Aden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen. For protektoratet, sjå protektoratet Aden.
Aden
عدن
by
Gamlebyen Aden ligg i krateret av ein utdøydd vulkan (1999)
Land  Jemen
guvernement Aden
Høgd moh.
Koordinatar 12°48′N 45°02′E
Areal 760 km²
Folketal 760 923  (2012)
Folketettleik 1 001 / km²
Tidssone GMT (UTC+3)
Retningsnummer 967
Kart
Aden
12°48′0″ N 45°1′0″ E
Wikimedia Commons: Aden

Aden (arabisk عدن, ʻAdin eller ʻAdan) er ein hamneby i Jemen ved Adenbukta, nær innløpet til Raudehavet, kring 170 km aust for Bab-el-Mandeb. Byen har kring 800 000 innbyggjarar. og ligg ved ei gammal, naturleg hamn i krateret av ein sovande vulkan som no dannar ei halvøy. Halvøya er knytt til fastlandet via eit lågt eid. Denne hamna, Front Bay, vart først nytta av det eldgamle kongedømet Ausan mellom 600- og 400-talet fvt. Den moderne hamna ligg på kvar side av halvøya. Aden har gjeve namn til Adenbukta.

Satellittbilde av Aden hamn.

Aden består av fleire særeigne bydelar: Seera, den opphavlege hamnebyen, Mualla, den moderne hamna, Tawahi, som var dampskiphamna i kolonitida, og feriestaden Gold Mohur. I Khormaksar, som ligg på eidet til fastlandet, ligg Aden unversitet og Aden internasjonale lufthamn, den nest største flyplassen i landet. På fastlandet ligg bydelane Sheikh Othman, eit tidlegare oaseområde, Al-Mansura, ein by som vart bygd av britane, og Madinat ash-Sha'b (tidlegare Madinat al-Itihad), som var hovudstaden i Den sørarabiske føderasjonen og som i dag har eit stort kraftverk og avsaltingsanlegg, i tillegg til fleire fakultet frå Aden universitet.

Aden ligg på austsida av ei stor, naturleg hamn. Den vulkanske halvøya Vesle Aden er nesten eit spegelbilete av hamna på vestsida. I Vesle Aden vart det bygd oljeraffineri og ei hamn for tankskip. Begge vart bygde og drivne av British Petroleum fram til dei vart gjevne over til den jemenittiske staten i 1977.

Aden var hovudstaden i Den demokratiske folkerepublikken Jemen fram til landet vart slått saman med Den arabiske republikken Jemen i 1990, og igjen ei kort tid etter statskuppet i Jemen 2014-2015, då presidenten Abd Rabbuh Mansur Hadi måtte flykta frå houthiane som okkuperte Sana.[1] Byen var utsett for kraftige kampar i juli 2015 mellom houthiar og styrkar lojale til president Hadi, som til sist tok byen med hjelp frå Saudi-Arabia. I januar 2018 tok ei sørjemenittisk lausrivingsgruppe kontroll over det meste av Aden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Hamnebyen låg høveleg til langs skipsruta mellom India og Europa og gjorde Aden til ein attraktiv stad som mange herskarar prøvde å få kontroll over. Han vart kalla Eudaemon i det første hundreåret fvt. og var då ein omlastingsstad for handelen i Raudehavet. Det gjekk dårlegare med byen då skipa byrja å segle direkte til India på 100-talet, i følgje Førarbok for Det erytreiske havet. Det same verket skildrar Aden som «ein landsby ved kysten». Det er ikkje nemnt festningsverk i byen på denne tida, og Aden var meir ei øy enn ei halvøy, sidan eidet (ein tombolo) ikkje var like utvikla som i dag.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Aden, med portugisisk flåte. Braun & Hogenberg 1590
Frimerke frå 1951 som synder Steamer Point med utsida av kraterkanten i bakgrunnen.
Frimerke frå Aden frå 1937 med ein dhow.

Etter 1175 evt. vart Aden bygd om og sidan den gong har byen trekt til seg sjøfolk og handelsfolk frå Egypt, Sindh, Gujarat, Aust-Afrika og til og med Kina. I følgje geografen al-Muqaddasi utgjorde persarar størstedelen av folkesetnaden i Aden på 900-talet.[2][3]

Britisk styre 1839–1967[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kolonien Aden.
Hamna i Aden (kring 1910). Skip ligg ved Steamer Point ved innløpet til den moderne hamna.[4]
Esplanade-vegen seint i 1930-åra.

Før det brtiske styre, var Aden okkupert av portugisarane mellom 1513–1538 og 1547–1548. Han vart styrt av Det osmanske riket mellom 1538–1547 og 1548–1645.

