Someday Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Someday Baby
Singel av Bob Dylan
frå albumet Modern Times
Utgjeve 29. august 2006
Innspelt Februar 2006
Sjanger Folkrock, blues
Lengd 4:55 (album), 3:07 (edit)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan (som Jack Frost)
Bob Dylan-kronologi
«Things Have Changed»
(2000)
Someday Baby «Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)»
(2007)


«Someday Baby» er ein song av Bob Dylan frå det 32. studioalbumet hans, Modern Times, spelt inn i februar 2006. Dylan vann Grammyprisen for beste rockesong med denne songen.[1]

Songen nådde 98. plassen på Billboard Pop 100-lista,[2]og var mykje med i ein iPod- og iTunes-reklame som kom kring tida då Modern Times kom ut tidleg i september 2006.

Songen er basert på «Trouble No More», ein folk/bluessong skriven av Muddy Waters og gjort populær av Allman Brothers Band, som igjen var basert på «Someday Baby Blues» av Sleepy John Estes og gjort populær av Big Maceo som «Worried Life Blues».

Ein altenativ versjon av songen, frå den same innspelinga, i eit meir langsamt tempo og anna arrangement og tekst, kom ut i 2008 på Dylan-samlinga The Bootleg Series Vol. 8 – Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006. Denne versjonen av songen hamna på 37. plassen på lista til Rolling Stone over dei hundre beste songane i 2008.[3]

Ei forkorta utgåve av albumsporet kom ut på ein promo-singel.[4]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plasserings[2]
U.S. Billboard Pop 100 98

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «GRAMMY.com - 49th Annual GRAMMY Awards Winners List». Grammy Award. Henta 18. desember 2018. 
  2. 2,0 2,1 References for chart positions:
  3. «The 100 Best Songs of 2008». Rolling Stone (25. desember 2008). Henta 2008-12-25
  4. «Bob Dylan Someday Baby USA Promo CD-R(ECORDABLE) (376554)». Henta 18. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]