Noreg under fyrste verdskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Knudsen var Noregs statsminister under heile første verdskrig

Noreg under fyrste verdskrigen var nøytralt, og måtte gå ein ofte vanskeleg balansegang mellom krava til dei krigførande maktene og sine eigne forpliktingar som nøytral stat. Sjølv om landet ikkje deltok i verdskrigen i 1914–1918, lei Noreg likevel stor skade på menneskeliv og materiell gjennom senkinga av norske handelsskip. Over 2000 nordmenn omkom på havet under krigen. Gjennom heile krigen vart landet styrt av statsminister Gunnar Knudsen.

Noreg i åra før krigen[endre | endre wikiteksten]

Den tyske keisaren Wilhelm II var ofte på vitjing i Noreg i åra før første verdskrigen. Like før krigsutbrotet var han i landet på cruise. Her er han saman med kong Haakon VII.

Noreg hadde fyrst vorte eit sjølvstendig land i 1905, men sjølv etter dette hadde landet ikkje eigenleg ført nokon sjølvstendig utanrikspolitikk. Fyrst og fremst ynskte ein å sikra Noregs sjølvstende og unngå utanrikspolitiske vanskar. Til dømes vedtok den norske regjeringa å halde seg utanfor Nordsjøtraktaten, endå denne direkte gjaldt norske interesser. Men under den andre marokkokrisen i 1911 vart det klårt at òg det avsidesliggande Noreg kunne koma til å verte trekt inn i storpolitikken. Då den britiske finansministeren Lloyd George under krisa retta ei kraftig åtvaring mot Tyskland, trekte den tyske høysjøflåten seg uventa inn i dei norske fjordane.[1]

Desse hendingane gjorde det klårt at nøytraliteten til Noreg kunne koma til å krenkjast dersom det braut ut krig. Dessutan vart det klårt at ein kunne risikere at tilførsla frå utlandet kunne verte brote av. Noreg var nemleg svært avhengig av tilførslar frå utlandet, særleg av korn og kol. Det norske militæret gjorde difor for greie for behovet av ei opprusting av det norske forsvaret. I dei siste åra før krigsutbrotet vart det òg drive ein del agitasjon i pressa for ein styrking av forsvaret. Stortinget ga pengar til kjøp av to nye panserskip, og våren 1914 vart tenestetida for vernepliktige utvida frå eit halvt til eitt år.[2]

Sjølv om enkelte stemmar åtvara mot ein kommande krig mellom stormaktene i Europa, var stemninga blant folk flest optimistisk heilt fram til berre nokre dagar før krigsutbrotet. Òg statsminister Gunnar Knudsen, som hadde danna si andre regjering i 1913, meinte at den utanrikspolitiske himmelen var skyfri, slik han heldt fram i ei berømt tale i februar 1914. Og då krigen fyrst braut ut, meinte dei fleste at den ikkje kunne koma til å vara lenge.

For tiden er den politiske himmel verdenspolitisk sett skyfri i en grad som ikke har vært tilfelle på mange år. Statsminister Gunnar Knudsen, februar 1914.[3]

Sumaren 1914 vart lenga hugsa for det gode vêret. Samstundes var det 100 år sidan riksforsamlinga på Eidsvoll, eit jubileum som vart feira med ei stor utstilling på Frogner i Kristiania. I juli var det ein stor regattaKristianiafjorden.

Krigsutbrotet[endre | endre wikiteksten]

Panikken[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske tronfølgaren vart myrda 28. juni 1914, men denne hendinga vakte ikkje synderleg uro i Noreg. Fyrst etter Austerrike-Ungarns krigsfråsegn til Serbia 28. juli byrja ein å merka panikken. Frå 31. juli var det stor uro på børsane, og kornprisane skaut kraftig i vêret. Store menneskemengder stod utanfor Noregs Bank i Kristiania for å veksla inn sedlar i gull. Det vart hamstra mat og andre varer i butikkane.[4]

Noregs nøytralitet[endre | endre wikiteksten]

Kong Christian X av Danmark, kong Gustav V av Sverige og kong Haakon VII av Noreg på balkongen under trekongemøtet i Malmö i 1914

Når det gjaldt tilhøvet til dei krigførande maktene, var det sjølvsagt at Noreg skulle vera nøytralt. Sverige og Danmark hadde same haldning. Alt 29. juli tok den svenske ambassadøren i Kristiania, Fredrik Ramel, initiativ til eit svensk-norsk samarbeid, som leidde til ei felles norsk og svensk nøytralitetsfråsegn av 8. august 1914.[5] Seinare kom Danmark med i samarbeidet, som førte til trekongemøtet i Malmö i desember 1914. I løpet av krigen skulle det fleire gonger arrangerast møter mellom kongane og utanriksministrane i dei tre landa.