I 1609 var «The Ascension» det første engelske skipet som vitja Aden, før det segla til Mokka under den fjerde reisa til Det britiske austindiske kompaniet.[5]

Etter osmansk styre vart Aden styrt av sultanatet Lahej, som var underlagt Zaidi-imamane i Jemen.

Aden var på denne tida ein liten landsby busett av 600 arabarar, somaliarar, jødar og indarar, hovudsakleg i hytter av siv reiste i ruinane av den gamle byen. Haines meinte at det kunne bli eit stort handelssenter og den siste delen av den britiske tida her synte at han hadde rett. Aden voks og vart ein av dei travlaste hamnebyane i verda. I 1838 avstod Lahej under Muhsin bin Fadl 194 km², inkludert Aden, til britane. Den 19. januar 1839 sette Det britiske austindiske kompaniet i land Royal Marines ved Aden for å sikre området og stoppe åtak frå sjørøvarar mot britiske skip på veg til India. I 1850 vart han erklært ei frihandelshamn med handel av sprit, salt, våpen og opium, og all kaffihandel frå Mokka.[6] Hamna ligg like langt frå Suezkanalen, Mumbai og Zanzibar, som alle var viktige, britiske område. Aden hadde vore ei transitthamn og ein stoppestad for sjøfolk i antikken. Her vart det fylt på med forsyningar, særleg vatn, midt på 1800-talet, og det vart naudsynt med påfyll av kol og kjelvatn. Aden fekk derfor bygd ei bunkringshamn for kol ved Steamer Point og Aden vart verande under britisk kontroll fram til 1967.

Fram til 1937 vart Aden styrt som ein del av Britisk India. Det opphavlege territoriet vart utvida i 1857 med den 13 km² store øya Perim, i 1868 med dei 73 km² store Khuriya Muriya-øya, og i 1915 med den 108 km² store øya Kamaran. Busetnaden vart provinsen Aden i 1935.

I 1937 vart kolonien fråskild frå India og vart kolonien Aden, ein britisk kronkoloni. Området innafor Aden og Hadhramaut vart òg laust knytt til Storbritannia som protektoratet Aden, som vart overvaka frå Aden.

Plasseringa til Aden gjorde han til ei nyttig transitthamn for post sendt frå stader kring Indiahavet og Europa. Dermed kunne skip som segla frå Suez til Bombay, leggje frå seg post for Mombasa.

Under Aden-opprøra i 1947 vart meir enn 80 jødar drepne, eigedomane deira plyndra og skulane deira sette i brann av ein muslimsk mobb.

Etter Suezkrisa i 1956 vart Aden den viktigaste staden i regionen for britane.

Vesle Aden 1955 til 1967[endre | endre wikiteksten]

Mualla-vegen i 1966.

Vesle Aden er framleis dominert av oljeraffineriet bygd for British Petroleum. Vesle Aden var kjend for sjøfararar for tankskiphamna med eit sjømannssenter nær BP-kaien, der det var symjebasseng og ein kjølig bar. Her var det sengjer for tusenvis av arbeidarar som bygde raffineriet. Desse husa vart seinare omgjort til familiehus.

Føderasjonen Sør-Arabia og Aden-krisa[endre | endre wikiteksten]

Aden i 1960

For å stabilisere Aden og det omliggande protektoratet Aden frå planane til dei egyptisk-støtta republikanarane i Nord-Jemen, prøvde britane å gradvis samle uforeinelege statane i regionen for å førebu dei på eit eventuelt sjølvstende. Den 18. januar 1963 vart kolonien Aden innlemma i Føderasjonen av arabiske emirat i sør mot Nord-Jemen sine ønske. Byen vart staten Aden og føderasjonen fekk namnet Føderasjonen Sør-Arabia (FSA).

Eit opprør mot det britiske styret, kjent som Aden-krisa, byrja med eit granatåtak av den kommunistiske Nasjonal frigjeringsfront (NLF), mot den britiske høgkommisæren den 10. desember 1963. Ein person mista livet og femti vart skadde, og det vart erklært «unntakstilstand».

I 1964 annonserte Storbritannia planar om å gje FSA sjølvstende i 1968, men at det britiske militæret ville vere att i Aden. Tryggleikssituasjonen vart verre då NLF og FLOSY (Front for frigjering av det okkuperte Sør-Jemen) tevla om å få overtaket.

