Songen After the Gold Rush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
After the Gold Rush
Song av Neil Young
frå albumet After the Gold Rush
Språk engelsk
Utgjeve 19. september 1970
Innspelt mars-april, 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 3:45
Selskap Reprise
Komponist Neil Young
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
David Briggs

«After the Gold Rush» er ein song av Neil Young frå albumet med same namn frå 1970. I tillegg til After the Gold Rush, finst songen på Decade, Greatest Hits og Live Rust.

Teksten til songen omhandlar miljøet i form av eit draumesyn.[1] Dei tre versa er ofte kategorisert som stykke frå fortida, notida og framtida. Valthornsoloen i midten vert ofte erstatta av ein munnspelsolo frå Young når han spelar songen på konsertar. Linja «Look at Mother Nature on the run in the 1970s» er endra av Young for kvart ti år, slik at han no syng: «Look at Mother Nature on the run in the 21st century».

There was a band playing in my head
And I felt like getting high.
I was thinking about what a
Friend had said
I was hoping it was a lie.

Neil Young (1970)

Songen er spelt av mange andre artistar, mellom anna Prelude i 1974, som fekk ein hit med songen over heile verda. Andre artistar er Thom Yorke, k. d. lang, The Flaming Lips, Michael Hedges og Natalie Merchant. Emmylou Harris, Dolly Parton og Linda Ronstadt spelte songen på albumet Trio II i 1999. Parton spelte òg songen solo i 1996, men ho endra linja «I felt like getting high» til «I felt like I could cry» med løyve frå Neil Young). Thom Yorke spelte stundom songen solo under Radiohead-konsertar i 2003. Songen er òg spelt på konsertar av Tori Amos, Dave Matthews og Nana Mouskouri.

Dolly Parton sa at då ho lagde hennar versjon av songen i lag med Harris og Ronstadt, så lurte dei på kva teksten betydde. Dei ringte Neil Young, men han visste ikkje: «Hm, eg veit ikkje. Eg berre skreiv han. Det kjem an på kva eg tok på den tida. Eg trur kvart vers var noko forskjellig eg hadde teke.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sally K. Slocum (1992), Popular Arthurian traditions, s. 105 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]