Vatningsutstyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tilførselsrøyr på trommen og sirkelspreiar.

Vatningsutstyr for åker og eng er utstyr som blir nytta for tilføra vatn i periodar med for lite nedbør. Medan kunstig vatning i tidlegare tider ofte var basert på kanalar og trerenner nyttar ein i dag omtrent berre røyr under trykk for å føra fram vatnet. Om det er nok fall treng ein ikkje pumpe, men når ein hentar vatnet frå ei vasskjelde som ligg på same nivå eller lågare enn arealet som skal vatnast lyt ein bruka pumpe. Der ein har tilgang på elektrisk energi er det best å nytta ein elektrisk motor, som oftast ein induksjonsmotor, for å driva pumpa. Om ein ikkje har tilgang på elektrisk energi kan ein nytta ein traktor eller ein stasjonærmotor for å driva pumpa, men det krev meir tilsyn enn elektrisk drift. Hovedtilførselsrøyret kan leggast i jorda om vatningssesongen er lang, men det er òg vanleg å nytta eit fleksibelt plastrøyr som blir dregen ut frå ein stor trommel.

Sirkelspreiarar[endre | endre wikiteksten]

Sirkelspreiarar med tilførsek gjennom faste overflaterøyr.
Sirkelspreiar.

Den vanlegaste spreiartypen er sirkelspreiaren, òg kalla dreiestrålespreiar. Han er sett saman av eit stålrør med eit munnstykke, dyse og ein dreiemekanisme. Spreiaren er montert på eit stativ, som står på tre eller fire bein. Strålerøret dannar ein vinkel på 30°-35° med horisontalplanet, men på små spreiarar for bruk i frukthagar kan vinkelen vera så liten som 12° eller 6°[1]. Dreiemekanisme er driven av vasstrykket i tilførselsrøret og startar av seg sjølv nå trykket blir sett på. Nokre spreiarar har ein innstillbar vendar, som gjer det mogleg å vatna berre ein del av sirkelen. Vanleg dysestorleik på store spreiarar er 8-22 mm, som gjev ein regnintensitet på 8-15 mm/time[1]. På små spreiarar er det vanleg med ein dysestorleik på 4-7 mm, som gjev ein regnintensitet på 2-3 mm/tim. Store spreiarar lyt difor flyttast kvat 15. time, medan små spreiarar kan stå på heile døgnet[1].

Sjølvflyttande anlegg[endre | endre wikiteksten]

Sjølvflyttande spreiarar som blir dreven ved at tilførselsrøyret vert sula opp på ein stasjonær trommel.

På flat mark kan ein nytta sjølvflyttande anlegg, og kalla «vatningsvogn». Ein type blir sakte dregen etter tilførselsrøyret, ved at dette blir sula opp på ein stor stasjonær trommel, driven av ein elektrisk motor eller ein liten forbrenningsmotor. Men det er òg muleg å nytta ein vassmotor, driven av vasstrykket. Tilførselsrøyret må vera fleksibelt, så det er laga av ei eller anna form for plast. Slike anlegg er utstyrte med automatisk stopp, som hindrar at spreiaren kolliderer med trommelen. Når spreiaren har nådd trommelen må han flyttast til ei ny stripe. Det kan vera tungt å dra ut tilførselsrøyret frå trommelen, men ein nyttar gjerne ein liten traktor til dette.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 1974.