John Wesley Harding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Wesley Harding
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 27. desember 1967[1]
Innspelt 17. oktober 1967 – 29. november 1967
Sjanger Folk, country, folkrock
Lengd 38:24
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Bob Dylan's Greatest Hits
(1967)
John Wesley Harding Nashville Skyline
(1969)

John Wesley Harding er det åttande studioalbumet til Bob Dylan[2], gjeven ut på Columbia Records i desember 1967.[1]

Det var produsert av Bob Johnston og markerte eit steg tilbake til akustisk musikk og tradisjonelle røter for Dylan, etter tre album med elektrisk rockemusikk. John Wesley Harding vart spelt inn samstundes med ei rekkje heimeinnspelingar med The Band, som til slutt kom ut i 1975 som The Basement Tapes.

John Wesley Harding fekk særs god kritikk og selde godt. Det nådde andreplassen i USA og toppa listene i Storbritannia. I Noreg nådde albumet fjerdeplassen og låg 19 veker inne på albumlista. At albumet selde så bra som det gjorde var kanskje noko rart sidan Dylan ikkje ønskte at Columbia skulle reklamere for albumet eller gje det publisitet. Mindre enn tre månader etter albumet kom ut hadde det seld til gullplate i USA. «All Along the Watchtower» vart ein av dei mest populære songane hans etter at han vart spelt inn av Jimi Hendrix året etter.

I 2003 vart albumet rangert på 301. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Dylan sette i gang med innspelinga av John Wesley Harding hausten 1967. Då hadde det gått 18 månader sidan Blonde on Blonde var ferdig. Dylan hadde vore utsett for ei motorsykkelulukke og hadde kome seg frå det verste då han starta på det nye albumet. Dylan var lange tider i studioet sitt i kjellaren i Woodstock i New York og ein høyrde generelt lite frå han i 1967. I løpet av denne tida samla han opp mange innspelingar og mange nye songar. Han registrerte dei fleste av dei for opphavsrett, men ønskte ikkje å ha nokre av dei med på det neste albumet. Desse innspelingane kom seinare ut i 1975 som The Basement Tapes.

Det er ikkje klårt når songane for John Wesley Harding faktisk vart skriven, men ingen av dei finst på dei mange kjellarinnspelingane som sidan har dukka opp. I følgje Robbie Robertson «var det berre eit slags innfall at Bob drog til Nashville. Og der møtte han eit par karar og spelte inn desse songane.» Desse innspelingane fann stad hausten 1967 og det tok mindre enn 12 timar over tre økter å gjere albumet ferdig.

Songane Dylan tok til Nashville var i same gate som dei som kom ut frå Basement Tapes-innspelingane. Songane vart spelt inn med eit enkelt arrangement. Då Dylan kom til Nashville hugsar produsent Bob Johnston at «han budde på Ramada Inn og spelte meg desse songane og foreslo at me berre skulle bruke bass, gitar og trommer på albumet. Eg sa greit, men foreslo at me òg nytta ein steelgitar, og slik kom Pete Drake med på plata.»

Dylan spelte igjen med eit band, men instrumenteringa var enkel. På dei fleste songane var det berre trommeslagar Kenneth A. Buttrey og bassist Charlie McCoy som var med Dylan, som sjølv spelte alt munnspel, gitar, piano og vokal.

Den første innspelinga, den 17. oktober i Studio A hos Columbia, varte berre tre timar og Dylan spelte inn «I Dreamed I Saw St. Augustine», «Drifter's Escape» og «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest». Dylan kom tilbake til studioet den 6. november og spelte inn «All Along the Watchtower», «John Wesley Harding», «As I Went Out One Morning», «I Pity the Poor Immigrant» og «I Am a Lonesome Hobo». Den siste innspelingsdagen var 29. november då resten av albumet vart spelt inn.

Pete Drake var berre med på denne siste dagen, og «I'll Be Your Baby Tonight» og «Down Along the Cove» var dei einaste songane steelgitaren hans var på.

Ein gong mellom den andre og tredje innspelinga møtte Dylan Robbie Robertson og Garth Hudson frå The Band for at dei skulle legge fleire lydspor på songane. Robertson meinte derimot at songane var meir enn god nok slik dei var, så dei let vere å gjere noko meir med dei.

