Det Liberale Folkepartiet (1992-)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) og Liberale Folkeparti (1957)
Det Liberale Folkepartiet (1992-)
Ideologi Liberalisme
Oppretta 1992
Farge Lilla
Partileiar Vegard Martinsen
Ungdomsorganisasjon Liberalistisk Ungdom
Partiavis Tidsskriftet Liberal
Ordførarar 0
Kommunestyre-
representantar
1
Fylkestings-
representantar
0
Stortings-
representantar
0
Nettstad www.stemdlf.no

Det Liberale Folkepartiet er eit grunnleggande liberalistisk parti. Dei arbeider for ei radikal overføring av makt og kapital frå staten til det einskilde individ. Dei arbeider òg for at lova skal femne om færrast mogelege samfunnsområde. Partiet vart skipa i 1992 av nokre medlemmer frå eit eldre parti med same namn (sjå Det Liberale Folkepartiet (1972-1988)) med målet om å vere eit puristisk liberalistisk parti. Det nye liberale folkepartiet har hatt låge oppslutnader ved val. Ved stortingsvalet 2005 stilte DLF liste i berre Oslo og Hordaland og fekk totalt 213 røyster - 0,008 % av røystene på landsplan.

Ungdomsorganisasjonen til Det Liberale Folkepartiet heiter Liberalistisk Ungdom.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

  • Det årlege Landsmøtet er den øvste myndigheita i DLF. Alle medlemmene i sentralstyret og to representantar frå kvart fylkeslag, og dessutan ein delegat per tiande medlem i fylkeslaget er delegert til Landsmøtet.
  • Mellom landsmøta har Sentralstyret det politiske og administrative ansvaret for partiet og vert rekna som øvste myndigheit. Sentralstyret er sett saman av leiar, nestleiar, sekretær, 2-4 styremedlemmer og 2-4 varamedlemmer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1992 vart det nye liberale folkepartiet starta opp av nokre få medlemmer av det gamle partiet, men denne gongen som eit radikalt endra parti med ein politikk bygd på puristisk liberalisme utan sosiale innslag. Partiet har fanga opp nokre av dei mest radikale utbrytarane frå Framstegspartiet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Det Liberale Folkepartiet (DLF) er eit fundamentalt liberalistisk parti. Dei understrekar det kapitalistiske systemet og den private eigedomsretten til grunn for det gode samfunnet.

I god liberalistisk ånd meiner DLF at forsvar, politi og rettsvesen er dei einaste aspekta av samfunnet som fell naturleg under staten sitt ansvar. Sosial utjamning og enkeltmenneska sine behov er det enkeltmenneska sjølve som skal sørgje for, ikkje staten. Difor arbeider DLF for radikal likskap for lova, og at staten ikkje, slik DLF ser det, skal ta omsyn til minoritetar eller andre utsette grupper sine særlege behov. Lova skal avgrensast til å gjelde eit minimum av alle samfunnsområda, mellom anna skal ikkje narkotika nemnast i lovverket. DLF vil i størst mogleg grad ha friviljug skatt over tvungen skatt, og tek avstand frå «alle skal med»-prinsippet.

Staten har, slik DLF ser det, ikkje noko naturleg ansvar for kultur- og åndslivet i samfunnet (det vere seg skule, medisin, media, forsking osv). Staten skal med andre ord ikkje drive eigne skular, støtte nokon form for media (t.d. lokalaviser), eller liknande.

Staten har, slik DLF ser det, ikkje noko naturleg ansvar for næringsverksemd. Staten skal korkje drive eller gje nokon verksemder subsidiar eller tollvern. Det skal heller ikkje vere naudsynt å måtte få løyve frå staten for å drive næringsverksemd (t.d. skulekantiner eller aldersheimar).

Partiet er tydeleg inspirert av den objektivistiske forfattaren og filosofen Ayn Rand.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Partileiarar i DLF[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Det Liberale Folkepartiet
Liberalistisk Ungdom

Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet Dei Grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | Sentrumsalliansen