Mona Røkke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mona Røkke (fødd 3. mars 1940 i Drammen, Buskerud, død 13. juli 2013) [1] var ein norsk jurist og politikar frå Høgre. Ho blei vald inn på Stortinget frå Buskerud i 1977 og attvald i 1981 og 1985. Ho var justisminister i Regjeringa Willoch frå 1981 til 1985, og ho var Fylkesmann i Vestfold frå 1989 til 2010.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Politiske og offentlege verv[endre | endre wikiteksten]

  • 1990–1997 Klagenemnda for kringkastingsprogram.
  • Nestleiar i styret for Statens landbruksbank/Landbrukets utviklingsfond frå 1994 til 2000.
  • 1990 og 1991 leiar for eit utval som utgreidde rettstryggleik for menneske med psykisk utviklingshemming.
  • 2003–2004 medlem av lovutvalet for harmonisering av den kommunale helse- og sosiallovgjevinga.
  • 2001–2004 medlem av klagenemnda for film og video.
  • 1995–2004 leiar av Telenor si bedriftsforsamling.
  • 1997–2005 leiar av Reindriftsstyret.
  • Frå 2001 leiar av Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar.
  • 1976–1985 medlem av Høgre sitt sentralstyre .
  • 1979–1985 leiar i Høgrekvinnene sitt landsstyre.
  • 1986–1988 nestleiar i Europabevegelsen.
  • 1987–1993 styremedlem i Den Norske Kreftforening, nestleiar 1988–1993.
  • 1989–1997 nestleiar i styret for Norsk Folkemuseum.
  • 1991–1993 varamedlem i Nobelkomiteen.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Ho blei i 2005 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Mona Røkke var justisminister då ho i september 1985, fekk vite at ho hadde kreft for andre gong. Sjølvbiografien Ingen tid for tårer fortel om Monas Røkke sin kamp mot sjukdomen. Ho fortel også om barndom og unge år, om tida som politifullmektig i Drammen, som stortingsrepresentant og som justisminister.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Mona Røkke. Fortalt til Thorleif Andreassen (1986): Ingen tid for tårer Oslo Gyldendal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]