Røyrmjølkeanlegg
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/Sampford_Farm_Dairy._-_geograph.org.uk_-_1215089.jpg/220px-Sampford_Farm_Dairy._-_geograph.org.uk_-_1215089.jpg)
Røyrmjølkeanlegg er eit vidareutvikling av mjølkemaskina. I staden for å samla opp mjølka i ein separat behaldar for kvar einskild ku, har slike anlegg røyr som mjølka blir transportert gjennom til ein mjølketank av rustfritt stål i mjølkebua[1][2]. Dei har og røyr som forbind mjølkeorgana med ei sentralt plassert vakumpumpe. Ein slepp difor å bera mjølka frå kufjøset til mjølkebua. I store besetningar fører dette til at ein spara mykje arbeid. Ein kan òg nytta fleire mjølkeorgan samstundes og få mjølkinga snøggare unnagjort. Arbeidsprinsippet for mjølkeorgana er skildra i artikkelen kalla mjølkemaskin.
Røyrmjølkeanlegg må dimensjonerast rett for å fungera godt, og dei stiller stor krav til reingjering og desinfisering etter bruk[1]. I dei seinare åra har overgangen til lausdrift ført til at mjølkerobotar har teke over frå røyrmjølkeanlegga.