Anne Marie Ottersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Marie Ottersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1945 (78 år)
Kongsberg kommune
Yrke skodespelar, manusforfattar
Ektefelle Lasse Lindtner

Anne Marie Ottersen Lindtner (fødd 29. april 1945) er ein norsk skodespelar frå Kongsberg.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ottersen voks opp på Kongsberg. Etter examen artium og eitt år som lærar, starta ho å studera ved Statens teaterhøgskole i 1966. Frå 1968 - 69 var ho elev ved Oslo Nye Teater, der ho debuterte som skodespelar. I 1970 vart ho tilsett ved Nationaltheatret. Ho har i tillegg vore innom både Fjernsynsteatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene, men har hatt Nationaltheatret som sin faste arbeidsplass. Ho har også hatt fleire roller i Radioteatret, m.a. som Fru Alving i Gengangere av Ibsen.

Ho filmdebuterte i 1969 i Psychedelica Blues av Nils-Reinhardt Christensen. Seinare spelte ho leiande roller i Voldtekt (1971) og som Mie i dei tre Hustruer-filmane av Anja Breien. I dei seinare åra hugsar mange Anne Marie Ottersen i rolla som Pia i Fredrikssons fabrikk, Eva Holm i Holms, Amalie i Amalies jul og Wenche i Bot og bedring.

Anne Marie Ottersen var styremedlem i Norsk Skuespillerforbund 1984–85 og hatt ei rekkje verv på Nationaltheatret. I 1997 var ho programleiar for underhaldningsprogrammet ColosseumTV Norge saman med Stein Johnsen. Ottesen deltok også i Skal vi danse i 2010.

Ottersen har vore gift med skodespelaren Lasse Lindtner sidan 1990.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Rolleliste (utval)[endre | endre wikiteksten]

Film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]