlege stenginga.

Den tarpeiske klippa i Roma var ein utstikkar av Kapitol som blei brukt til å styrta dødsdømde frå. Klippa hadde namn etter Tarpeia, som forrådde borgen til sabinarane.[11]

Meir generelt kan ein bruka ord som klippe eller berg om Gud eller trua, noko ein finn døme på i Bibelen og i mange salmar.[12] Nokre salmedøme er «Klippe, du som brast for meg», «La huset bli bygget på Ordets klippegrunn» og «Jesus lever, graven brast».

Klipper kan også vera nasjonale symbol. Mest kjent i Norden er kanskje Møns Klint på øya Møn i Danmark, mens Stevns Klint er referansepunkt i dansk historie for eit større sjøslag. Kalkklippene er ofte svært bratte etter utallige ras i havet/elva som eroderer på fjellfoten. Møns Klint er ca. seks km lang og er opp til 143 meter høg.

Dei kvite klippene ved Dover som ein møter ved ei vanleg innsegling til England er eit kjend symbol på landet.

Cliffs of Moher eller Moher-klippene på Irland er blitt eit kjend turistmål i landet, og har vore bakgrunn i ei rekkje filmar, som The Princess Bride, Harry Potter and the Half-Blood Prince (2009),[13] og Leap Year (2010).

Liste[endre | endre wikiteksten]

Under følgjer ei liste av nokre av klippene i verda.

Asia[endre | endre wikiteksten]

Matengai på Okiøyane i Japan

Over havet

Over land

Europa[endre | endre wikiteksten]

Over havet

Over land

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Søvestsida av El Capitan frå Yosemitedalen.
Solnedgang ved Notch Peak
Vestsida til Ketil i Tasermiut på Greøland

Fleire store fjellsider av granitt i Arktis er blitt lagde fram som det høgaste stupet på jorda, men nøyaktige målingar finst ikkje for alle. Dei moglege kandidatane med tilnærma tal er:

Andre kjende klipper er:

Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Salto AngelIsla Ratón i Venezuela.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Over havet

Over land

  • Drakensberg Amphitheatre i Sør-Afrika, 1200 m over bakken, 5 km langt. The Tugela Falls, the world's second tallest waterfall, falls 948 m (3,110 ft) over the edge of the cliff face.
  • Mount Meru i Tanzania, Caldera Cliffs, 1,500 m (4,900 ft)
  • Tsaranoro på Madagaskar, 700 m over bakken
  • Karambony på Madagaskar, 380 m over bakken
  • Ei rekkje fjell i Drakensberg i Sør-Afrika.

Oseania[endre | endre wikiteksten]

Over havet

Over land

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Klippe» i Nynorskordboka
  2. «cliff, n.». OED Online. Oxford University Press. 2017. 
  3. Monika Buchmüller-Pfaff (1991), «Namen im Grenzland - Methoden, Aspekte und Zielsetzung in der Erforschung der lothringisch-saarländischen Toponomastik», Francia (Francia-Online: Institut historique allemand de Paris - Deutsches Historisches Institut Paris) (18/1), Arkivert frå Onlineressource den opphavlege versjonen den 2015-01-29, https://web.archive.org/web/20150129173209/http://francia.digitale-sammlungen.de/Blatt_bsb00016294,00175.html 
  4. Max Pfister: Altromanische Relikte in der östlichen und südlichen Galloromania, in den rheinischen Mundarten, im Alpenraum und in Oberitalien. In : Sieglinde Heinz, Ulrich Wandruszka [red.]: Fakten und Theorien : Beitr. zur roman. u. allg. Sprachwiss.; Festschr. für Helmut Stimm zum 65. Geburtstag, Tübingen 1982, s. 219–230, ISBN 3-87808-936-8
  5. «Natural world: the solar system: highest cliffs». Guinness World Records. Arkivert frå originalen den 2006-05-21. https://web.archive.org/web/20060521223224/http://www.guinnessworldrecords.com/content_pages/record.asp?recordid=54819. Henta 2014-11-16. 
  6. «Highest Cliffs». Guinness World Records. Arkivert frå originalen den 2005-11-27. https://web.archive.org/web/20051127032740/http://www.guinnessworldrecords.com/content_pages/record.asp?recordid=47602. Henta 2006-05-02. 
  7. The Encyclopedia of Tourism and Recreation in Marine Environments By Michael Lück. Archived from the original on 2017-12-06. Henta 2009-08-01. 
  8. «Planet Fear». Arkivert frå originalen den 2012-03-26. https://web.archive.org/web/20120326194407/http://www.planetfear.co.uk/articles/Greenland_New_Route_on_Thumbnail_926.html. Henta 2009-08-04. 
  9. «Mount Thor -The Greatest Vertical Drop on Earth!». The Daily Galaxy. March 9, 2010. http://www.dailygalaxy.com/my_weblog/2010/03/mount-thor-the-greatest-vertical-drop-on-earth.html. Henta 2014-08-21. 
  10. Mæhlum, Lars (4. desember 2010). «Symplegadene». Store norske leksikon. 
  11. «Tarpeiske klippe». Store norske leksikon. 29. september 2016. 
  12. Til dømes i Salmane:
    • «Salmenes bok 62:3». Bibelen 2011. «Bare han er min klippe og min frelse / og mitt vern, jeg skal ikke vakle.»  (nynorskomsetjinga bruker «berg»);
    Og i Mosebøkene:
    • «Femte Mosebok 32:15». Bibelen 2011. «Jesjurun ble fet og spente bakut; / du ble fet og tykk og stinn. / Han forkastet Gud, som hadde skapt ham, / og viste forakt for sin frelsende klippe.»  Nynorsk bruker «frelsesfjellet».
  13. «Weekend Window: The Cliffs of Moher». ABC News. 7 June 2009. http://abcnews.go.com/GMA/Weekend/story?id=7701977&page=1. Henta 1 August 2012. 
  14. «Home - South West Coast Path». southwestcoastpath.com. Arkivert frå originalen den 2011-06-11. https://web.archive.org/web/20110611114118/http://www.southwestcoastpath.com/main/sections/index.cfm?fsa=dspSectionDetail&w_id=147. 
  15. «Polar Sun Spire». SummitPost.Org. Arkivert frå originalen den 2008-12-02. http://www.summitpost.org/mountain/rock/152417/polar-sun-spire.html. Henta 2008-07-31. 
  16. «Climbing in Tasermiut». bigwall.dk. Arkivert frå originalen den 2008-12-05. http://www.bigwall.dk/galleri/klatring/tasermiu/pages-uk/uk05keti.htm. Henta 2008-09-02. 
  17. «The American Alpine Journal». 1986. Arkivert frå originalen den October 28, 2008. https://web.archive.org/web/20081028235449/http://www.americanalpineclub.org/AAJO/pdfs/1986/175_canada_greenland_aaj1986.pdf. Henta 2008-09-02. 
  18. The Summer 1998 Slovak Expedition to Greenland (Jamesák International), Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2016-03-04, https://web.archive.org/web/20160304092840/http://www.mountainsport.dk/expe_exi.html 
  19. Jon Roberts: Agdlerussakasit (1750 m), east face, new route on east face; The Butler (900 m) and Mark (900 m), first ascents. American Alpine Journal (AAJ) 2004, pp. 266–267
  20. «Geology Fieldnotes». National Park Service. Arkivert frå originalen den 2013-05-22. http://www.nature.nps.gov/geology/parks/zion/index.cfm. Henta 2010-11-28.