Risknusar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frontmontert risknusar.

Risknusar er ei traktormontert jordbruksmaskin som knusar potetkålen før han poteten vert hausta. Maskinane har ein roterande aksling, med kjettingar, knivar eller gummistavar som knusar potetkpen[1]. Dei blir drivne frå kraftuttaket på traktoren og roterer omlag 1.500 o/min[1]. Restane av kålen hamnar på åkeren, der dei vert til næring. Om ein knusar kålen ei stutt tid før opptaking fører det til snøggare modning av poetetane.[treng kjelde]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.