Haddy N'jie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haddy N'jie som programleiar under generalprøva for Eurovision Song Contest 2010

Haddy Jatou N'jie (fødd 25. juni 1979 i Oslo) er ein norsk songar, låtskrivar, forfattar og journalist. Som soloartist har ho gjeve ut platene White Lies (Vigd Music 2005), Welcome Home (trust Me Records 2007) og World of The Free (Universal 2010). Ho har òg turnert på ungdomsskular med Rikskonsertene. Ho har jobba i Dagsrevyen og skrive som frilansar for ei mengd norske magasin, mellom dei Kvinner & Klær og Helsemagaisnet Puls. Sidan sommaren 2007 har ho vore fast laurdagsspaltist i Dagbladet og vekslar med Cathrine Sandnes, Knut Nærum og Kjetil Rolness. Dessutan har ho sett opp to heilkveldsshow med gruppa Queendom. I 2008 skreiv ho teaterstykket "Jeg vet hvorfor" for Den Unge Scenen. Stykket skal setjast opp på fleire regionsteater over heile Noreg.

Haddy er utdanna journalist frå Høgskolen i Oslo.

Hausten 2008 debuterte ho med den lettlesne boka Dans, dans! og queendom-boka "Oppdrag Norge", begge på Cappelen Damm.

Hausten 2009 leia ho TV-aksjonen saman med Dan Børge Akerø.

I boka "Hvem er Hvem?" er ho nemnt som ein av dei ti mest innverknadsrike menneska i Noreg med minoritetsbakgrunn.

Far til Haddy N'jie er frå Gambia, mora frå Noreg. Ho voks opp på Kolbotn søraust for Oslo, og var elev ved Oslo Private Gymnasiet frå 1995-1998. Nokre hugsar kanskje Haddy frå ungdomsprogrammet Midt i Smørøyet i 1990. Haddy N'jie er syster til illustratøren og barnebokforfattaren Lisa Aisato N'jie Solberg.

I mai 2010 leia ho den internasjonale songkonkurransen Eurovision Song Contest 2010 i Telenor Arena saman med Erik Solbakken og Nadia Hasnaoui.

8. januar 2011 var ho programleiar for Idrettsgallaen 2011 i Hamar OL-Amfi saman med Erik Solbakken. Ho opna showet med songen «I need a hero».


Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Album
  • 2005: White Lies (Via Music)
  • 2007: Welcome Home (trust Me Records)
  • 2010: World of The Free (Universal)