Elektrisk polarisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektrisk polarisasjon (òg kalla polarisasjonstettleik eller berre polarisasjon) er i klassisk elektromagnetisme eit vektorfelt som uttrykker tettleiken til permanent eller indusert elektrisk dipolmoment i eit dielektrikum. Når eit dielektrikum vert plassert i eit ytre elektrisk felt, får molekyla i stoffet ei telektrisk dipolmoment og dielektrikumet vert sagt å vere polarisert. Det elektriske dipolmomentet indusert per volumeining av dielektrikumet er kalla den elektriske polarisasjonen av dielektrikumet.[1][2]

Polarisasjonen skildrar òg korleis eit stoff reagerer på eit elektrisk felt, samt måten materialet endrar det elektriske feltet, og kan nyttast til å rekne ut kreftene som kjem av desse vekselverknadane. Det kan samanliknast med magnetisering, som er målet på tilsvarande reaksjon for eit stoff i eit magnetfelt i magnetisme. SI-eininga for elektrisk polarisasjon er coulomb per kvadratmeter, og symbolet for polarisasjonen er ein vektor P.[3]

Definisjonen[endre | endre wikiteksten]

Den elektriske polarisasjonen P er definert som midla elektrisk dipolmoment d per volumeining V av eit dielektrikum:[4]

\mathbf{P}=\frac{\langle\mathbf{d}\rangle}{V}

som kan tolkast som eit mål på kor innretta dipolane er i eit område av stoffet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Introduction to Electrodynamics (3rd Edition), D.J. Griffiths, Pearson Education, Dorling Kindersley, 2007, ISBN 81-7758-293-3
  2. McGraw Hill Encyclopaedia of Physics (2nd Edition), C.B. Parker, 1994, ISBN 0-07-051400-3
  3. McGraw Hill Encyclopaedia of Physics (2nd Edition), C.B. Parker, 1994, ISBN 0-07-051400-3
  4. Electromagnetism (2nd Edition), I.S. Grant, W.R. Phillips, Manchester Physics, John Wiley & Sons, 2008, ISBN 978-0-471-92712-9