Johan Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjå også Johan Henrik Cappelen (1795 - 1850) og Kontorsjef Johan Henrik Cappelen (1838 - 1900).

Johan Cappelen (25. oktober 18891947) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar frå Høgre, justisminister i Gerhardsen si samlingsregjering i 1945.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Johan Cappelen blei cand. jur. i 1911 og hadde deretter praksis som dommarfullmektig. Han starta i 1915 eigen sakførarforretning i Trondheim og blei høgsterettsadvokat i 1922. Han var medlem av bystyret, og ordførar i Trondheim 1931-34. I 1940 blei han konstituert som fylkesmann i Sør-Trøndelag, men avsett same hausten av nazistane. I 1943-45 sat han i fengsel, i fangeleirane på Vollan, Falstad og Grini. Han blei sett inn att som fylkesmann ved frigjeringa i 1945, og var fylkesmann til han døydde i 1947.

I Einar Gerhardsen si samlingsregjering i 1945 var Johan Cappelen statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister).

Johan Cappelens vei i Trondheim er kalla opp etter han.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Johan Cappelen høyrde til eldste sons grein i den norske slekta Cappelen, som har fleire andre medlemmar med same namnet. Han var son til overlege Johan Chr. S. Cappelen (død 1936) og ektefelle Katharina M. fødd Steen (død 1915).

Johan Cappelen var gift med Hjørdis fødd Mack Floer (1884-1981). Dei har fleire etterkomarar i dag med slektsnamnet Cappelen. Mellom etterkomerane er også kjøpmann Trond Lykke i Trondheim.