It's My Life av Cezar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«It's My Life»
Singel av Cezar
Land Romania
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Cristian Faur

«It's My Life» (engelsk for Det er mitt liv) er det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Cezar. Songen er skriven av Cristian Faur.

Selecția Națională 2013[endre | endre wikiteksten]

Televiziunea Română (TVR) valte ut 32 bidrag, mellom dei «It's My Life» av Cezar, som fekk delta i Selecția Națională 2013, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 13, etter «La donna di nero» av Liviu Mititelu og før «Firebird» av Tammy. Bidraget enda på andreplass med 18 poeng og gjekk vidare til finalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer sju, etter «Run Away With Me» av Ovidiu Anton og før «The Best Thing In Life Is To Love» av Cristian Prăjescu. Bidraget vann med 20 poeng, åtte poeng frå juryen og tolv poeng frå fjernsynssjåarane, og vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2013. Etter finalen vart det laga ein protestgruppe på Facebook der ein prøvde å boikotte resultata frå finalen av di jurymedlem Ştefan Naftanailă gav null poeng til «Unique» av Luminița Anghel, medan dei andre i juryen gav bidraget fire tolvarar, éin tiar og ein sjuar.[1][2] Manageren for utvalet, Dan Manoliu, vart òg overraska over røytinga, men erklærte at resultata oppfyller tevlinga sine kriteriar.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«It's My Life»
ESC2013 - Romania 05.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Romania
Artist(ar) Cezar
Språk Engelsk
Komponist(ar) Cristian Faur
Låtskrivar(ar) Cristian Faur
Resultat
Romania i Eurovision Song Contest
«Zaleilah»
(2012)
«It's My Life»

«It's My Life» vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2013 etter at bidraget vann Selecția Națională 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Romania vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer 17, etter Sveits med «You and Me» av Takasa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Boicotarea-Selectiei-Nationale-Eurovision-2013. Facebook. Vitja 26. mars 2013.
  2. SCANDALUL EUROVISION ROMANIA SE MUTA PE INTERNET (rumensk). Muzzix.ro (11. mars 2013). Vitja 26. mars 2013.