Kornhaustarvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gallisk kornhaustarvogn.
Illustrasjon av vogna.
Fragment som syner fremre delen av vogna og ein mann som ser ut til å skuva aksa inn i vogna.

Kornhaustarvogn syner til ei historisk jordbruksmaskin som gallarane skal ha nytta i antikken[1][2][3]. Den romerske historikaren Plinius den eldre skreiv i år 70 at gallarane nytta to-hjulsvogner drivne fram av ein okse eller eit esel med tenner i framkant som reiv av kornaksa, som vart liggande i vogna. Tre hundreår etter Plinius skreiv Palladius om ei fungerande kornhaustarvogn.

Arkeologiske funn[endre | endre wikiteksten]

Plinus skreiv mykje om romersk jordbruk, men han blanda inn fantasifulle skildringar av mytologiske vesen, noko som førte til at det ikkje vart festa lit til forteljinga om kornhaustarvogna. Men i samband med arkeologiske utgravingar i Buzenol i Luxemburg i 1958 vart det funne ein teikning inngravert i fundamentet til ei festning som synte ei vogn som stemte med skildringa til Plinius[1]. Buzenol-teikningane var i god stand og gjorde det muleg å forstå fragment av teikningar rissa inn i andre steinar oppdaga tidlegare, mellom anna eit fragment funne i Arlon i 1854[2]. Desse teikningane synte at det gjekk ein mann attmed vogna med ein riveliknande reiskap og reiv av aksa som var fanga mellom tindane og skuva dei inn i vogna. Ein trur at breidda på vogna var 1,2-1,4 m.

Rekonstruksjonar[endre | endre wikiteksten]

L’Université Libre de Bruxelles bygde ein kopi av Buzenol-vogna ut frå teikningen og kom fram til at vogna kunne hausta sprøtt korn, som spelt[2]. Den tyske landbruksorganisasjonen DLG bygde òg ein kopi av Buzenol-vogna, men på grunn av at dei hadde laga trekanta tenner fungerte ho ikkje like godt[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 G. Quick og W. Buchele, The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978
  2. 2,0 2,1 2,2 P. Germain, La moissonneuse trévire, Mediardenne, 2007.
  3. P. Chuksin, History of Gallic reaper, Generator, 23. januar 2006.