Smålom
| Smålom | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Gaviiformes | |
| Familie: | Gaviidae | |
| Slekt: | Gavia | |
| Vitskapleg namn | ||
| Gavia stellata | ||
Smålom er ein stor symjefugl med langstrakt kropp og langt, spist nebb. Dei ligg djupare i vatnet enn symjefuglar flest (omtrent som skarvar, toppskarv og storskarv). Både hannen og hoa er heilt like i utsjånad, og det er difor nesten heilt umogleg å sjå skilnaden på dei. Sommardrakta til smålomen er lett å kjenne igjen på den einsfarga brune ryggen og den raudbrune strupeflekken. I vinterdrakta verkar fuglen lysare med fin kvitflekka rygg og lyst ansikt. Hjå ein symjande smålom peikar nebbet som oftast svakt oppover- det er eit godt kjenneteikn.
Biotop [endre]
Han held til ved småpyttar og små tjern, og gjerne på fjellet med fiskevatn der han plasserer reiret sitt trygt utpå ei torv. Smålomen går berre på land i hekketida. Han lever mellom anna av fisken han fangar i vatnet. Han kan vere ein stor forbrukar når det gjeld å fange fisk. Fuglen kan symje opp til 100-200 m under vatn.
Hekking [endre]
Smålomen legg 1-3 egg, av same farge som storlomen, men litt mindre. Han legg dei i mai-juni og vert ruga av begge foreldra i 4 veker. Smålomen reiser bort frå hekkeplassen i løpet av hausten og overvintrar for det meste langs vår eigen kyst. Han kjem attende i april-mai.