David Live

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Live
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 29. oktober 1974
Innspelt 10–13. juli 1974
Spelestad Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania
Sjanger
Lengd 81:06
Selskap RCA
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi
Diamond Dogs
(1974)
David Live Young Americans
(1975)
David Bowie-konsertalbum-kronologi
David Live Stage
(1978)
Singlar frå David Live
  1. «Knock on Wood»
    Utgjeve: September 1974

David Live er det første offisielle konsertalbumet til den engelske musikaren David Bowie, opphavleg gjeve ut på RCA Records i 1974. Det vart spelt inn i juli det året, under den andre delen av den amerikanske Diamond Dogs-turnéen i The Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania, ein forstad til Philadelphia. Bowie hadde hatt ein pause for å spele inn musikk for albumet Young Americans, og starta turneen på nytt, men kalla han då Philly Dog-turnéen. Denne delen av turneen vart meir soul-prega enn den første delen.

Albumet viste Bowie sin overgang frå Ziggy Stardust-perioden til «plastikksoul»-perioden hans på Young Americans. Sjølv om omslaget viste Bowie i «soul-klede» - ein kvit dress - var det framleis fleire songar frå 1972-1973 perioden. Turnéen var Bowie sin mest ambisiøse til då, og hadde ei gigantisk kulisse som skulle bringe fram «Hunger City», den post-apokalyptiske settinga på Diamond Dogs, og eit band leia av Michael Kamen. På songen «Space Oddity» song Bowie songen inn i ein mikrofon forma som ein telefon, medan han sat i ein stol som vart løfta ut over publikum. Ein av dei første rockumentarane gjennom tidene vart filma av Alan Yentob, Cracked Actor for BBC, frå turneen.

I 2005 vart albumet gjeve ut på ny med fire ekstra spor, etter å ha blitt grundig miksa på ny av Tony Visconti.[1]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Det var problem å spele inn konserten. Det meste av korvokalen, delar av saksofonen og pianosoloen for «Aladdin Sane» måtte spelast inn på nytt i studio (noko som står omtalt på plateomslaget), fordi lyden deira falt bort. I følgje platenotata: «Dette konsertalbumet var henta frå framføringa 14. og 15. juli 1974 i The Tower Theatre, Philadelphia. Det er komplett og eksakt. Det er ingen innspelingar i studio eller nyinnspelingar av røyster, instrument eller publikum, bortsett frå fleire bitar av korvokal fordi mikrofonen mista kontakten.» Det er òg noko forvirring kring datoane for innspelinga. I følgje Tony Visconti er dei korrekte datoane 11. og 12. juli 1974'.[2] I følgje samlaren Jens Döpke er dei første trykka av plata feil når det står 14. og 15. juli 1974. Desse datoane må vere feil fordi Bowie spelte på The Tower Theater seks kveldar på rad, frå 8. til 13. juli. På seinare utgåver står det 12. og 13. juli, som heller ikkje skal vere heilt korrekt. I følgje Döpkeer dei korrekte datoane 10. til 13. juli 1974.[treng kjelde] Det vart opprør bland bandet til Bowie bak scenen under The Tower Theater-konsertane. Dei vart informert kort tid før konsertane at dei kom til å bli tekne opp for eit konsertalbum, og at dei kom til å få standard betaling for eit konsertopptak (berre 70 dollar). Bandet konfronterte Bowie ein time før den første konserten og nekta å gå på scenen med mindre dei fekk 5 000 dollar kvar.[3]

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Blender2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Christgau's Record GuideC–[6]
The Encyclopedia of Popular Music1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
MusicHound3/5[8]
Pitchfork Media7.7/10[9]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[10]
Select4/5[11]

Det ferdige albumet er blitt kritisert for dei mange omarrangeringane av songane og for den anstrengte vokalen hans. Meiningar om kvaliteten på musikarane er òg delte, trass i anerkjende artistar som Michael Kamen, Earl Slick og David Sanborn, i tillegg til Herbie Flowers, Mike Garson og Tony Newman frå Diamond Dogs-innspelingane. Men somme tolkingar fekk ros, som den livlege jazz-latin-versjonen av «Aladdin Sane» og den atmosfæriske instrumentalen på «The Width of a Circle» frå The Man Who Sold the World. Plata er òg kjend for å vere første gongen Bowie gav ut «All the Young Dudes», ein song opphavleg gjeven til Mott the Hoople for albumet deira frå 1972 med same namn.

