Dog Eat Dog av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dog Eat Dog
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve Oktober 1985
Innspelt 1984-1985
Sjanger Pop/rock, eksperimentell, jazz
Lengd 43:25
Selskap Geffen
Produsent Joni Mitchell, Larry Klein, Thomas Dolby, Mike Shipley
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Wild Things Run Fast
(1982)
Dog Eat Dog Chalk Mark in a Rainstorm
(1988)

Dog Eat Dog er eit album av Joni Mitchell, gjeven ut i 1985. Det var det andre albumet hennar for Geffen Records. Albumet var uvanleg for Mitchell på grunn av det syntetiske lydbiletet, med produksjonsarbeid av den britiske synthesizermusikaren Thomas Dolby). Tekstmessig omhandla albumet viktige saker frå samfunnslivet på midten av 1980-åra, som televangelistar, konsumerisme og svolt i Etiopia. Ein av dei meir uvanleg songane til Mitchell, «Smokin' (Empty, Try Another)», vart spelt inn med å sample lyden av sigarettautomatar i gangen i studioet der Wild Things Run Fast vart spelt inn. «Good Friends» vart spelt inn som ein duett med Michael McDonald og det vart laga ein video til songen med animasjon av Jim Blashfield. «Shiny Toys» og «Good Friends» vart gjevne ut som singlar. «Shiny Toys» kom òg som ein tolvtommar «Extended Dance Single», remiksa av François Kevorkian, og hadde ein lengre tekst enn albumversjonen med stemmer av Thomas Dolby («I LOVE being out on the golf course!»).  

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell. 

# Tittel Lengd
1. «Good Friends»   04:25
2. «Fiction» (Mitchell, Larry Klein) 4:14
3. «The Three Great Stimulants»   06:11
4. «Tax Free» (Mitchell, Larry Klein) 4:19
5. «Smokin' (Empty, Try Another)»   01:43
6. «Dog Eat Dog»   04:41
7. «Shiny Toys»   03:27
8. «Ethiopia»   05:53
9. «Impossible Dreamer»   04:30
10. «Lucky Girl»   04:02

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joni Mitchell – vokal, piano, klaverinstrument, synthesizerar, lydeffektar
  • Michael McDonald – vokal på «Good Friends», korvokal på «Tax Free»
  • Larry Klein – klaverinstrument, synthesizerar, bass, programmering; snakking på «Fiction»
  • Thomas Dolby – klaverinstrument, synthesizerar, programmering; snakking på «Fiction», «Shiny Toys»
  • Joe Smith – snakking på «Fiction»
  • Rod Steiger – snakking på «Tax Free»
  • Zyg Winard – snakking på «Shiny Toys»
  • Michael Landau – gitar
  • Steve Lukather – gitar på «Smokin' (Empty, Try Another)»
  • Larry Williams – fløyte, tenorsaksofon på «Shiny Toys»
  • Kazu Matsui – shakahachi [sic] på «Ethiopia»
  • Wayne Shorter – sopransaksofon på «Impossible Dreamer», tenorsaksofon på «Lucky Girl»
  • Jerry Hey – trompet, valthorn, hornarrangement på «Shiny Toys»
  • Gary Grant – trompet, valthorn på «Shiny Toys»
  • Vinnie Colaiuta – trommer, sampling
  • Alex Acuña – batatromme på «Impossible Dreamer»
  • Michael Fisher – perkusjonssamplar
  • Don Henley – korvokal på «Tax Free», «Dog Eat Dog», «Shiny Toys»
  • James Taylor – korvokal på «Tax Free», «Dog Eat Dog», «Shiny Toys»
  • Amy Holland – korvokal på «Tax Free»

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]