Rundballklemme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rundballklemme montert på frontlastar.

Rundballklemme er ein traktorreiskap som vert nytta til å transportera, flytta og stabla rundballar. Dei har hydrauliskt opererte klyper som held fast ballane medan dei vert handsama eller transporterte. Det finst ulike typar, men dei fleste har to armar i kvar klype. Klypene er runde for at dei ikkje skal skada plasten som rundballane er pakka inn i. Rundballklemmer er ofte monterte på frontlastarar, men dei kan og monterast på små hjullastar eller teleskoplastarar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]