Young Americans
Young Americans Studioalbum av David Bowie | ||
Utgjeve | 7. mars 1975 | |
Innspelt | August til november 1974 i Sigma Sound Studios, Philadelphia; Januar 1975 i Electric Lady Studios i New York | |
Sjanger | Soul, funk, rock | |
Lengd | 40:32 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Tony Visconti, David Bowie og Harry Maslin | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
David Bowie-kronologi | ||
David Live (1974) |
Young Americans | Station to Station (1976)
|
Young Americans er det niande albumet til David Bowie, gjeven ut på RCA Records i 1975. Bowie gjorde her ei brå og sjokkerande musikalsk vending, og byta ut glamrocken frå dei førre albuma med Philadelphia-soul med mellom anna ein ung og ukjend Luther Vandross som korist. I eit intervju i Playboy i 1976 skildra Bowie Young Americans som den definitive plastikksoul-plata. Ho er den skviste resten av etnisk musikk som har overlevd Muzak-rock, skriven og sungen av ein kvit brite."[4]
Young Americans inneheld den første singelen hans som gjekk til topps i USA, «Fame», som vart skriven i lag med John Lennon (som òg medverka på bakgrunnsvokal) og ein av gitaristane til Bowie, Carlos Alomar. Ein annan påverknad frå The Beatles kom fram i opningssongen, «Young Americans», der dei kvinnelege korsongarane syng ei tekstlinje frå «A Day in the Life». I tillegg spelar Bowie Beatles-songen «Across the Universe». Det er òg første gong rytmegitarist Carlos Alomar spelar med Bowie. Han vart etter kvart fast i backingbandet hans.[5]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Young Americans» | 5:10 |
2. | «Win» | 4:44 |
3. | «Fascination» (Bowie, Luther Vandross) | 5:43 |
4. | «Right» | 4:13 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Somebody Up There Likes Me» | 6:30 |
6. | «Across the Universe» (John Lennon, Paul McCartney) | 4:30 |
7. | «Can You Hear Me» | 5:04 |
8. | «Fame» (Bowie, Carlos Alomar, Lennon) | 4:12 |
Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]
Albumet har vorte gjeve ut på CD fire gonger, og den første gongen av RCA i 1984, den andre i 1991 av Rykodisc (med tre bonusspor), den tredje var i 1999 av EMI (med nymastra lyd utan bonusspor). Fjerde gongen var på PAL DVD 19. mars 2007, med betre lydoppløysing og lydmiks i 5.1 kringlyd. I tillegg hadde utgåva dei same bonusspora som på Rykodisc-utgåva og videoklipp frå TV-showet til Dick Cavett.
Bonusspor 1991[endre | endre wikiteksten]
- «Who Can I Be Now?» – 4:35
- «It's Gonna Be Me» – 6:29
- «John, I’m Only Dancing (Again)» – 6:58
Bonusspor 2007[endre | endre wikiteksten]
- «John, I’m Only Dancing (Again)»
- «Who Can I Be Now?»
- «It's Gonna Be Me» (alternativ versjon med strykarar)
- «1984» (frå Dick Cavett Show, berre på DVD)
- «Young Americans» (frå Dick Cavett Show, berre på DVD)
- «Dick Cavett intervjuar David Bowie» (berre på DVD)
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- David Bowie – Vokal, gitar, piano
- Carlos Alomar – gitar
- Mike Garson – piano
- David Sanborn – saksofon
- Willie Weeks – bass bortsett frå «Across the Universe» og «Fame»
- Andy Newmark – trommer bortsett frå «Across the Universe» og «Fame»
- Larry Washington – conga
- Pablo Rosario – perkusjon
- Ava Cherry, Robin Clark, Luther Vandross – korist
- John Lennon – vokal, gitar på «Across the Universe» og «Fame»
- Earl Slick – gitar på «Across the Universe» og «Fame»
- Emir Kassan – bass på «Across the Universe» og «Fame»
- Dennis Davis – trommer på «Across the Universe» og «Fame»
- Ralph McDonald – perkusjon på «Across the Universe» og «Fame»
- Jean Fineberg – korist på «Across the Universe» og «Fame»
- Jean Millington – korist på «Across the Universe» og «Fame»
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Young Americans (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Young Americans – Blender». Blender. Henta 6. mai 2011.
- ↑ Gareth Grundy Q, Mai 2007, Issue 250.
- ↑ Stephen Troussé Uncut, April 2007, Issue 119.
- ↑ «Interview with David Bowie». Playboy. September 1976.
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.72-73