Norsk nøytralitet skulle visa seg å verte vanskeleg å balansera i løpet av fyrste verdskrig, og som eit resultat har Noreg ofte vorte omtalt som den nøytrale allierte.

Åtgjerda til regjeringa[endre | endre wikiteksten]

I slutten av juli 1914 var statsminister Gunnar Knudsen på seiltur, og rakk ikkje attende til hovudstaden før seint 2. august. De fyrste åtgjerda til regjeringa vart difor teken utan han i statsrådet 2. august. Då lét regjeringa innkalle nøytralitetsvernet, og ein la grunnlaget for den økonomiske politikken til regjeringa under krigen. For å få orden i pengetilhøva under panikken vart setelinnløysinga til Noregs Bank stansa 4. august. Dessutan vart det innført ein månads moratorium for pengekrav. For å sikre statfinansane vart det teke opp to dyre statslån i Storbritannia og i USA.[6]

For å sikre tilførsla av forsyningar vart det innført utførselsforbod for ei rekkje varer, og det vart gjeve høve til å innføre maksimalprisar. Ein provianteringskommisjon vart sette ned for å leia provianteringspolitikken. Denne kommisjonen innførte maksimalprisar på varer som korn, mais, kaffi, sukker, kol, koks, olje og bensin. Maksimalprisane vart likevel avskaffa etter at panikken hadde lagt seg utover hausten 1914. Det vart òg oppretta ein komité for arbeidsløyse, fordi ein frykta auka arbeidsløyse, men denne frykta viste seg å vera grunnlaus.[7]

Noreg var heilt avhengig av skipssambandet med utlandet. Ved krigsutbrotet gjekk likevel alle norske skip i hamn, fordi det vart risikabelt å seile, og det var for dyrt å forsikre skipa mot krigsskadar. Regjeringa satte difor ned ein krigsforsikringskomité, som føreslo ein gjensidig, men tvinga forsikring av norske skip. Krigsforsikringa vart oppretta ved lov av 21. august 1914, og førte til at norske skip snart kunne gå ut igjen og oppretthalde skipssambandet til Noreg gjennom heile krigen.[8]

Regjeringa innkalla straks Stortinget, som kom saman 8. august og vart sitjande i nokre veker for å godkjenne regjeringas forslag til til åtgjerder. I pressa vart det teke til orde for å danne ei samlingsregjering i staden for Knudsens Venstre-regjering, men dette vart avvist av Venstre.

Noregs tilhøve til dei krigførande maktene[endre | endre wikiteksten]

Dei krigførande og dei nøytrale statane i Europa

Etter kvart som krigen trekte i langdrag, vart det vanskelegare for Noreg å halde seg fullstendig nøytralt. Noreg var nemleg avhengig av tilførslar frå både Tyskland og Storbritannia, og ynskte å handle med både to. Samstundes var det i interessa til dei krigførande maktene at Noreg handla så lite som mogleg med motparten. I byrjinga av 1915 innførte Tyskland sperring av Nordsjøen, medan Storbritannia på sin side innførte blokade av Tyskland. Dermed kom kontrabandeavgjerdene og folkeretten til å stå sentralt. Kva for varer kunne norske skip i eigenskap av nøytrale frakte fritt omkring på havet? Storbritannia, som kontrollerte hava, var tilbøyeleg til å hevde ein temmeleg brei definisjon av kva som var kontrabande, til protestar frå Noreg og andre nøytrale land.

Blokaden til Storbritannia førte i praksis til at Noreg vart heilt avhengig av vestmaktene, sidan det var dei som kunne skaffe dei fleste av dei varene Noreg trong. For å få importere varer frå vestmaktene, måtte norske firma gå med på vilkår om ikkje å selja til Tyskland. Desse uoffisielle avtalene vart kalla bransjeavtalene. Ordninga førte til at Noreg vart forsynt med varer, men var til stor skade for tilhøvet til Tyskland, sjølv om regjeringa formelt ikkje hadde noko med dei å gjera.

