Antarktisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antarktisk geografi
Plassering
Land Antarktis
Koordinatar 80°S 90°E
Totale landegrenser 4 558 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

14 000 000 km²
100 km²
0 km²
Kystlinje 17 968 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Vinson Massif 4 897 moh
Bentley Subglacial Trench -2555 muh
Lengste elv Onyx River
Største innsjø Vostoksjøen


Naturressursar
krill, fisk, krabbe
Naturfarar
kraftig vind, snøstormar, vulkanisme
Miljøproblem
tynt ozonlag, stigande havnivå
Antarctica surface.jpg

Antarktisk geografi er dominert av den sørlege, polare plasseringa og derfor av is. Antarktis ligg på den sørlege halvkula sentrert asymmetrisk kring Sørpolen og stort sett sør for den antarktiske polarsirkelen. Det er omgjeve av Sørishavet og har eit areal på 14 millionar kvadratkilometer.

Kring 98% av Antarktis er dekt av den antarktiske innlandsisen, den største isen i verda og det største ferskvassreservoaret. Isen er i snitt 1,6 km tjukk og så massiv at han somme stader har pressa berggrunnen meir enn 2,5 km under havnivå. Det finst subglasiale innsjøar med flytande vatn under isen, som Vostoksjøen. Isbremmar og ishaugar ligg kring kontinentet. Berre 2 % av kontinentet er ikkje dekt av is.

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Princesses Astrid og Ragnhild Kyst
Banzare, Sabrina, og Budd Law Dome Coasts

Fysisk sett er Antarktis delt i to av Dei transantarktiske fjella nær halsen mellom Rosshavet og Weddellhavet. Vest-Antarktis og Aust-Antarktis samsvarar grovt sett til den austlege og den vestlege halvkula relativt til nullmeridianen. Dette har stundom vorte rekna som eurosentrisk av somme og alternative namn er Vesle Antarktis og Store Antarktis.

Vest-Antarktis er dekt av Den vestantarktiske innlandsisen. Det har vore noko uro om denne isen fordi det er ein visse sjanse for at han kan kollapse. Om det skulle skje ville havnivået ha stige nokre meter i løpet av særs kort tid.

Vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Det er fire vulkanar på fastlandet i Antarktis som vert rekna som aktive baserte på fumaroleaktivitet eller «nyare» avsetningar av tefra: Mount Melbourne (2 730 moh) (74°21'S., 164°42'E.), ein stratovulkan; Mount Berlin (3 500 moh) (76°03'S., 135°52'W.), a stratovulkan; Mount Kauffman (2 365 moh) (75°37'S., 132°25'W.), a stratovulkan; og Mount Hampton (3 325 moh) (76°29'S., 125°48'W.), ein kaldera.

Fleire vulkanar som ligg på øyane kring kontinentet har vore nyleg eller er aktive: Mount Erebus (3 795 moh), ein stratovulkan på Ross Island med ti kjende utbrot. På den andre sida av kontinentet ligg Deceptionøya (62°57'S., 60°38'W.), som er ein vulkansk kaldera med minst ti kjende utbrot. Andre er Buckle Island i Ballenyøyane (66°50'S., 163°12'E.), Penguin Island (62°06'S., 57°54'W.), Paulet Island (63°35'S., 55°47'W.) og Lindenberg Island (64°55'S., 59°40'W.).

Vest-Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Vest-Antarktis til venstre.
Typisk landskap på Den antarktiske halvøya med fjordar, høge kystfjell og øyar.

Vest-Antarktis er den mindre delen av kontinentet og er delt inn i:

Område[endre | endre wikiteksten]

Havområde[endre | endre wikiteksten]

Isbremmar[endre | endre wikiteksten]

Dei største isbremmane er:

For all isbremmane sjå isbremmar i Antarktis.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

For ei liste over alle dei antarktiske øyane, sjå antarktiske og subantarktiske øyar.

Aust-Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Aust-Antarktis til høgre.

Aust-Antarktis er den større delen av kontinentet, og både Den magnetiske sørpolen og den geografiske Sørpolen ligg her. Dette er delt inn i:

Område[endre | endre wikiteksten]

Havområde[endre | endre wikiteksten]

Isbremmar[endre | endre wikiteksten]

Dei største isbremmane er:

For alle isbremmane sjå isbremmar i Antarktis.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

For ei liste over alle antarktiske øyar, sjå antarktiske og subantarktiske øyar.

Territoriale krav[endre | endre wikiteksten]

Sju nasjonar har gjort offisielle krav på landområde i Antarktis.

Kronkoloniar og territorium[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]