Norman Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norman «Hurricane» Smith (22. februar 19233. mars 2008) var ein engelsk musikar og plateprodusent.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Smith vart fødd i Edmonton i Middlesex og tente som RAF-glidepilot under den andre verdskrigen. Etter ei mislukka karriere som jazzmusikar, starta Smith hos EMI som lydteknikar i 1959.

Han var lydteknikar på alle innspelingane til The Beatles i EMI Studios fram til 1965 då EMI forfremma han frå lydteknikar til produsent. Det siste Beatles-albumet han spelte inn var Rubber Soul,[1] og Smith var lydteknikar på nesten 100 Beatles-songar i alt.[2]

John Lennon gav Smith kallenamnet «Hurricane» og dette vart raskt fanga opp av dei andre Beatles-medlemmane. Dette var eit ironisk kallenamn, fordi Smith var særs roleg og aldri let seg vippe av pinnen.

Medan han arbeidde med The Beatles den 17. juni 1965, fekk han tilbodet om £15 000 av distribusjonsselskapet til bandet, Dick James Music, for å kjøpe ein song han hadde skrive.[3]

Tidleg i 1967 starta han å arbeide med eit nytt band, Pink Floyd, og produserte det første, andre og fjerde albumet deira, The Piper at the Gates of Dawn, A Saucerful of Secrets og Ummagumma.[4] Under innspelinga av songen «Remember a Day», vart trommeslagaren Nick Mason opphissa av at han ikkje klarte å kome fram til det riktige trommemønsteret for songen. Smith visste derimot kva han ønskte og spelte mønsteret sjølv.[5]

I 1968 produserte Smith eit av dei første konseptalbuma i rockehistoria, The Pretty Things sitt S.F. Sorrow.

Han produserte tidlege innspelingar av Barclay James Harvest, mellom anna det kritikarroste albumet Once Again og mange år seinare vart han nemnd med namn i John Lees-songen «John Lennon's Guitar».

I 1971, med artistnamnet «Hurricane Smith», fekk han ein hit i Storbritannia med «Don't Let It Die». Dette var ein demo av ein song han hadde skrive i håp om at John Lennon skulle spele han inn. Då han spelte han for plateprodusenten Mickie Most, var Most imponert nok til at han bad han gje han ut som songen var. I 1972 fekk han ein ny hitt med «Oh Babe What Would You Say?», som gjekk til topps på den amerikanske Cash Box-lista og tredjeplass på Billboardlista.[6] På det første albumet til Smith, kalla opp etter han sjølv, var singelen «Who Was It?» av Gilbert O'Sullivan, som vart ein tredje hit.

I 2004 gav Smith ut eit nytt album, From Me To You med nyinnspelingar av nokre av dei tidlegare songane hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norman Hurricane Smith - "The Sound of The Beatles"». Ear Candy. 2006-03-01. http://www.earcandymag.com/normansmith-book.htm. Henta 15. februar 2011. 
  2. Swirsky, Seth (2006-03-01). «A Ticket To Rye: My Afternoon with Beatles Engineer Norman Smith». http://www.seth.com/bio_story18.html. Henta 15. februar 2011. 
  3. Lewisohn, Mark. The Beatles Recording Sessions. Harmony Books, 1989, s. 60.
  4. «Nick Mason interview». Ear Candy. 1973-03-01. http://www.pinkfloyd-co.com/band/interviews/nbm/nbm73.html. Henta 15. februar 2011. 
  5. Blake, Mark. Comfortably Numb: The Inside Story of Pink Floyd. Thunder's Mouth Press, 2008, s. 117.
  6. «1973 UK, Eurochart, Billboard & Cashbox No.1 Hits». http://musicseek.info/no1hits/1973.htm. Henta 2008-02-13. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]