Purpendicular
Purpendicular Studioalbum av Deep Purple | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. februar 1996[1] | |
Innspelt | Februar – oktober 1995 | |
Studio | Greg Rike Productions, Altamonte Springs, Florida | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 62:16 | |
Selskap | RCA | |
Produsent | Deep Purple | |
Deep Purple-kronologi | ||
---|---|---|
The Battle Rages On... (1993) |
Purpendicular | Abandon (1998)
|
Singlar frå Purpendicular | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Blogcritics | (positiv)[3] |
Collector's Guide to Heavy Metal | 10/10[4] |
Purpendicular er det femtande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i 1996. Det er deira første album med gitaristen Steve Morse frå Dixie Dregs, som erstatta Ritchie Blackmore.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn på Greg Rike Productions, Orlando i Florida frå februar til oktober 1995 og lydteknisk tilrettelagt av Darren Schneider og Keith Andrews. Det hadde ei meir eksperimentell tilnærming enn tidlegare album. Arrangementet til «The Aviator», nytta eit akustisk folk/country-arrangement som ikkje hadde vore å høyra på tidlegare album av bandet sidan «Anyone's Daughter» frå Fireball. På fleire av låtane, som «Vavoom: Ted the Mechanic», var det mindre klaverspel og meir gitar. Morse introduserte klypeharmonikk i lydbiletet til bandet, som på «Vavoom: Ted the Mechanic» og «Somebody Stole My Guitar».[5] «Sometimes I Feel Like Screaming» og «Vavoom: Ted the Mechanic» heldt fram med å vere faste innslag i Deep Purples-setlista på dei siste turneane.
Til liks med tittelen på det etterfølgjande albumet til bandet, Abandon, er Purpendicular eit ordspel, i dette tilfellet basert på namnet til bandet og ordet «Perpendicular».
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Steve Morse, Ian Paice.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Vavoom: Ted the Mechanic» | 4:16 |
2. | «Loosen My Strings» | 5:57 |
3. | «Soon Forgotten» | 4:47 |
4. | «Sometimes I Feel Like Screaming» | 7:29 |
5. | «Cascades: I'm Not Your Lover» | 4:43 |
6. | «The Aviator» | 5:20 |
7. | «Rosa's Cantina» | 5:10 |
8. | «A Castle Full of Rascals» | 5:11 |
9. | «A Touch Away» | 4:36 |
10. | «Hey Cisco» | 5:53 |
11. | «Somebody Stole My Guitar» | 4:09 |
12. | «The Purpendicular Waltz» | 4:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «(tomt spor)» | |
14. | «Don't Hold Your Breath» | 4:39 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Don't Hold Your Breath» | 4:40 |
14. | «Sometimes I Feel Like Screaming» (singelversjon) | 4:35 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Deep Purple
- Ian Gillan – solovokal, munnspel
- Steve Morse – gitar, korvokal[6]
- Jon Lord – klaverinstrument
- Roger Glover – bass
- Ian Paice – trommer
- Produksjon
- Darren Schneider, Keith Andrews – lydteknikarar, miksing i Parc Studios, Orlando, Florida
- Adam Barber – assisterande lydteknikar
- Greg Calbi – mastering i Masterdisk, New York
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1996) | Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] | 16 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[8] | 47 |
Nederlandske album (MegaCharts)[9] | 87 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[10] | 9 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[11] | 20 |
Ungarske album (MAHASZ)[12] | 17 |
Den japanske albumlista (Oricon)[13] | 28 |
Norske album (VG-lista)[14] | 30 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[15] | 3 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[16] | 17 |
Britiske album (OCC)[17] | 58 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Purpendicular» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Purpendicular».
- ↑ Miller, Glen. Purpendicular på Allmusic
- ↑ Bowling, David (14. februar 2017). «Music Review: Deep Purple – Purpendicular». Blogcritics. Henta 14. februar 2017.
- ↑ Popoff, Martin (1. august 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 109–110. ISBN 978-1-894959-62-9.
- ↑ Ladano, Mike (14. januar 2015). «Review: Deep Purple - Purpendicular (1996 US bonus track)». Mike Ladano.com. Henta 14. februar 2017.
- ↑ «Steve Morse». Deep Purple (på engelsk). 21. september 2010. Henta 13. april 2020.
- ↑ "Deep Purple - Purpendicular" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple – Purpendicular" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple – Purpendicular". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple: Purpendicular" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Purpendicular" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
- ↑ "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ "Deep Purple – Purpendicular". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple – Purpendicular". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple – Purpendicular". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
- ↑ "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.