Fiskepolitikken[endre | endre wikiteksten]

Blokaden til vestmaktene førte til matmangel i Tyskland. Tyskarane var difor særs interesserte i å kjøpe norsk fisk. I det første krigsåret kjøpte dei all den fisken dei kom over i Noreg, slik at det vart høgkonjunktur for det norske fisket. Men Storbritannia freista snart å hindre dette salet, fyrst og fremst ved å truga med å stanse tilførsla av kol og olje. Dei norske styresmaktene gjekk då med på å la britane kjøpe fisken i staden for tyskarane. Våren 1916 kjøpte dei opp 70–80 % av den norske produksjonen.[9] Men i lengda ynskte ikkje britane å kjøpe fisk dei ikkje trong til marknadsprisar. 5. august måtte Noreg gå med på ei løynleg fiskeavtale, som kravde at den norske regjeringa innførte eksportforbod for norsk fisk. Til gjengjeld skulle Storbritannia kjøpe all norsk fiskeproduksjon til faste prisar. Då avtala lakk ut, vakte den stor forarging i Tyskland.

Kopareksporten og kolforbodet[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fisk ynskte Tyskland å kjøpe norsk koparkis og svovelkis, som dei trengde til ammunisjonsfabrikkane sine. Samstundes var Noreg heilt avhengig av raffinert kopar, og marknaden for detta var kontrollert av Storbritannia. Noreg måtte difor i august 1916 gå med på koparavtala og etter usemje om ordlyden i denne avtala Rio Tinto-avtala av oktober 1916. Noreg innførte eksportforbod for koparkis og svovelkis, og for å dekka importen av raffinert kopar måtte norsk kis seljast gjennom det britisk-spanske selskapet Rio Tinto. Avtala stridde mot lovnader Noreg tidlegare hadde gjeve Tyskland, og førte til ei rekkje diplomatiske vanskar. 2. januar 1917 innførte Storbritannia forbod mot eksport av kol til Noreg, ei vare Noreg var heilt avhengig av. På omtrent same tid innførte tyskarane sin uinnskrenka ubåtkrig, og det såg ut som om tilhøvet til Tyskland ville verta kraftig forverra. Men 23. januar 1917 lukkast det å inngå ei handelsavtale med Tyskland, samstundes som Noreg 14. februar gav etter for kravet til Storbritannia. Dermed vart kolforbodet oppheva 17. februar.[10]

Spionasje[endre | endre wikiteksten]

Tilhøvet til Tyskland vart òg forsura av fleire store spionsaker, som òg bidrog til å vende opinionen mot sentralmaktene. Den største av desse var Rautenfels-affæra i 1917, då det vart oppdaga eit stort bombelager på Grünerløkka i Kristiania, og den tyske diplomatkureren baron von Rautenfels vart avslørt som ansvarleg. Tyske agentar vart mistenkte for å spionere på tyske handelsskip eller for regelrett sabotasje. Tysk etterretningsteneste nytta det nøytrale Noreg som ein kanal for spionar og meldingar inn og ut av Storbritannia. Ved fleire høve vart òg nordmenn rekruttert som spionar, det mest kjente tilfellet var malaren Alfred Hagn. Tyskarane hadde òg agentar som heldt auge med skipstrafikken i norske hamner, særleg etter at Tyskland erklærte uavgrensa ubåtkrig i 1917. Britane hadde likevel òg agentar i Noreg, som førte kontroll med norske firma.[11]

Norsk deltaking[endre | endre wikiteksten]

Omkring 15.000 menn og kvinner frå Noreg deltok i dei militære styrkane til dei krigførande landas eller på sjukehusa. Ved fronten var det stort sett menn som deltok i kamphandlingar, medan norske kvinner arbeidde som legar eller pleiarar på sjukehusa bak fronten. Nokon av dei arbeidde for Raude Kross.[12]

Den norske handelsflåten og den uinnskrenka ubåtkrigen[endre | endre wikiteksten]