John Wesley Harding vart gjeven ut mindre enn fire veker etter den siste innspelinga.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste songane på John Wesley Harding har enkle og mindre ordrike tekstar enn det som var vanleg for Dylan fram til då. Stilen er stemningsskapande, men Dylan nytta likevel enkelte tydlege bilete og delvis surrealistiske tekstar, slik han tidlegare hadde gjort. I følgje Allen Ginsberg hadde Dylan snakka med han om den nye skrivestilen sin, og fortalt han at «han skreiv kortare linjer og kvar linje skulle bety noko. Han skreiv ikkje berre ei linje som skulle passe inn med rytmen lenger. Kvar linje skulle føre historia framover, og frå den tida kom dei sterke lakoniske balladane som 'The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest.' Han sløste verken med språk eller pust. Alle bileta skulle vere funksjonelle i staden for dekorative.» Sjølve songstrukturane er langt strengare og dei fleste av dei er bygt opp av tre vers.

Tittelsongen på albumet referer til ein lovlaus cowboy frå Texas, John Wesley Harding. Fleire av songane på albumet har bibelske referansar, kanskje mest tydeleg på «All Along the Watchtower», som var inspirert av ein bolk i Esaias som omhandla fallet til Babylon. Songen er òg kjend for akkordprogresjonen vi-V-IV . Jimmy Page nytta seinare denne kadensen i avsluttinga på «Stairway to Heaven», John Entwistle frå the Who nytta den same i opninga på «Fiddle About» og han vart seinare nytta mykje i heavy metal-musikk. Dylan nytta sjølv den same progresjonen på songen «Hurricane» på Desire's "Hurricane".

«The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest» er kanskje den mest gåtefulle songen på plata, bygt opp som eit moralsk skodespel. Moralen kjem i siste verset med linja «one should never be where one does not belong» («ein bør aldri vere der ein ikkje høyrer heime») og endar med den mest siterte linja i songen, «don't go mistaking Paradise for that home across the road» («ein må ikkje forveksle paradis med heimen på andre sida av vegen»).

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Dylan ønskte ikkje noko publisitet kring albumet og det var derfor heller ikkje gjeve ut ein singel i samband med albumutgjveinga.

I eit år då psykedelia dominerte popkulturen, vart den jordnære John Wesley Harding sett på som ei reaksjonær plate. Kritikar Jon Landau skreiv i Crawdaddy at «for å gje ut eit album av dette slaget midt mellom Sgt. Pepper, Their Satanic Majesties Request, After Bathing at Baxter's, så må ein ha veldig tiltru til det ein gjer ... det ser ut til at Dylan ikkje føler han treng å tilpasse seg dei store trendane i popmusikken i det heile tatt. Og han er den einaste store popartisten ein kan sei dette om.»[3]

Albumet fekk elles mykje god kritikk og vert framleis halde som eit av hans aller beste album.[4] Albumet vart nymastra og gjeve ut på ny i 2003 som SACD.

Etter at albumet kom ut døydde Woody Guthrie og Dylan kontakta Harold Leventhal, den langvarige venen og manageren til Guthrie og sa at han ønskte å delta på ein minneskonsert om noko slik vart planlagt. Minneskonserten kom 20. januar 1968 i Carnegie Hall i New York. Dylan delte scenen med andre viseartistar som Tom Paxton, Judy Collins og sonen til Guthrie, Arlo, og Dylan heldt den første konserten sin på 20 månader med The Band som akkompagnement (då kalla The Crackers). Dei spelte berre tre songar («Grand Coulee Dam», «Dear Mrs. Roosevelt» og «I Ain't Got No Home») og det skulle gå 18 nye månader før Dylan igjen spelte konsertar.[4]

Mot slutten av 1967 hadde livsstilen til Dylan vorte meir stabil. Han hadde fått ei dotter, Anna, med kona Sara. Han hadde vorte forsont med foreldra sine, og hadde forhandla fram ein ny, lukrativ platekontrakt med Columbia Records. Media mista aldri interessa for Dylan, men han klarte likevel å halde ein låg profil. I 1968 såg ein lite til Dylan, men songane hans dukka opp på viktige album av artistar som Jimi Hendrix, The Byrds og The Band.

John Wesley Harding gav eit hint om country-pop-stilen som skulle kome på det neste albumet, Nashville Skyline.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «John Wesley Harding»   2:58
2. «As I Went Out One Morning»   2:49
3. «I Dreamed I Saw St. Augustine»   3:53
4. «All Along the Watchtower»   2:31
5. «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest»   5:35
6. «Drifter's Escape»   2:52
7. «Dear Landlord»   3:16
8. «I Am a Lonesome Hobo»   3:19
9. «I Pity the Poor Immigrant»   4:12
10. «The Wicked Messenger»   2:02
11. «Down Along the Cove»   2:23
12. «I'll Be Your Baby Tonight»   2:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 [1] Amazon listing
  2. [2] Discogs.com for JWH
  3. Quoted in Riley, Tim (1999), p. 171.
  4. 4,0 4,1 Heylin, Clinton (2001). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 286-90. HarperCollins. ISBN 006052569X.