Avlessarvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avlessarvogn som lossar mais.

Avlessarvogn er ein traktortilhengar som er utstyrt for å lessa av lasset utan å tippa platten. Det finst ulike typar:

  • Skuvavlessing: desse har ein gavl, eller brett, som blir skuva attover av ein hydraulisk sylinder.
  • Belteavlessing: desse har eit transportbelte i botnen som flyttar heile lasset attover.
  • Skrueavlessing: desse er smalare i botne, og det er plassert ein arkimedesskrue i botnen, som er open på oversida. Når skruen roterer dreg han med seg lasta attover.

Nokre har eit elevatorbelte i bakkant, som løftar materialet slik at det kan leggast av på eit transportband. Føremonen med avlessarvogner er at dei kan tømmast meir kontrollert enn ein kan ved å titta av lasset. I Noreg vert dei ofte nytta for transport av gras, i samband med forhaustar, men etetr at det vart vanleg å pressa graset til rundballar har bruken avteke[1]. I andre europeiske land er blir det òg nytta for mais og andre forplanter.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. R. Heieren, Avlesservogna vender tilbake Arkivert 2021-05-19 ved Wayback Machine., Traktor, 26. oktober 2018.