Potetsettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein åtterands potetsettar.

Potetsettar er ein traktormontert jordbruksreiskap som vert nytta for å ala render, setta potet i dei og dekkja over poteten med jord. Tidlegare vart potetsetting utført i fleire arbeidsoperasjonar: aling av renner, setting og tildekking. Før ein tek til med potetsetting er det viktig at åkeren er horva, slik at jorda er laus.

Potetsettarar blir produserte i ulike storleikar som set frå to til seks renner samstundes[1].

Halvautomatiske maskiner[endre | endre wikiteksten]

Nokre små maskinar er halvautomatiske, slik at det trengst ein person til å plassera potetane i eit sokalla setterøyr, som fører dei ned til fora. Dei er ikkje like vanlege i dag som for nokre tiår sidan. Men på små bruk kan dei vera brukbare.

Heilautomatiske maskinar[endre | endre wikiteksten]

Større maskiner er så godt som alltid automatiske. Dei kan grovt delast inn i to hovudtypar: elevator- og setthulsmaskiner.

Elevatormaskiner[endre | endre wikiteksten]

Desse har eit elevatorkjede med opne koppar, med diameter på 50-60 mm[2], for kvar rand. Når kjedet er i rørsle vil koppane ta med seg potetar frå ein behaldar og plassera dei i rennene. Avstanden mellom potetane i randa. kan tilpassast ved å endra farten til kjedet.

Settehjulsmaskiner[endre | endre wikiteksten]

Desse har eit eit stort hjul, utstyrt med klyper eller kammar som fører potetane frå behaldaren og ned i fåra[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,
  2. 2,0 2,1 E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974