Steinplukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grimme CombiStar CS 1500 steinplukkar i arbeid i Nord-Lincolnshire i England.
Foto: David Wright
Kivi-Pekka steinplukkar i arbeid i Finland.

Steinplukkar er ei jordbruksmaskin som fjernar småstein frå åkerjord. Steinplukkaren vert slepa etter ein traktor og har skjer eller kraftige tindar som løftar stein frå jorda inn på eit transportbelte (elevator) som fører steinen opp i ei korg bak på maskina, eller over i ein tilhengar dregen av ein annan traktor som køyrer attmed steinplukkaren. Transportbandet er utført som ein soll, for at jorda skal detta gjennom og ikkje verta fjerna saman med steinen[1].

Småstein som ligg i overflata vert varma opp av solljoset og kan avgje varme til jorda etter at sola har gått ned om kvelden. I tidlegare tider meinte ein at ein kunne auka veksten ved å spreie småstein på åkeren[2], men då jordbruket vart mekanisert førte småsteinen til høg slitasje og øydeleggingar på maskinene og ein tok til å fjerna steinen frå åkrane. Heilt fram til 1970-talet vart dette arbeidet utført manuelt, noko som var arbeidskrevjande og difor dyrt. Sjølv om ein hadde fjerna overflatesteinen på ein åker kom det ny stein opp til overflate kvar gong åkeren eller enga vart pløgd på nytt. Telen førte òg ny stein opp overflata, så sjølv om steinplukking reduserte steinmengda vart det aldri heilt steinfritt. På 1970-talet kom dei fyrste steinplukkarane for traktor og på større bruk gjekk ein etter kvart over til mekanisk steinplukking.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. C. Culpin, Farm machinery, Granada, 10. utg. 1981.
  2. Krokann, I., Det store hamskiftet i bondesamfunnet, Cappelens forlag, 1942.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]