Minnehallen over dei omkomne sjøfolka utanfor Stavern, innvigd i 1926

Alt den fyrste krigshausten gjekk norske handelsskip tapt. I 1914 vart åtte norske dampskip senka av miner, og 28 personar omkom. Einskilde handelsskip vart òg stansa av tyskarane og senka. Etter at Tyskland innførte blokade mot vestmaktene, vart fleire skip senka ved direkte angrep. I 1915 vart ni dampskip minesprengt, medan 24 damp- og motorskip og 25 seglskip vart senka. I 1916 vart endå fleire senka, slik at 135 skip var gått tapt og 144 menneske var omkome innan august 1916.[13] Etter den norske fiskeavtala med Storbritannia i august 1916 gjorde Tyskland represaliar mot Noreg ved å senke elleve skip utanfor kysten av Nord-Noreg med ubåtar. Desse senkingane vakte stor forarging både i Noreg og i andre nøytrale land. Noreg protesterte overfor Tyskland med den såkalte ubåtresolusjonen av 13. oktober 1916.[14] Utover hausten dette året steig mengda med senka skip monnaleg.

Ubåtsenkningane var eit forvarsel om det som skulle kome. 31. januar 1917 erklærte Tyskland uinnskrenka ubåtkrig overfor alle skip i eit område som mellom anna bestod av farvatnet mellom Noreg, Færøyene og England.[15] Våren 1917 lei skipsfarta enorme tap, til dømes vart 68 norske skip senka berre i april.[16] Dei britiske styresmaktene avgjorde då at all trafikk til og frå Noreg skulle gå i konvoi, verna av britiske militærskip. På denne måten gjekk skipstapa etter kvart attende. Men under fyrste verdskrig vart i alt 1 162 nordmenn drepe, medan 943 forsvann sporlaust på sjøen.[17]

Dyrtid og rasjonering[endre | endre wikiteksten]

Rasjoneringskort for brød og skiljemynt av papir (1917-19). Éin-kronene vart kalla «bolsjevik» og to-kronene «raudgardist».
Amerika-kommisjonen, der Fridtjof Nansen (føre, nr. 2 frå venstre) var formann. Johan Throne Holst sit framme ytst til høgre.

Alt frå 1914 førte krigen til at prisane steig på ei rekkje varer, på grunn av mangelfull tilførsel og dyre fraktepriser. Det vart dyrtid, sjølv om styresmaktene freista å handheva maksimalprisar. Utover 1916 byrja varemangelen verkeleg å gjera seg gjeldande.

Asker og Bærums budstikke trykte 25. juli 1916 denne notisen:

«Observer!

Vi er anmodet om at henstille til folk at medbringe kurv eller indpakningspapir i forretningene, da det for tiden er meget vanskelig for mange forretninger at skaffe saavel papir som hyssing.»[18]

I same avis stod det òg eit lesarbrev som vitnar om varemangelen:

«Til Bærums provianteringsraad.

Hvorlænge skal man vente paa det av provianteringsraadet bestilte sukker? Nu har jeg i 4 uker efter hinanden dels i telefon, dels ved brevkort forespurt hos Ødegaard, naar jeg kan forvente at faa det for ca. 2 maaneder siden hos ham skriftlig bestilte sukker.

Som regel har jeg faat det svar, at en av de første dage kunde jeg vente at faa et bestemt svar om, naar jeg kunde faa sukkeret. No brister min taalmodighed, og difor henvender jeg mig til raadet med forespørsel, om vi, der har bestilt sukker gjennem raadet, idetheletat kan faa noget, og om vi kan faa det, naar vi har bruk for det.

Familiefar[19]

Mangelen på varer vart særleg ille under kolforbodet i januar 1917. Då beslagla provianteringsrådet alle private butikkar sine behaldningar av kol, og det vart innført innskrenkingar på opningstida til butikkane. I februar vart det rasjonering på olje. Brenslesituasjonen betra seg utover sumaren, men samstundes vart mat-situasjonen verre. Noreg byrja å kjøpa tilbake noko av den fisken som vart selt til Storbritannia.

Varemangelen førte til at det i april 1917 vart det oppretta eit eige industriforsyningsdepartement, som i løpet av få månader sørgde for sterkare statleg kontroll med, og sentralisering av, forsyningane. I frykt for matmangel vart vart Amerikakommisjonen, med Fridtjof Nansen som leiar, oppnemnt i juni 1917, for å freista å forhandle fram ei avtale om forsyningar med USA. Medan forhandlingane gjekk føre seg, vart det førebutt rasjonering av korn og mjøl frå 1. februar 1918. I Amerika trekte forhandlingane i langdrag. USA var nemleg kome med i krigen på sida til vestmaktene i 1917, og ynskte ikkje å selje Noreg råvarer som kunne koma Tyskland til gode. Noreg oppgav då nærast heile nøytralitetsvakta, og i april 1918 underteikna Nansen ei avtale som skaffa landet store leveransar av korn, mais, sukkar, kaffi, olje, kobbar, jernmalm, kjøt, mot at Noregs leveransar til sentralmaktene vart avgrensa, og Noreg skaffa dei allierte råvarer som nitrat, aluminium, sink, svovelkis, trelast og papir. På denne måten vart matmangelen unngått, og rasjoneringa vart mindre merkbar.[20]

