Melodi Grand Prix 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2009
Alexander Rybak og Frikar i Skien.jpg
Dato
Delfinale 1 24. januar 2009
Delfinale 2 31. januar 2009
Delfinale 3 7. februar 2009
Sistesjansen 14. februar 2009
Finale 21. februar 2009
Vertskap
Delfinale 1 Kongsvinger
Delfinale 2 Bodø
Delfinale 3 Skien
Sistesjansen Ålesund
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Per Sundnes og Maria Haukaas Storeng
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 21 (8 i finalen)
Vinnar
Song «Fairytale»
Artist Alexander Rybak
Resultat i Eurovision Song Contest 2009
Semifinalepoeng 201
Semifinaleplass 1.
Finalepoeng 387
Finaleplass 1.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2008 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2010

Melodi Grand Prix 2009 var den 47. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 21. februar 2009 i Oslo Spektrum. Den suverene vinnaren blei «Fairytale», framført og skriven av Alexander Rybak. Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva, der han vann andre semifinale og kvalifiserte seg til finalen. «Fairytale» vann også finalen, og dette var Noregs tredje siger i Eurovision Song Contest. Dei to førre var i 1985 og 1995.

Sendingane[endre | endre wikiteksten]

For fjerde år på rad bestod Melodi Grand Prix av tre delfinalar, Siste sjanse og ein finale. 21 songar deltok i tevlinga, noko som var ny rekord. Det var sju songar i kvar delfinale, og dei to beste gjekk rett til finalen i Oslo Spektrum laurdag 21. februar. Tredje- og fjerdeplassane og to av dei utslåtte låtane fekk ei ny moglegheit i Siste sjanse laurdag 14. februar. NRK produserte sendingane i samarbeid med produksjonsselskapet Dinamo Story, og prosjektleiar Stian Malme i NRK sa at dei ønskte å gjere tevlinga større, proffare og meir populær.[1]

Låtar og deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Det kom inn 350 bidrag i den opne konkurransen, og NRK kravde at minst 50 prosent av bidraget måtte vere skriven av nordmenn.[2] Fleire kjende musikarar sende inn låtar, blant dei var Trond Andreassen frå Ricochets og Mariann Thomassen frå Surferosa som begge meinte at Melodi Grand Prix var blitt meir stovereint og «mykje betre» dei siste åra.[3] Musikarar som Marte Wulff, Simone Larsen og Christian Ingebrigtsen var også blant låtskrivarane.

Blant artistane var det ikkje like mange kjende, men Wenche Myhre var attende for første gong sidan 1992. Bandet Surferosa, den tidlegare barnestjerna Anita Hegerland og Idol-deltakaren Tone Damli Aaberge var andre kjende andlet i startfeltet.

Delfinalane og ny Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Dei tre delfinalane blei arrangerte i Kongsvingerhallen i Kongsvinger, Bodø Spektrum i Bodø og Skien fritidspark i Grenland. Siste sjanse blei arrangert i Sunnmørshallen i Ålesund. Per Sundnes og fjorårets vinnar, Maria Haukaas Storeng, var programleiarar for alle sendingane.

Dette året gjorde NRK om på Siste sjanse. Sendinga blei ei stor direktesending på linje med delfinalane, og med åtte deltakarlåtar. Dette var tredje- og fjerdeplassane i dei tre delfinalane. I tillegg røysta VGs lesarar fram eit av dei utslåtte bidraga, medan den siste songen var den som hadde fått flest telefonrøyster av dei resterande utslåtte bidraga. Bidraget «Alt har en mening nå» var ikkje med i denne røystinga, fordi Wenche Myhre hadde ein spelejobb som kolliderte med Siste sjanse.[4] Dei åtte songane i Siste sjanse kjempa mot kvarandre i ein cupduell, og til slutt stod to bidrag igjen. Dei slo følgje med første- og andreplassane i kvar delfinale, slik at det til saman blei åtte songar i finalen.

