Gulrotopptakar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulrotopptakarar produserte av SIMON, den til venstre har ein elevator som fører gulrøtene direkte over til tilhengaren på ein traktor som kjører attmed opptakaren, medan den til høgre samlar gulrøtene i ein behaldar.

Gulrotopptakar er ei jordbruksmaskin som haustar gulrøter. Det finst to hovudtypar. Den eine typen er sokalla «toppløftarar», som har to gummibelte som tek tak i kålen på plantene og lyftar dei ut av jorda. Gulrøterne blir så ført inn i maskina, der knivar skjer av kålen. Den andre typen har skiver som går ned i jorda og lyfter plantene opp og inn på eit transportbelte. Kålen blir då skoren av medan gulrøtene står i jorda. Beltet er glissent for at jorda skal ramla gjennom. Jorda må vera etter måten tørr, slik at ho lettare ramlar av gulrøtene. Nokre maskinar har ein elevator som fører gulrøterne direkte over til tilhengaren på ein traktor som kjører attmed opptakaren, medan den til høgre samlar gulrøtene i ein behaldar, som så vert tippa over i ein tilhengar når han er full.

Gulrotopptakar blir produserte i mange storleikar, frå små maskinar som tek opp berre ei rand i gongen til store maskinar som tek opp opp til seks renner i gongen. Dei minste maskinane er ofte monterte i trepunktsopphenget på ein traktor, medan større maskiner har eigne hjul og blir dregne av ein traktor. Dei aller største er ofte sjølvgåande. Store sjølvgåande maskinar har fleire, ofte seks, hjul med lågt lufttrykk, for at dei ikkje skal siga ned i jorda og setta seg fast. Jorda må likevel vera relativt tørr for å bera maskinane. Dei største maskinane er kostbare og blir ofte kjøpt av entrepenørar, som tek på seg haustinga for mange dyrkarar. Investeringskostnadane kan då fordelast på fleire gardsbruk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]