Ladies of the Canyon
| Ladies of the Canyon Studioalbum av Joni Mitchell |
||
| Utgjeve | mars 1970 | |
| Innspelt | 1969 - 1970 A&M Studios, Hollywood, California |
|
| Sjanger | Folkrock | |
| Lengd | 44:33 | |
| Selskap | Reprise | |
| Produsent | Joni Mitchell | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Joni Mitchell-kronologi | ||
| Clouds (1969) |
Ladies of the Canyon | Blue (1971) |
Ladies of the Canyon er det tredje studioalbumet til Joni Mitchell, gjeven ut i 1970. Tittelen referer til Laurel Canyon i Los Angeles, eit senter for popkulturen i Los Angeles på 60-talet. Albumet inneheld fleire av dei mest kjende songane til Mitchell, som «Big Yellow Taxi», «Woodstock» og «The Circle Game».
Mitchell utvida det kunstnariske synet sitt og songane har meir varierte tema (frå estetisk syn på kjendislivet, til eit klårsynt syn på Woodstock-generasjonen til det kompliserte kjærleikslivet) og Ladies of the Canyon vert ofte rekna som ein overgang mellom den tidlege visemusikkperioden til Mitchell og den meir sofistikerte, gripande albuma som kom seinare. Særleg syner songen «For Free» fram mot det stadig tilbakevendande temaet om isolasjonen som suksessen fører med seg, som ein finn på albuma For the Roses og Court and Spark. Det sparsame arrangementet med alternative stemmingar kjem godt fram på «Ladies of the Canyon». Av alle verka til Mitchell er dette albumet som ligg nærast til den langvarige venskapen til Crosby, Stills, Nash & Young (som gjorde ein hardrock-versjon av «Woodstock» i 1970). Fleire av songane på albumet, mellom anna «Ladies of the Canyon» og «Woodstock», har tette, ordlause harmoniar som minnar om stilen til David Crosby. Crosby sjølv har spelt «For Free» i mange år. «Willy» er ein jenteaktig, forelska hymne til Graham Nash. «The Circle Game», ein av dei mest kjende songane til artisten, inneheld korvokal frå alle fire. «Big Yellow Taxi» har òg vorte ien standard i løpet av åra, sampla av Janet Jackson. I 1995 spelte Annie Lennox songen «Ladies of the Canyon» og gav han ut som B-sida til singelen «No More I Love You's».
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Morning Morgeltown» | 03:12 |
| 2. | «For Free» | 04:31 |
| 3. | «Conversation» | 04:21 |
| 4. | «Ladies of the Canyon» | 03:32 |
| 5. | «Willy» | 03:00 |
| 6. | «The Arrangement» | 03:32 |
| 7. | «Rainy Night House» | 03:22 |
| 8. | «The Priest» | 03:39 |
| 9. | «Blue Boy» | 02:53 |
| 10. | «Big Yellow Taxi» | 02:16 |
| 11. | «Woodstock» | 05:25 |
| 12. | «The Circle Game» | 04:50 |
Medverkande [endre]
- Joni Mitchell - gitar, piano, vokal
- Teresa Adams - cello
- Paul Horn - klarinett, fløyte
- Jim Horn - barytonsaksofon
- Milt Holland - perkusjon
- The Saskatunes - bopvokal
- The Lookout Mountain United Downstairs Choir - kor på «The Circle Game»
- Don Bagley - celloarrangement
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ladies of the Canyon» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
|
|
|
|---|---|
| Studioalbum | Song to a Seagull (1968) · Clouds (1969) · Ladies of the Canyon (1970) · Blue (1971) · For the Roses (1972) · Court and Spark (1974) · The Hissing of Summer Lawns (1975) · Hejira (1976) · Don Juan's Reckless Daughter (1977) · Mingus (1979) · Wild Things Run Fast (1982) · Dog Eat Dog (1985) · Chalk Mark in a Rain Storm (1988) · Night Ride Home (1991) · Turbulent Indigo (1994) · Taming the Tiger (1998) · Both Sides Now (2000) · Travelogue (2002) · Shine (2007) |
| Konsertalbum | Miles of Aisles (1974) · Shadows and Light (1980) · Amchitka, The 1970 Concert That Launched Greenpeace (2009) |
| Samlealbum | The World of Joni Mitchell (1972) · Hits (1996) · Misses (1996) · The Complete Geffen Recordings (2003) · The Beginning of Survival (2004) · Dreamland (2004) · Songs of a Prairie Girl (2005) |