Mick Jagger kommenterte albumet på den tida og sa han syntest «Knock on Wood» var «forferdeleg». Jagger sa vidare «Om eg hadde fått slik kritikk som det albumet fekk, ville eg ærleg talt ikkje spelt inn musikk igjen. Aldri.»[12]

Bowie sa seinare at «David Live var det endelege døden til Ziggy… Og biletet på framsida. Herregud, det ser ut som eg nettopp har stått opp frå grava. Det var faktisk slik eg kjende meg. Plata skulle ha fått namnet 'David Bowie Is Alive and Well and Living Only in Theory'».[13]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

David Live nådde andreplassen på den britiske albumlista, femteplassen i Canada[14] og åttandeplassen i USA. «Knock on Wood» kom ut på singel og nådde tiandeplassen i Storbritannia.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

LP: RCA Victor / APL2-0771 (Storbritannia)[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«1984»3:21
2.«Rebel Rebel»2:42
3.«Moonage Daydream»5:10
4.«Sweet Thing
  • I. «Sweet Thing»
  • II. «Candidate»
  • III. «Sweet Thing (Reprise)»»
8:48
Total lengd:20:01
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Changes»3:36
2.«Suffragette City»3:46
3.«Aladdin Sane (1913-1938-197?)»4:58
4.«All the Young Dudes»4:19
5.«Cracked Actor»3:29
Total lengd:20:08
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Rock 'n' Roll with Me»Bowie, Warren Peace4:19
2.«Watch That Man» 4:23
3.«Knock on Wood» (opphavleg av Eddie Floyd)Eddie Floyd, Steve Cropper3:08
4.«Diamond Dogs» 6:34
Total lengd:18:24
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«Big Brother
  • I. «Big Brother»
  • II. «Chant of the Ever-Circling Skeletal Family»»
4:11
2.«The Width of a Circle»8:14
3.«The Jean Genie»5:19
4.«Rock 'n' Roll Suicide»4:49
Total lengd:22:33 (81:06)

CD-utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom først ut på CD i 1990 på Rykodisc/EMI, med to bonussongar og introduksjonen til Bowie av bandet. Ei ny utgåve av albumet kom ut på CD i 2005 på EMI/Virgin, med to ekstra bonusspor (sjølv om versjonen av «Panic in Detroit» tidlegare var gjeven ut som B-side til den britiske singelen «Knock on Wood», og på nyutgjevingar av samleplata Rare). Songane vart plasserte i rett rekkefølgje, inkludert bonusspora. I tillegg var albumet miksa heilt på nytt av Tony Visconti og hadde betre lyd enn originalutgåva. I 2016 var albumet inludert, i to versjonar i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976). Ein versjon var den originale miksen og dei same spora som var på det originale vinylalbumet, den andre var lik utgåva frå 2005 med ny ommastring.[15] Sistnemnde vart òg gjeven ut på ny på CD og vinyl i 2017.[16]

1990 Rykodisc/EMI[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«1984» 3:20
2.«Rebel Rebel» 2:40
3.«Moonage Daydream» 5:10
4.«Sweet Thing
  • I. «Sweet Thing»
  • II. «Candidate»
  • III. «Sweet Thing (Reprise)»»
 8:48
5.«Changes» 3:34
6.«Suffragette City» 3:45
7.«Aladdin Sane (1913-1938-197?)» 4:57
8.«All the Young Dudes» 4:18
9.«Cracked Actor» 3:29
10.«Rock 'n' Roll with Me»Bowie, Peace (for musikken)4:18
11.«Watch That Man» 4:55
Disk to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Knock on Wood» (opphavleg av Eddie Floyd)Floyd, Cropper3:08
2.«Diamond Dogs» 6:32
3.«Big Brother
  • I. «Big Brother»
  • II. «Chant of the Ever-Circling Skeletal Family»»
 4:08
4.«The Width of a Circle» 8:12
5.«The Jean Genie» 5:13
6.«Rock 'n' Roll Suicide» 4:30
7.«Band Intro» (Bonus track) 0:09
8.«Here Today, Gone Tomorrow» (opphavleg av Ohio Players)Leroy Bonner, Joe Harris, Marshall Jones, Ralph Middlebrooks, Dutch Robinson, Clarence Satchell, Gary Webster3:32
9.«Time» 5:19

2005 EMI/Virgin (CD)[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«1984» 3:20
2.«Rebel Rebel» 2:40
3.«Moonage Daydream» 5:10
4.«Sweet Thing
  • I. «Sweet Thing»
  • II. «Candidate»
  • III. «Sweet Thing (Reprise)»»
 8:48
5.«Changes» 3:34
6.«Suffragette City» 3:45
7.«Aladdin Sane» 4:57
8.«All the Young Dudes» 4:18
9.«Cracked Actor» 3:29
10.«Rock 'n' Roll with Me»Bowie, Peace (for musikken)4:18
11.«Watch That Man» 4:55
Disk to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Knock on Wood» (opphavleg av Eddie Floyd)Floyd, Cropper3:08
2.«Here Today, Gone Tomorrow»Bonner, Harris, Jones, Middlebrooks, Robinson, Satchell, Webster3:32
3.«Space Oddity» (bonusspor) 6:27
4.«Diamond Dogs» 6:32
5.«Panic in Detroit» (bonusspor) 5:41
6.«Big Brother
  • I. «Big Brother»
  • II. «Chant of the Ever-Circling Skeletal Family»»
 4:08
7.«Time» 5:19
8.«The Width of a Circle» 8:12
9.«The Jean Genie» 5:13
10.«Rock 'n' Roll Suicide» 4:47