Resultatet i alle delfinalane og Siste sjanse blei avgjort av sjåarane sine røyster. I finalen røysta sjåarane fram fire låtar til gullfinalen. Resultatet i gullfinalen blei avgjort av tre fagjuryar i kombinasjon med telefon- og SMS-røystene. I røystinga i gullfinalen knuste Alexander Rybak all motstand og fekk over seks gonger fleire røyster enn andreplassen. Dette er den mest knusande sigeren i Melodi Grand Prix si historie.[5]

Resultatet i finalen[endre | endre wikiteksten]

Oslo Spektrum, Oslo, laurdag 21. februar 2009

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Two of a Kind» Espen Hana Trond Andreassen Andreassen og Christian Bloom Uplassert
2 «Seven Seconds» Ovi Simone Larsen og Simen Eriksrud Uplassert
3 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen Gullfinale
4 «Find My Girl» Alexander Stenerud Alexander Stenerud Gullfinale
5 «Tricky» Velvet Hanne Sørvaag, N2, Niklas Bergwall og Niclas Kings Uplassert
6 «Fairytale» Alexander Rybak Alexander Rybak Gullfinale
7 «Det vart en storm» Thomas Brøndbo Svein Gundersen Rolf Mokkelbost Uplassert
8 «Butterflies» Tone Damli Aaberge David Eriksen Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre Gullfinale

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
3 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen 62 683 4
4 «Find My Girl» Alexander Stenerud Alexander Stenerud 73 080 3
6 «Fairytale» Alexander Rybak Alexander Rybak 747 888 1
8 «Butterflies» Tone Damli Aaberge David Eriksen Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre 121 856 2

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og sjåarane sine telefonrøyster. Dei tre delfinalebyane og Siste sjanse-byen hadde kvar sin fagjury som gav 2 000, 4 000, 6 000 og 8 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei telefon- og SMS-røystene presenterte. Røystene blei delte inn i fem geografiske regionar ut frå kor i landet røystene blei gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[6]

Nr. Tittel Kongsvinger Bodø Grenland Ålesund Nord-Noreg Vest-Noreg Midt-Noreg Sør-Noreg Austlandet Totalt
3 «Te stein» 2 000 6 000 2 000 2 000 6 630 3 702 8 945 7 937 23 469 62 683
4 «Find My Girl» 4 000 2 000 4 000 4 000 3 790 5 432 8 135 10 993 30 730 73 080
6 «Fairytale» 8 000 8 000 8 000 8 000 42 211 60 679 101 381 132 683 378 934 747 888
8 «Butterflies» 6 000 4 000 6 000 6 000 5 631 9 698 16 040 18 829 49 658 121 856

Delfinalane[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]

Kongsvingerhallen, Kongsvinger, laurdag 24. januar 2009

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «U Look Good» Surferosa Surferosa og Lars-Erik Westby Mariann Thomassen Siste sjanse
2 «Men, Men, Men!» Chicas del Coro Hilde Marstrander Ute
3 «Party» KeSera med Anita Hegerland Robin Nordahl og Thomas Ewel KeSera Siste sjanse*
4 «Two of a Kind» Espen Hana Trond Andreassen Trond Andreassen og Christian Bloom Siste sjanse
5 «Sweeter Than a Kiss» Charite Christian Ingebrigtsen og Laila Samuelsen Ute
6 «Det vart en storm» Thomas Brøndbo Svein Gundersen Rolf Mokkelbost Finale
7 «Tricky» Velvet Hanne Sørvaag, N2, Niklas Bergwall og Niclas Kings Finale

* «Party» var ikkje blant dei fire beste, men fekk likevel ei ny moglegheit i Siste sjanse sidan låten hadde flest røyster blant dei åtte utslåtte låtane i dei tre delfinalane som var med i røystinga.

Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]

Nordlandshallen, Bodø, laurdag 31. januar 2009

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Alt har en mening nå» Wenche Myhre Thomas Thörnholm, Michael Clauss og Danne Attlerud Jan Vincent Johannessen Ute
2 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen Siste sjanse
3 «Ride» Tine Wulff Marte Wulff Ute
4 «Find My Girl» Alexander Stenerud Alexander Stenerud Finale
5 «(Like You Did) Yesterday» Janni Santillan Janni Santillan Siste sjanse
6 «Like An Angel» Julius Winger Julius Winger og Ole Jørgen Olsen Ute
7 «Butterflies» Tone Damli Aaberge David Eriksen Tone Damli Aaberge og Mats Lie Skåre Finale

Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]

Grenlandshallen, Skien, laurdag 7. februar 2009

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «LeftRight» Sichelle Mats Lie Skåre Ute
2 «Soul Train» The Rebelettes The Rebelettes Ute
3 «Seven Seconds» Ovi Simone Larsen og Simen Eriksrud Finale
4 «Shuffled» Jane Helen Jane Helen Christine Litlekalsøy Siste sjanse
5 «Do It Again» Foxy Hanne Sørvaag og Harry Sommerdahl Siste sjanse**
6 «Carrie» Sunny Solgunn Ivana Valstad og Hans Petter Aaserud Siste sjanse
7 «Fairytale» Alexander Rybak Alexander Rybak Finale

** «Do It Again» var ikkje blant dei fire beste i Delfinale 3, men fekk likevel ei ny moglegheit sidan VGs lesarar røysta han fram som siste bidrag til Siste sjanse laurdagen etter.

Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Sunnmørshallen, Ålesund, laurdag 14. januar 2009

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «U Look Good» Surferosa Surferosa og Lars-Erik Westby Mariann Thomassen Ute andre runde
2 «Two of a Kind» Espen Hana Trond Andreassen Andreassen og Christian Bloom Finale
3 «Te stein» Publiners Bertil Bertelsen Olav Nygaard, Morten Horn og Ronny Bertelsen Finale
4 «(Like You Did) Yesterday» Janni Santillan Janni Santillan Ute første runde
5 «Shuffled» Jane Helen Jane Helen Christine Litlekalsøy Ute andre runde
6 «Carrie» Sunny Solgunn Ivana Valstad og Hans Petter Aaserud Ute første runde
7 «Party» KeSera med Anita Hegerland Robin Nordahl og Thomas Ewel KeSera Ute første runde
8 «Do It Again» Foxy Hanne Sørvaag og Harry Sommerdahl Ute første runde

Resultatet av Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Runde 1 Runde 2 Til finalen
                   
         
  «Party» – KeSera med Anita Hegerland Ute
 
  «Two of a Kind» – Espen Hana Vidare  
  «Two of a Kind» – Espen Hana Vinnar
 
    «U Look Good» – Surferosa Ute  
  «(Like You Did) Yesterday» Janni Santillan Ute
 
  «U Look Good» – Surferosa Vidare  
  «Two of a Kind» – Espen Hana
 
    «Te stein» – Publiners
  «Carrie» – Sunny Ute
 
  «Te stein» – Publiners Vidare  
  «Te stein» – Publiners Vinnar
 
    «Shuffled» – Jane Helen Ute  
  «Do It Again» – Foxy Ute
  «Shuffled» – Jane Helen Vidare  

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Rybaks storsiger[endre | endre wikiteksten]

Den store snakkisen dette året var Alexander Rybak og «Fairytale». Rybak blei utropt til favoritt allereie før første delfinale, og då låtane blei slopne, fauk «Fairytale» til topps på alle veddemålslister, fan-rangeringar og internettrøystingar.[7][8]

Alexander Rybak deltok i den tredje delfinalen i Skien laurdag 7. februar. Der stilte han med kvit skjorte, svart vest og med den ikoniske fela si. Med seg på scena hadde han tre dansarar frå fridansgruppa Frikar og to koristar. Etter delfinalen gjekk «Fairytale» rett inn på ein 3. plass på VG-lista, og i finaleveka gjekk låten heilt til topps. Dette var første gong ein Melodi Grand Prix-låt toppa VG-lista før sjølve finalen.

