Grubber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Grubber.

Grubber er ein jordbruksmaskin som vert nytta for å løysa opp hardpakka jord. Grubberar vert monterte i trepunktsopphenget på ein traktor og har kraftige stive framoverretta tindar som går ned i jorda og løftar og knuser ho. Tindane har etter måten stor avstand og arbeidsdjupna er på 40 til 50 cm. Endane på tindane har utskiftbare skjer som løftar og knuser jorda.

For å få best resultat vert grubbing utført når jorda er tørr og hard og ein bør køyra på tvers av pløyeretninga. Det trengst kraftige traktorar for grubbing. For ein til tre-tinds grubbar bør ein nytta ein traktor med ei effekt på rundt 80 kW [1]. For store grubbarar med opp til 10 tindar vert det ofte nytta beltetraktorar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bell, B., Farm machinery, Farming press, 4. utg., 1996.