Styrking av statsmakta[endre | endre wikiteksten]

Verdskrigen førte i Noreg til ei styrking av statsmakta, ved at staten kom til å gripe inn på mange område som tidlegare hadde vorte overlate til private. Dette gjaldt fyrst og fremst sikringa av forsyningane og skipsfarten. Dessutan vart det innført maksimalprisar, rasjonering og husleieregulering. Under krigen kom dessutan byrjinga på alkoholforbodet, som skulle verte eit viktig stridstema på 1920-talet.

Jobbetida[endre | endre wikiteksten]


Etter kvart som krigen trekte i langdrag, vart det klårt at dei nøytrale landa kunne ha visse fordelar av krigen. For Noregs vedkomande gjaldt det fyrst og fremst dei høge fraktprisene, som kom av ein skrikande mangel på skipstonnasje på verdsmarknaden. Ein såg ei antydning til jobbetid tidleg i 1915, følgt av ein stille periode om sumaren, før jobbetida verkeleg tok seg opp utover hausten 1915 og vinteren 1915–1916. Det vart danna fleire aksjeselskap, samstundes som frakt- og skipsprisane berre steig. Spekulasjon i skipsaksjar greip om seg, og mange tente seg rike i ein fei. Industrien gjekk au godt i desse åra. Mange verksemder vart oppretta og gamle utvida.[21] Sjølv om det var gode tider i industrien, førte likevel dyrtida til at det vart vanskelegare tider for dei som hadde faste lønningar, slik som embetsmenn og funksjonærar.

Dei høge fraktene og tonnasjeprisane, og dessutan stigninga i kursen til skipsaksjane, heldt fram gjennom 1916 og 1917, og heldt fram ut i 1918. Då det utpå hausten 1918 vart klard at krigen ville ta slutt, sokk likevel kursa på få dagar. Ekspansjonsperioden i industrien var over i 1917, bremsa av den store råvaremangelen. Fisket vart hemma av mangelen på olje. Miljøet som var skapt av jobbetida eksisterte likevel heilt til 1920, då nedgangstidene nådde Noreg.[22]

Politikk[endre | endre wikiteksten]


Gunnar Knudsen sat som statsminister under heile krigen, og hadde heile tida Nils Claus Ihlen som utanriksminister. Det vart halde ein form for borgfred mellom partia for å unngå stridigheiter i ei vanskeleg tid for landet, men politikken til regjeringa var likevel omstridd. Fleire av regjeringsmedlemmane var upopulære, særleg Lars Abrahamsen, som var tilhengar av alkoholforbod, målmannen Jørgen Løvland og provianteringsminister Oddmund Vik. Vik måtte gå av i 1917. Under krisa med kolforbodet var kritikken mot regjeringa og utanrikspolitikken deira særleg sterk. Det vart då vedteke å oppretta ein eigen utenrikskomité, der alle parti skulle representerast, men slik at Venstre fekk fleirtal. Fleire gonger vart det føreslått at det skulle dannast ei samlingsregjering av alle partia i staden for Venstre-regjeringa, men forslaga vart avvist av Venstre kvar gong. Midt under krigen, i 1915, vart det halde stortingsval. Venstre gjekk då litt fram, medan Høgre og Arbeidarpartiet gjekk noko tilbake. Dermed vart regjeringa til Gunnar Knudsens sitjande.