2005 EMI/Virgin (LP)[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«1984»3:20
2.«Rebel Rebel»2:40
3.«Moonage Daydream»5:10
4.«Sweet Thing
  • I. «Sweet Thing»
  • II. «Candidate»
  • III. «Sweet Thing (Reprise)»»
8:48
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Changes»3:34
2.«Suffragette City»3:45
3.«Aladdin Sane»4:57
4.«All the Young Dudes»4:18
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cracked Actor» 3:29
2.«Rock 'n' Roll with Me»Bowie, Peace (for musikken)4:18
3.«Watch That Man» 4:55
4.«Knock on Wood»Floyd, Cropper3:08
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Here Today, Gone Tomorrow»Bonner, Harris, Jones, Middlebrooks, Robinson, Satchell, Webster3:32
2.«Space Oddity» 6:27
3.«Diamond Dogs» 6:32
Side fem
Nr.TittelLengd
1.«Panic in Detroit»5:41
2.«Big Brother
  • I. «Big Brother»
  • II. «Chant of the Ever-Circling Skeletal Family»»
4:08
3.«Time»5:19
Side seks
Nr.TittelLengd
1.«The Width of a Circle»8:12
2.«The Jean Genie»5:13
3.«Rock 'n' Roll Suicide»4:47

Rock Concert/David Bowie at the Tower Philadelphia[endre | endre wikiteksten]

Ein redusert versjon av David Live kalla Rock Concert kom ut på ei enkel plate på RCA i Nederland i 1979. I 1982 vart ho igjen gjeven ut i Nederland under namnet David Bowie at the Tower Philadelphia.

Nr.TittelLengd
1.«Rebel Rebel»2:40
2.«Changes»3:34
3.«Aladdin Sane (1913-1938-197?)»4:57
4.«All the Young Dudes» (originally recorded by Mott the Hoople)4:18
5.«Cracked Actor»3:29
6.«Rock 'n' Roll With Me» (Bowie, Peace (for the music))4:18
7.«Watch That Man»4:55
8.«Diamond Dogs»6:32
9.«Rock 'n' Roll Suicide»4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1974 Britiske album (OCC)[17] 2
1974 Canada Top Albums/CDs (RPM)[18] 8
1974 US Billboard 200[19] 8
1974 Norske album (VG-lista)[20] 12
2005 Nederlandske album (MegaCharts)[21] 89
2005 Franske album (SNEP)[22] 165
2011 Italienske album (FIMI)[23] 99
2017 Belgiske album (Ultratop Flandern)[24] 163

Singel

År Singel Liste Plassering
1975 «Knock on Wood» UK Singles Chart 10
1975 «Knock on Wood» Norway's single chart 10

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull 7. november 1974

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

}}

  1. «David Bowie: David Live / Stage». popmatters.com. 4 Apr 2005. Henta 31. juli 2021. 
  2. Pegg, p. 373
  3. Edwards, Henry; Zanetta, Tony (1986), Stardust: The David Bowie Story, ISBN 0-07-072797-X 
  4. http://www.allmusic.com/album/r736051
  5. «David Live – Blender». Blender. Arkivert frå originalen 11. juli 2010. Henta 31. juli 2021. 
  6. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 22. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  7. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 151. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. «Pitchfork: Album Reviews: David Bowie: David Live / Stage». Pitchfork Media. 20. september 2005. Henta 31. juli 2021. 
  10. «David Bowie: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 30. mai 2011. Henta 31. juli 2021. 
  11. Griffiths, Nick (November 1990). «Diamond Jubilation». Select. s. 124. 
  12. The Rolling Stones – Off The Record by Mark Paytress, Omnibus Press, 2005, page 245. ISBN 1-84449-641-4
  13. Ein referanse til Jacques Brel, som Bowie spelte songar av, og musikalen Jacques Brel Is Alive and Well and Living in Paris
  14. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 26. april 2011. 
  15. Who Can I Be Now? (1974–1976) details Arkivert 11. februar 2017 ved Wayback Machine. at davidbowie.com
  16. Bowie ‘Who Can I Be Now' vinyl available separately and competitively priced at superdeluxeedition.com
  17. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  18. "Top RPM Albums: Nummer 3900a". RPM. Library and Archives Canada.
  19. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  20. "David Bowie – David Live". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  21. "David Bowie – David Live". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  22. "David Bowie – David Live". Lescharts.com. Hung Medien.
  23. "David Bowie – David Live". Italiancharts.com. Hung Medien.
  24. "David Bowie – David Live" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.