Chalk Mark in a Rain Storm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chalk Mark in a Rainstorm
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve 23. mars 1988
Innspelt 1986-1987
Sjanger Alternativ rock, pop/rock, eksperimentell
Lengd 46:11
Selskap Geffen
Produsent Joni Mitchell, Larry Klein
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Dog Eat Dog
(1985)
Chalk Mark in a Rainstorm Night Ride Home
(1991)

Chalk Mark in a Rain Storm er eit album av Joni Mitchell frå 1988. Det var det tredje albumet hennar for Geffen Records. På albumet finst fleire duettar med gjesteartistar som Peter Gabriel på «My Secret Place», Willie Nelson på «Cool Water», Don Henley på «Snakes and Ladders», Billy Idol og Tom Petty på «Dancin' Clown». Henley syng òg korvokal på «Lakota» og Wendy and Lisa syng korvokal på «The Tea Leaf Prophecy (Lay Down Your Arms)».  

Historie[endre | endre wikiteksten]

  Tidleg i 1986 vitja Mitchell og Larry Klein platestudioet til Peter Gabriel, Ashcombe House i Bath i England. Sidan Gabriel då neste var ferdig med albumet sitt So, tilbaud han seg Mitchell og Klei til å låne studioet hans om dei ønskte å spele inn noko. Dette gjorde dei og resultatet vart songen «My Secret Place» som vart ein duett mellom Mitchell og Gabriel. Mitchell fortalte magasinet Musician om songen: «Det er ein song om starten på eit kjærleiksforhold. Songen handlar om initmgrenser. Det er ei delt sak som eg ønskte at det skulle vere som Salomos høgsong, der ein ikkje kan sei kva kjønn det er. Det er den samlande anda til to menneske i starten på eit forhold».   I februar 1987 såg Mitchell Billy Idol spele songen «To Be A Lover» på eit Grammyprisutdelingsshow. Ho følte han fanga den originale rock'n'roll-anda i lag med ein ny energi, og ville vere perfekt for ein duett på songen hennar «Dancin' Clown». Idol vitja Mitchell i studioet hennar nokre dagar etter utdelinga og spelte inn sin del. Seinare kom Tom Petty og spelte inn sin del av songen.   Chalk Mark in a Rain Storm kom ut i mars 1988 og songen «Snakes and Ladders» (med Don Henley) vart gjeven til radiostasjonar i januar same år.  

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

  Den første offisielle singelen frå albumet var «My Secret Place». Han kom ut i mars 1988 og låg nokre veker like under Topp 100 i USA. Videoen var ein svartkvitfilm med Mitchell og Gabriel, som vart spelt ein del på VH-1, der han hadde premiere i mai 1988.   Kritikarane var stort sett positive til albumet og sidan det var så pass mange kjende artistar med, fekk albumet ein del omtale i media. Albumet gjorde det betre enn det føregåande Dog Eat Dog frå 1985, og nådde 45. plass på Billboardlista i USA.   Mitchell la ut på ein turne i Storbritannia i mai og spelte på musikkshowet WiredChannel 4. Ho vitja òg Australia og spelte på fleire fjernsynsprogram der.   Chalk Mark in a Rainstorm vart nominert til ein Grammypris for beste kvinnelege popvokal, men tapte for Tracy Chapman sin «Fast Car».  

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «My Secret Place»   5:01
2. «Number One»   3:46
3. «Lakota» (Mitchell, Larry Klein) 6:25
4. «The Tea Leaf Prophecy (Lay Down Your Arms)» (Mitchell, Larry Klein) 4:49
5. «Dancin' Clown»   4:09
6. «Cool Water» (Mitchell, Bob Nolan) 5:25
7. «The Beat of Black Wings»   5:19
8. «Snakes and Ladders» (Mitchell, Larry Klein) 5:37
9. «The Reoccurring Dream» (Mitchell, Larry Klein) 3:02
10. «A Bird That Whistles (Corrina, Corrina)»   2:38

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]