Cava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cava i Orknøyane)
Gå til: navigering, søk
Cava
Geografi
Cava is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°53′ N 3°10′ WKoordinatar: 58°53′ N 3°10′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 1,07 km²
Høgaste punkt 38 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Demografi
Folketal 0

Cava (norrønt Kálfey, «Kalvøya») er ei folketom øy i Orknøyane i Skottland. Ho er 1,07 kvadratkilometer stor og det høgaste punktet ligg 38 meter over havet. Namnet tyder «kalvøya», eit namn som ofte vert nytta om øyar som ligg nær ei større øy. Ei lita halvøy på Cava, som heng fast i resten av øya ved eit smalt eid, heiter Calf of Cava.

Nordvestover frå Cava: Graemsay og Mainland i bakgrunnen

Cava ligg i Scapa Flow like utanfor den mykje større øya Hoy. I nærleiken ligg småøyane Rysa Little og Fara og skjeret Barrel of Butter. Sør for Cava, mellom Fara og Rysa Little, ligg Gutter Sound, der mange tyske krigsskip vart ende i senk i 1919.

På 1700-talet plyndra den frykta sjørøvaren John Gow øya og tok bort tre unge kvinner. Som med dei mange andre øyane sør i Orknøyane, vart Cava fråflytta på 1900-talet.[1] Det er framleis ein bustad på øya - Cava Lodge.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wenham, Sheena (2003). The Orkney Book by Omand, Donald (ed.). ed. The South Isles. Edinburgh: Birlinn. ss. 208. 
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.