Kjempepetrellar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjempepetrellar

Status i verda: LC Livskraftig

Sørkjempepetrell (Macronectes giganteus), bilete av kvit morf frå Drakesundet.Foto: National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), U.S. Department of Commerce
Sørkjempepetrell (Macronectes giganteus), bilete av kvit morf frå Drakesundet.
Foto: National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), U.S. Department of Commerce

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Macronectes
Art: M. giganteus
M. halli
Vitskapleg namn
Macronectes

Kjempepetrellar er dei største petrellane som finst. Dei er sjøfuglarden sørlege halvkula og har felles hekkeområde på Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelen, Macquarieøya og Sør-Georgia, sørkjempepetrellen òg så langt sør som på Antarktis. Dette er ei slekt, Macronectes i familien Procellariidae, eigentlege stormfuglar, med to artar, sørkjempepetrell og nordkjempepetrell.

Nordkjempepetrell (Macronectes halli)
Foto: Samuel Blanc

Kjempepetrellane var lenge rekna som ein art, dei vart aksepterte som to artar i 1966.[1] Saman med havhest, sørhavhest, antarktispetrell, flekkpetrell og snøpetrell utgjer dei ei distinkt gruppe av eigentlege stormfuglar, kalla havhestar.

Namnet kjempepetrell passar desse fuglane. Sørkjempepetrellen er noko større enn slektningen, 3-8 kg og 180-210 cm i vengespenn og 86-100 cm i kroppslengd. Tilsvarande data for nordkjempepetrellen er 3-5 kg, 150-210 cm og 80-95 cm. Hannar er signifikant større og tyngre enn hoer.[1] Overflatisk kan dei minne om albatrossar, og dei er einaste ekte stormfuglar som kjem opp i samsvarande storleik. Men dei kan lett skiljast frå albatrossane etter utforminga av nebbet, den røyrforma ytre nasen er samanvaksen på oversida av nebbet hos kjempepetrellane, medan albatrossar har fråskilte opningar på sidene av nebbet. Den kvite morfen av sørkjempepetrellen er meir kvit enn nokon albatross, elles er kjempepetrellane mykje mørkare og meir gråbrunspraglete enn albatrossar, og er ein aning meir krumrygga.

Femten prosent av sørkjempepetrellane, M. giganteus, er av ein lys morf, nesten heilt kvite, og er enkle å artsfastsetje. Dei andre sørkjempepetrellane kan vere vanskeleg å skilje frå systerarten. Framspissen av nebbet hos nordkjempepetrellen, M. halli, er svakt raudaktig eller rosa, hos giganteus bleik grøn. Undersida av eldre halli er bleikare og meir einsarta enn giganteus, sistnemnte viser ein kontrast mellom eit bleikare hovud og nakke og mørkare buk. I tillegg syner vaksne halli vanlegvis bleike augo, medan vaksne giganteus av normal morf vanlegvis syner mørke auge, sporadisk med bleike flekkar. Klassiske eksemplar av nordkjempepetrellen er identifiserbare innanfor ein rimeleg avstand. Uheldigvis er ungfuglar av begge artar mørke og særs vanskeleg å skilje om ikkje farga på nebbspissen kjem tydeleg fram. Nokre relativt unge nordkjempepetrellar kan synast å vere bleikare på hovudet, det indikerer sørkjempepetrell, og dermed er nordkjempepetrell verre å stadfeste enn sørkjempepetrell.

Kjempepetrellane grip sjansen til å finne føde både på land og til havs, unikt for eigentlege stormfuglar. Faktisk finn dei det meste av føda nær kysten. På land et dei åtsel, spesielt av selar og pingvinar. Dei har robuste føter og kan som einaste petrellar ta seg godt fram til fots. Til havs tar dei kril, blekksprut og fisk. Ofte kan dei følgje fiskebåtar for å plukke avfall. Kjønna har ulike strategiar for å søke føde, spesielt utanfor hekketida.[1]

Sørkjempepetrellen har størst tilhug til å danne lause hekkekoloniar. Han startar hekkesesongen ca. 40 dagar etter nordkjempepetrellen på stadar kor dei har felles hekkeområde.[1] Begge legg berre eit egg og rugar i om lag 60 dagar. Ungane treng 4 månader til dei er flygedyktige og er kjønnsmodne etter 6 til 7 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 González-Solís, J & J.P.Croxall (2005) Sexual segregation in vertebrates. (red. K.E. Ruckstuhl og P.Neuhaus), s. Kapittel 6, 92-111 – Cambridge University Press, Cambridge. ISBN 978-0521835220.