Sørkjempepetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørkjempepetrell

Status i verda: LC Livskraftig

Vaksen, mørk morf med kvitt hovud nordvest for FalklandsøyaneFoto: Flickr-brukar dfaulder
Vaksen, mørk morf med kvitt hovud nordvest for Falklandsøyane
Foto: Flickr-brukar dfaulder

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Macronectes
Art: M. giganteus
Vitskapleg namn
Macronectes giganteus

Sørkjempepetrell (Macronectes giganteus) er ein stor sjøfugl i stormfuglfamilien med to morfar, ei lys og ei mørk form. Han er ein av to artar av kjempepetrellar, begge lever dels pelagisk og er utbreidd sirkumpolart på kystar og til havs i den subantarktiske regionen. Hekkinga skjer på isfrie område av Antarktis og på subantarktiske øyar, den største hekkepopulasjonen finst på Falklandsøyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ungfugl.
Foto: Flickr-brukar dfaulder
Bilete av kvit morf frå Drakesundet.
Foto: National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), U.S. Department of Commerce

Sørkjempepetrell har same storleik som slektningen nordkjempepetrell, kroppslengda er ca. 90 cm, vengespennet er på opptil 2,1 meter,[1] og han veg i gjennomsnitt 4,5 kilogram. Kjempepetrellane er dermed større enn til dømes Phoebastria-abatrossane, men har mindre vengespenn. Denne arten har to morfar, den mørke morfen i gråbrunt liknar nordkjempepetrell, men den mørke sørkjempepetrellen får lysare hovud som kan bli heil kvitt. Fjørdrakta er gråbrun, framhovud og hals kan bli kvite. Unge fuglar er mørk brune og særs lik ungfuglar av nordkjempepetrell. Den lyse morfen kan bli nær kvit, men med få og spreidde mørke flekker. Kjempetretrellar har massive, gule nebb, sørkjempepetrellen med bleikgrøn nebbtupp, det sikraste kjenneteiknet som skil han frå nordkjempepetrell.

Denne arten lever på kystar i alle sørlege hav, i Sørishavet og i sørlege område av Stillehavet, Atlanterhavet og Det indiske havet. Om sommaren hekkar og beitar han sør for 60° sør i Stillehavet og Indiahavet, og sør for 53° sør i regionar ved Macquarieøya, men held seg i beltet mellom 53° sør og den sørlege vendesirkelen på 23° sør i vinterhalvåret, jamvel enda legre nord.[2]

Sørkjempepetrell er i større grad enn nordkjempepetrell ein kolonihekkar, dei største koloniane ligg på Falklandsøyane, Sør-Georgia, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Orknøyane, Heard- og McDonaldøyane, Macquarieøya, øyar utanfor Sør-Amerika, Tristan da Cunha og på fastland på Den antarktiske halvøya.[3] Men dei hekkar òg spreidd i mindre tal på andre øyar. Kvar koloni i hekkepopulasjonen er mellom 10 og 300 par. Beitemønstret i hekketida varierer, ved nokre øyar finn dei føda innanfor 30 km, i andre døme har ein funne fuglar opptil 2000 km borte frå kolonien. Utanom hekketida kan nokre vere mykje stasjonære i dei nordlegste områda, men jamt over vil sørkjempepetrellar spreie seg vidt og lengre nord om vinteren.

Dietten består av åtsel av pattedyr og fuglar, fiskeavfall, men dei kan og drepe mindre sjøfuglar inklusive pingvinar. Dei plukkar òg krepsdyr og fisk på havoverflata.

Egglegging skjer frå august til oktober og det eine kvite egget har ei rugetid på ca. 60 dagar. Ungane kan flyge etter ca. 115 dagar og dreg ut på havet frå slutten av februar. Dei er mellom 6 og 7 år nå dei returnerer til kolonien for å bli hekkefuglar.

Arten har status som livskraftig, og bestanden er estimert til ca. 150 000 individ inkludert ungfuglar, og er trudd å vere aukande.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Curtis, Lee K (2012). Queensland's threatened animals. Collingwood, Vic.: CSIRO Pub.. s. 260. ISBN 9780643096141 0643096140 9780643104563 0643104569. 
  2. Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities (2011). Background Paper, Population Status and Threats to Albatrosses and Giant Petrels Listed as Threatened under the Environment Protection and Biodiversity Conservation Act 1999. Commonwealth of Australia, Hobart. 
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sørkjempepetrell