For the Roses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For the Roses
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve November 1972
Innspelt 1972
A&M Studios, Hollywood, California
Sjanger Folkjazz, folkrock, vise
Lengd 40:20
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Blue
(1971)
For the Roses Court and Spark
(1974)

For the Roses er eit album frå 1972 av Joni Mitchell, mellom dei to største kommersielle og kritiske suksessane hennar - Blue og Court and Spark. trass o dette vart albumet i 2007 valt ut som ei av 50 innspelingar dette året som Library of Congress la til i National Recording Registry, som det einaste av Mitchell sine album.[1]

Albumet er kanskje mest kjend for hitsingelen «You Turn Me on I'm a Radio», som Mitchell skreiv sarkastisk etter at plateselskapet ønskte ein radiovennleg song. Singelen vart verkeleg ein hit og nådde 25. plass på Billboardlista, og vart den første songen hennar på Topp 40 gjeven ut under hennar eige namn (som låtskrivar hadde fleire andre artistar teke songane hennar til høgare plasseringar). «Cold Blue Steel and Sweet Fire» er eit truande og jazzaktig portrett av ein heroinavhengig og den the Beethoven-inspirerte «Judgement of the Moon and Stars» var òg populær. Tittelsongen «For the Roses» var Mitchell sitt farvel til musikkindustrien. Ho tok eit års fri etter albumet kom ut.[2]

«Banquet» skildrar eit metaforisk brod der «some get the gravy / Some get the gristle... and some get nothing / Though there's plenty to spare» («somme får sausen, somme får brusken...og somme får ingenting, sjølv om det er mykje å avsjå»). «Barangrill»", med eit komplekst arrangement, er ein lettare og munter song om det enkle livet på rasteplassar langs vegen. «Lesson in Survival» er den første av kjærleikssongane, om lengsel etter meir privatliv og ein kjærleik for naturen. «Let the Wind Carry Me» stiller tankar om eit meir stabilt og vanleg liv opp mot eit sterkt ønske om å leve i fullstendig fridom.

Den andre sida opnar med «See You Sometime», som omhandlar flytande kjensler og romantisk konkurranse. «Electricity» snakkar om det enkle og stille landslivet mot korleis folk i det moderne samfunnet umedviten tenkjer på seg sjølv som maskinar. «Woman of Heart and Mind» er eit portrett av ein kjæraste med feil.

Albumet fekk god kritikk og The New York Times sa «Kvar av songane til Mitchell på For the Roses er eit praktstykke som stråler med hennar elegante språkbruk, hennar tidvise ironi og hennar perfekte forming av bilete. Mitchell talar aldri om ein tanke eller kjensle på vanleg måte. Ho er eit låtskrivar- og songgeni som ikkje kan hjelpe å få oss til å føle einsam».  

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell. 

# Tittel Lengd
1. «Banquet»   03:01
2. «Cold Blue Steel and Sweet Fire»   04:17
3. «Barangrill»   02:52
4. «Lesson in Survival»   03:11
5. «Let the Wind Carry Me»   03:56
6. «For the Roses»   03:48
7. «See You Sometime»   02:56
8. «Electricity»   03:01
9. «You Turn Me on I'm a Radio»   02:39
10. «Blonde in the Bleachers»   02:42
11. «Woman of Heart and Mind»   02:38
12. «Judgement of the Moon and Stars (Ludwig's Tune)»   05:19

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]