Arbeidarrørsla[endre | endre wikiteksten]

Dyrtida førte til misnøye blant arbeidarane, og arbeidskampen våren 1916 førte til storlockout, som igjen nær hadde ført til generalstreik.[23] På grunn av dei gode tidene var det mindre uro i det følgjande året, men mot slutten av krigen voks den sosiale uroa omkring på arbeidsplassane. I 1917 og i 1918 var det store demonstrasjonar mot dyrtida i Kristiania. Etter februarrevolusjonen og oktoberrevolusjonen i Russland vart mange arbeidarar påverka i radikal retning. I april 1918 var det arbeidaropprør i Sulitjelma, der soldatar frå Trondheim måtte opprette ro og orden. I Kirkenes var det i fleire månader eit regelrett arbeidardiktatur under eit råd med fire medlemmar. På Landsmøtet til arbeidarpartiet i påska 1918 fekk den revolusjonære opposisjonen fleirtal, og Kyrre Grepp vart vald til leiar.[24]

Meiningane i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Noreg offisielt var nøytralt, var det mange nordmenn som heldt med den eine eller den andre av dei krigførande maktene. I handels- og skipsfartsmiljøa langs kysten og blant yngre akademikarar hadde ein ofte i utgangspunktet sympati for Storbritannia, medan eldre akademikarar, embetsmenn og offiserar gjerne var knytte til Tyskland. Fleirtalet blant folket var nok ententevennlege, særleg fordi ein såg på Tyskland som den angripande parten i krigen. Den tyske ubåtkrigen, dei mange senkingane av norske handelsskip og dei store spionsakene førte òg til at mange nordmenn vart ententevennlige, sjølv om episodar slik som det britiske kolforbodet kunne føre til svingingar i stemninga. Blant dei intellektuelle var Christen Collin ein ivrig forkjempar for saka til ententen, medan Sigurd Ibsen, Fredrik Paasche, Hjalmar Christensen og Nils Kjær var tyskvennlige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Keilhau (1927), s. 1–3.
  2. Keilhau (1927), s. 3–4.
  3. Vogt (1938), s. 17.
  4. Keilhau (1927), s. 11–19.
  5. Keilhau (1927), s. 21.
  6. Keilhau (1927), s. 31.
  7. Keilhau (1927), s. 36–37.
  8. Keilhau (1927), s. 32–35.
  9. Vogt (1938), s. 58–62.
  10. Keilhau (1927), s. 153–78.
  11. Vogt (1938), s. 130–140.
  12. Dette er kvinnene som deltok under første verdenskrig, Aftenposten, 11.09.14
  13. Keilhau (1927), s. 61–62.
  14. Vogt (1938), s. 103–105.
  15. Vogt (1938), s. 107–108.
  16. Vogt (1938), s. 147.
  17. Vogt (1938), s. 146–148.
  18. Observer!. Norge, Akershus, Sandvika. 25. juli 1916. 
  19. Til Bærums provianteringsraad. Norge, Akershus, Sandvika. 25. juli 1916. 
  20. Vogt (1938), s. 122–126.
  21. Vogt (1938), s. 64–72.
  22. Vogt (1938), s. 142–157.
  23. Vogt (1938), s. 80.
  24. Vogt (1938), s. 161.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Keilhau, Wilhelm: Noreg og verdskrigen. Oslo: Aschehoug, 1927.
  • Vogt, Per: Jerntid og jobbetid. Ei skildring av Noreg under verdskrigen. Oslo: Johan Grundt Tanum, 1938.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Christensen, Chr. A. R.: Vårt folks historie, bind VIII. Fra verdenskrig til verdenskrig. Oslo: Aschehoug, 1961.
  • Fasting, Kåre: Nils Claus Ihlen. Oslo: Gyldendal, 1955.
  • Fuglum, Per: Norges historie, bind 12. Norge i støpeskjeen 1884–1920. Oslo: Cappelen, 1978.
  • Fuglum, Per: Én skute – én skipper. Gunnar Knudsen som statsminister. Trondheim: Tapir, 1989.
  • Hambro, C. J.: Under den første verdenskrig. Oslo: Gyldendal, 1958.
  • Keilhau, Wilhelm: Det norske folks liv og historie gjennem tidene, bind X. Tidsrummet fra omkring 1875 til omkring 1920. Oslo: Aschehoug, 1935.
  • Kjelstadli, Knut: Aschehougs Norgeshistorie, bind 10. Et splittet samfunn 1905–35. Oslo: Aschehoug, 1994.
  • Riste, Olav: The neutral ally : Norway's relations with belligerent powers in the first world war. Oslo: Universitetsforlaget, 1965.
  • Brøgger, Kr. Fr.: Gullfeber, En Advokats Optegnelser fra siste Jobbetid Oslo: Aschehoug & Co, 1932:
Nettstader