I januar 1967 var det masseopprør mellom NLF og rivalen deira FLOSY i det gamle arabarkvarteret i Aden. Denne konflikten heldt fram til midten av februar, trass i at britiske soldatar prøvde å roe det heile. I perioden var det like mange åtak på britiske soldatar frå begge sider, som mot kvarandre, og det heile enda med at eit DC3-fly frå Aden Airways vart skoten ned utan overlevande.

Den auka valden førte til at britane evakuerte tidlegare enn først planlagt. 30. november 1967 var dei britiske soldatane evakuerte, og Aden og resten av FSA var under NLF sin kontroll. Royal Marines, som var dei første britiske soldatane som kom til Aden i 1839, var dei siste som drog – utanom ei avdeling frå ingeniørkorpset.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Aden frå sjøen.

Aden vart hovudstaden i den nye Folkerepulikken Sør-Jemen, som i 1970 fekk namnet Den demokratiske folkerepublikken Jemen. Etter samlinga av Nord- og Sør-Jemen i 1990, var ikkje Aden lenger hovudstad i landet, men vart verande administrasjonssenter i Aden guvernement. Dette dekte omtrent same område som kolonien Aden.

Den 29. desember 1992 utførte Al Qaida det første kjende terroriståtaket sitt i Aden, og bomba Gold Mohur Hotel, der amerikanske tenestemenn budde på veg til Somalia for Operasjon Restore Hope. Ein jemenitt og ein austerriksk turist døydde i åtaket.[7]

Aden var ei kort stund senteret for lausrivingsrørsla for Den demokratiske republikken Jemen frå 21. mai 1994, men vart samla att med soldatane til Republikken Jemen den 7. juli 1994.

Medlemmar av Al Qaida prøvde å bombe den amerikanske jagaren «The Sullivans» i hamna i Aden. Båten som førte eksplosiva sokk og det planlagde åtaket måtte skrinleggast. Bombeåtaket på jagaren USS «Cole» fann stad i Aden den 12. oktober 2000.

Uro på 2000-talet[endre | endre wikiteksten]

I 2007 var det aukande misnøye med samlinga av landet og Sør-Jemen-rørsla, som ønskte lausriving, oppstod.[8]

Etter at president Abd Rabbuh Mansur Hadi var blitt avsett i statskuppet i Jemen 2014-2015 flykta han Aden, heimbyen sin. Han erklærte at han framleis var den legitime presidenten i Jemen, og bad statsinstitusjonar og lojale embetsmenn om å flytte til Aden.[9] I ein fjernsynstale 26. februar 2015 erklærte han Aden å vere den økonomiske og mellombelse hovudstaden i Jemen, medan Sana var kontrollert av houthiar.[1]

Aden vart råka av valdsepisodar etter statskuppet, der styrkar lojale til Hadi støytte saman med soldatar lojale til den tidlegare presidenten, Ali Abdullah Saleh, i eit slag ved Aden internasjonale lufthamn den 19. mars 2015.[10] Etter slagen vart heile byen ei slagmark under slaget ved Aden, der store delar av byen vart lagd i ruinar. Byen slapp nesten opp for vatn, mat og medisinar.[11] Den 14. juli 2015 sette den saudiarabiske hæren i gang ein offensiv for å få kontroll over byen. I løpet av tre dagar vart byen reinska for houthi-opprørarar, og slaget enda med siger for koalisjonen.[12]

I slutten av januar 2018 tok ei sørjemenittisk lausrivingsgruppe kontroll over det meste av byen.[13][14]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Historisk sett importerte Aden varer frå kysten av Afrika og Europa, USA og India..[15][16] I 1920 skildra britane staden som «den viktigaste marknadsplassen i arabisk handel.» Ved dokken forsynte byen kol til passerande skip. Den einaste vara som vart produsert i byen i 1920, var salt.[16] Hamna var stoppestad for skip som var på veg inn i Bab-el-Mandeb. Jemen Airlines, det nasjonale flyselskapet til Sør-Jemen, hadde hovudkvarter i Aden. Den 15. mai 1996 slo Jemen Airlines seg saman med Jemenia.[17][18]

Tidleg på 1900-talet var Aden eit kjent senter for kaffiproduksjon. Kvinner foredla kaffibønner som voks i høglandet i Jemen.[19] Det vart òg produsert og eksportert røykjelse, kveite, bygg, alfalfa og hirse frå Aden.[20][21] Blada og stilkane frå alfalfa, hirse og mais produsert i Aden vart generelt nytta som fôr.[21] I 1920 samla Aden òg salt frå saltvatn. Eit italiensk selskap kalla Agostino Burgarella Ajola and Company samla og foredla salt under namnet Aden Salt Works. Det var òg eit mindre selskap frå India, kalla Abdullabhoy and Joomabhoy Lalji & Company som eigde eit saltproduksjonssfirma i Aden. Begge selskapa eksporterte saltet. Mellom 1916 og 1917 produserte Aden over 120 000 tonn med salt. Aden har òg produsert kaliumkarbonat, som hovudsakleg vart eksportert til Mumbai.[22]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Aden i 1960.

