Leif Granli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leif Granli (fødd 25. september 1909 i Hegra, død 17. mars 1988) var småbrukar, journalist og politikar som representerte Arbeidarpartiet. Han blei vald til Stortinget frå Nord-Trøndelag samanhengande frå 1945 til 1973, berre avbrote av eit par år som landbruksminister i Einar Gerhardsen si fjerde regjering frå 1963 til 1965. Han var visepresident i Stortinget frå 1969 til 1972 og stortingspresident frå 1972 til 1973. Ansenniteten hans som stortingsrepresentant tel 27 år og 301 dagar.

Granli var son til snikkar Paul Troseth og ektefelle Severine Buland. Han kom inn i lokalpolitikken 24 år gammal og var medlem av kommunestyret i Frol frå 1933 til 1949 og i Levanger kommunestyre frå 1959 til 1967.

Granli dreiv sitt eige småbruk i Frol frå 1935 til 1940. Han var også journalist i Arbeider-Avisen i Trondheim frå 1937 til 1940. Han var så redaktør i Hardanger Folkeblad i Odda frå 1940 til 1941.

Granli blei utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag i 1972 og sat i dette embetet fram til oppnådd aldersgrense i 1979.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]