I den norske finalen vann Rybak den mest knusande sigeren i Melodi Grand Prix nokon gong, og plateselskapa kom raskt på bana for å sikre seg kontrakt med Alexander Rybak. «Fairytale» blei liggjande på topp på VG-lista i åtte strake veker. Til saman låg låten heile 22 veker på lista, med ti veker som nummer ein. Dette er den største suksessen til ein norsk vinnar nokon gong.[9][10]

Protestar og sjåarsuksess[endre | endre wikiteksten]

Før finalen reagerte fleire av deltakarane sterkt på det dei meinte var urettvis handsaming av låtane. Det toppa seg då NRK brukte Tone Damli Aaberges «Butterflies» som kjenningsmelodi for VM-sendingane til Ski-VM i dagane før finalen i Oslo.[11] Espen Hana meinte det var lite gjennomtenkt av NRK og sa: «Det er helt hårreisende at NRK ikke skjønner selv at dette blir helt feil i forhold til de andre finalistene».[11] Også vinnaren Alexander Rybak meinte tevlinga var urettferdig og fekk støtte av 79 prosent av lesarane i ei røysting på VG Nett.[12] For å bøte på kritikken og for å gjøre det likt for alle finalistane, valde NRK å trekkje startrekkjefølgja i finalen. Dette blei gjort direkte på NRK2-programmet I kveld fire dagar før finalen.[13]

Oslo Spektrum var nærast utseld før finalen, og under sendinga var det ein ekstatisk stemning i salen, noko programleiarane peikte på fleire gonger.[6] Under røystinga nådde stemninga høgdepunktet sitt, då Alexander Rybak vann ein knusande siger over konkurrentane. Sendingane blei også store sjåarsuksessar, og 1 519 000 sjåarar fekk med seg finalen. Dette er framleis det høgaste sjåartalet for ein norsk finale sidan dei moderne tv-meter-målingane starta hausten 1992.[14] Sjåartala for delfinalane passerte også millionen, med høvesvis 1 032 000, 1 085 000 og 1 010 000 sjåarar. Siste sjanse samla 1 028 000 sjåarar.[15] Også pressa var positiv og meinte tevlinga hadde gjort et solid comeback og var blitt moro igjen.[16]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjørn, Camilla (17. desember 2008). «Klart for tidenes største MGP»VG Nett.
  2. Christian Jacobsen (24. januar 2010). «Askeladden Alexander». escnorge.net. Besøkt 10. august 2009.
  3. Jappée og Grønneberg, Gjermund og Anders (10. desember 2008). «– GP er blitt stuerent». Dagbladet. s. 56.
  4. Arnesen, Merete (6. februar 2009). «Du kan gi disse en ekstra MGP-sjanse»VG Nett.
  5. Henriksen, Arve (21. februar 2009). «Tidenes stemmeskred»Aftenposten.no.
  6. 6,0 6,1 «Melodi Grand Prix 2009 - nasjonal finale (2:2)». Norsk rikskringskasting. 21. februar 2009. Besøkt 9. august 2016.
  7. Jones, Michael (31. januar 2008). «Rybak er Grand Prix-favoritt»Side 2.
  8. Bjørn og Husby, Camilla og Marcus (24. februar 2009). «Hysteri blant GP-fans Europa rundt». Verdens Gang. s. 24.
  9. Bjørn, Camilla (19. februar 2009). «Bud-krig om GP-Rybak: – Fantastisk følelse». Verdens Gang. s. 34.
  10. «VG-lista for 'Fairytale'». Verdens Gang. Besøkt 10. august 2016.
  11. 11,0 11,1 Mari Ruus (17. februar 2009). «Melodi Grand Prix-finalister raser mot NRK». Verdens Gang. Besøkt 18. februar 2009.
  12. Ellingsen og Ruus, Elisabeth Breien og Mari (18. februar 2009). «MGP-favoritt: – Konkurransen har vært urettferdig»VG Nett.
  13. Bjørnskau, Hilde (17. februar 2009). «Finale-rekkefølgen trekkes i dag»nrk.no.
  14. Røyseland, Halstein (23. februar 2009). «1,5 mill så MGP-festen»VG Nett.
  15. Skau, Hanna Lisa (2. februar 2009). «MGP ga to rekorder»Avisa Nordland.
  16. Ringheim, Trude (20. februar 2009). «Vinneren er MGP»Dagbladet.no.