Historisk sett har hamna i Aden vore eit viktig trafikknutepunkt for regionen. I 1920 var hamna 12 x 6 km stor. Passasjerar gjekk i land ved Tawahi.[15]

Den 1. januar 1977 byta Aden til høgrekøyring, for å ha same køyreretning som nabostatane.

Aden internasjonale lufthamn er flyplassen i byen, kring 10 km frå byen. Han var tidlegare britiske ein Royal Air Force-base, RAF Khormaksar. Slaget ved Aden lufthamn i 2015 stengde denne og andre flyplassar i Jemen. 22 juli vart flyplassen opna att etter at houthi-styrkane var drivne ut av byen.[23]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Aden har eit varmt ørkenklima (BWh) i følgje Köppen-Geiger sitt klimaklassifiseringssystem.

Vêrdata for Aden
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 28 29 30 32 35 37 36 36 35 33 31 29 33
Gjennomsnittleg min °C 23 23 23 25 28 29 29 29 29 26 24 23 26
Gjennomsnittleg nedbør mm 3 4 6 5 1 1 4 4 7 1 2 2 40
Kjelde: Weather2Travel[24]


Sjøtemperaturar i Aden[24]
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
26 °C 26 °C 27 °C 28 °C 30 °C 31 °C 30 °C 29 °C 30 °C 29 °C 28 °C 27 °C

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Land By
 Djibouti Djibouti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aden» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mai 2016.
  • Norris, H.T.; Penhey, F.W. (1955). «The Historical Development of Aden's defences». The Geographical Journal. CXXI part I. 
  1. 1,0 1,1 «Yemen's President Hadi declares new 'temporary capital'». Deutsche Welle. 26. mai 2016. Henta 26. mai 2016. 
  2. Lawrence G. Potter (2009). The Persiabukta in History. s. 180. 
  3. Dr Pirouz Mojtahed-Zadeh (2013). Security and Territoriality in Persiabukta: A Maritime Political Geography. s. 64. 
  4. Port of Aden inner harbour
  5. J. K. Laughton, ‘Jourdain, John (c.1572–1619)’, rev. H. V. Bowen, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn, Jan 2008
  6. Great Britain. Hydrographic Office. (1900). The Red Sea and Gulf of Aden Pilot. London: Admiralty. s. 348. Henta 30. mai 2016. Google Books
  7. «Timeline: Al Qaida's Global Context: Al Qaida's First Attack». Frontline: The Man Who Knew. pbs.org. Arkivert frå originalen den 15. desember 2007. Henta 30. mai 2016. 
  8. Worth, Robert F. (February 28, 2010). «In Jemen’s South, Protests Could Cause More Instability». The New York Times. Arkivert frå originalen den 4. mars 2010. Henta 8. februar 2010. 
  9. «Head of GCC visits embattled Hadi in Aden». The Daily Star. February 26, 2015. Henta 26. februar 2015. 
  10. Hendawi, Hamza (20. mars 2015). «Fierce gun battle between factions at Jemen airport». The Scotsman. Henta 26. mai 2016. 
  11. Fahim, Karim; Bin Lazrq, Fathi (28. mai 2016). «Yemen’s Despair on Full Display in ‘Ruined’ City». New York Times Company. New York Times. Henta 30. mai 2016. 
  12. «Proxies and paranoia». The Economist (Economist Group). The Economist. 25. juli 2015. Henta 30. mai 2016. 
  13. «Yemen crisis: Separatists seize government buildings in Aden». BBC. 28 January 2018. Henta 28 January 2018. 
  14. «Yemen separatists capture most of Aden, residents say». BBC. 30 January 2018. 
  15. 15,0 15,1 Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 68. 
  16. 16,0 16,1 Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 69. 
  17. "North and Sør-Jemen Airlines to Merge". Flight International. 10–16. april 1996. 10.
  18. "Jemenia background Arkivert 2009-10-27 ved Wayback Machine.". Jemenia. Henta on 30. mai 2016.
  19. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 83. 
  20. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 84. 
  21. 21,0 21,1 Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 86. 
  22. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 98. 
  23. «Aden Airport ready to operate». Jemen Times. 22. juli 2015. Henta 27. juli 2015. 
  24. 24,0 24,1 «Aden Climate and Weather Averages, Jemen». Weather2Travel. Henta 11. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aden