461 Ocean Boulevard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
461 Ocean Boulevard
Studioalbum av Eric Clapton
Utgjeve Juli 1974[1]
Innspelt April–mai 1974 i Criteria Studios i Miami i Florida[1]
Sjanger Bluesrock
Lengd 43:21
Selskap RSO
Produsent Tom Dowd[1]
Kritikk
Eric Clapton-kronologi
Eric Clapton
(August 1970)
461 Ocean Boulevard There's One in Every Crowd
(Mars 1975)

461 Ocean Boulevard er det andre studioalbumet til Eric Clapton som soloartist, gjeve ut i juli 1974 på RSO etter suksess med «I Shot the Sheriff».[1] Huset på plateomslaget er 461 Ocean Boulevard i Miami.

I 2003 vart albumet rangert på 409. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[2] I 2004 vart det gjeve ut ein dobbel-CD med 461 Ocean Boulevard med ny digital lyd. Den andre disken inneheld eit konsertopptak frå HMV Hammersmith Apollo (tidlegare Hammersmith Odeon).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vorte kvitt heroinmisbruket sitt, gav Eric Clapton ein demoteip til Carl Radle – tidlegare bassist for Derek and the Dominos – med songar spelt av Radle i lag med klaverspelar Dick Simms og trommeslagar Jamie Oldaker. Manageren til Clapton, Robert Stigwood arrangerte det slik at Clapton kunne spele inn musikk i Criteria Studios i Miami, med Radle, Simms, Oldaker, og plateprodusent Tom Dowd.[1] Stigwood betalte òg for huset Clapton budde i på adressa 461 Ocean Boulevard.

Då Clapton starta å innspelinga ved Criteria, vart Yvonne Elliman på korvokal og gitarist George Terry fulltidsmedlemmer av gruppa hans. På denne tida spelte Terry albumet Burnin' av Bob Marley and the Wailers, og dette inspirerte han til å spele inn ei utgåve av «I Shot the Sheriff». I starten ønskte ikkje Clapton å gje ut denne songen på 461 Ocean Boulevard, men dei andre i bandet overtydde han om å ta han med.[1] Songen vart gjeven ut som singel og vart den einaste førsteplassen Clapton fekk på den amerikanske singellista.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Stephen Thomas Erlewine frå Allmusic skildra albumet som fokusert og konsistent med estetikken til Eric Clapton.[4] Blender si melding av albumet i 2004 (spesialutgåva) kalla Jon Pareles Eric Clapton-tida med Cream for langt betre enn Clapton på 461 Ocean Boulevard, fordi han meinte det var noko anstrengt synging på 461 Ocean Boulevard. Pareles skildrar òg versjonen til Clapton av «I Shot the Sheriff» som ein kopi uta originale arrangement. Han hylla songen «Let It Grow», men kritiserte han for å vere for lik «Stairway to Heaven».[5] Robert Christgau kalla albumet ærleg og banebrytande for Clapton, men hylla coversongane som dei beste på albumet.[6] Ken Emerson i Rolling Stone kalla gitarspelinga til Clapton lite merkverdig og kritiserer Clapton for å gøyme seg bak dei andre musikarane, som utanom Jamie Oldaker, ikkje var særleg gode. Emerson kritiserer òg Clapton for å bruke dobro på albumet, men kallar «Let It Grow» eit høgdepunkt.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Motherless Children»   trad. arr. Eric Clapton, Carl Radle 4:55
2. «Give Me Strength»   Clapton 2:51
3. «Willie and the Hand Jive»   Johnny Otis 3:31
4. «Get Ready»   Clapton, Yvonne Elliman 3:50
5. «I Shot the Sheriff»   Bob Marley 4:30
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «I Can't Hold Out»   Elmore James 4:10
7. «Please Be With Me»   Charles Scott Boyer 3:25
8. «Let It Grow»   Clapton 4:57
9. «Steady Rollin' Man»   Robert Johnson 3:14
10. «Mainline Florida»   George Terry 4:05

Deluxe-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Plate ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Motherless Children»   trad. arr Clapton, Radle 4:55
2. «Give Me Strength»   Clapton 2:54
3. «Willie and the Hand Jive»   Otis 3:31
4. «Get Ready»   Clapton, Elliman 3:47
5. «I Shot the Sheriff»   Marley 4:25
6. «I Can't Hold Out»   James 4:14
7. «Please Be With Me»   Boyer 3:26
8. «Let It Grow»   Clapton 5:00
9. «Steady Rollin' Man»   Johnson 3:14
10. «Mainline Florida»   Terry 4:09
11. «Walkin' Down the Road»   Musgrave, Levine 5:17
12. «Ain't That Loving You»   Jimmy Reed 5:30
13. «Meet Me (Down at the Bottom)»   Willie Dixon 6:59
14. «Eric After Hours Blues»   Clapton 4:23
15. «B-Minor Jam»   Clapton 7:11

All songane på den andre plata vart spela inn 4. og 5. desember 1974 i Hammersmith Odeon i London.

Plate to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Smile»   Charlie Chaplin, Geoffrey Parsons, John Turner 4:39
2. «Let It Grow»   Clapton 6:23
3. «Can't Find My Way Home»   Steve Winwood 4:49
4. «I Shot the Sheriff»   Marley 7:49
5. «Tell the Truth»   Clapton, Bobby Whitlock 7:03
6. «The Sky Is Crying/Have You Ever Loved a Woman/Rambling On My Mind»   James/Billy Myles/Johnson 7:23
7. «Little Wing»   Jimi Hendrix 6:49
8. «Singin' the Blues»   McCreary 7:42
9. «Badge»   Clapton, George Harrison 8:36
10. «Layla»   Clapton, Jim Gordon 5:26
11. «Let It Rain»   Bonnie Bramlett, Clapton 6:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]