Nynorsk i grunnskulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

[endre] Historie

Nynorsk (Landsmaal) vart jamstilt med bokmål (Riksmaal) i grunnskulen ved folkeskulelova av 1892, som overlet til dei lokale skulestyra å fastsetje kva målform som skulle nyttast.

Dei tidlegaste tilgjengelege data er frå 1910, då omlag 12% av elevane i grunnskulen hadde nynorsk. I 1920 var prosentdelen komen opp i 18, og i 1930 nesten 20. Det vart ein monaleg auke etter innføringa av rettskrivinga av 1938, og nynorskprosenten nådde høgdepunktet sitt i 1944 med 34% av elevane. I elevtal vart høgdepunktet nådd ti år etter med 106 000 elevar. På denne tida stod målet sterkt ikkje berre på Vestlandet, men òg i store delar av Aust- og Sørlandet og i Trøndelag. Nynorsk fekk likevel ikkje fotfeste i byane, men stod altså sterkt i distrikta i store delar av landet.

Etterkrigstida var prega av sterk tilbakegang i prosentdelen nynorskelevar til han stabiliserte seg på om lag 17% på 1970-talet. Nynorsken stod då attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet. Ein ny tilbakegang tok til på midten av 1990-talet og nynorskdelen ligg no på 13.6%. Det nye er at bokmålet utfordrar i delar av nynorsken sitt kjerneområde, særleg i dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet og kring dei større byane på Vestlandet. Denne tilbakegangen for nynorsk som skulemål tyder likevel ikkje at bokmål har styrkt seg tilsvarande, for ifølgje Ottar Grepstad "(har) det store fleirtalet av innvandrarane busett seg i bokmålsområde, (og dermed) var det også bokmålsskulane som hadde flesteparten av elevane med norsk som andrespråk. (---) frå 1990-åra av gjekk bokmål som førstespråk meir tilbake enn nynorsk som førstespråk." (I foredrag 4. februar 2006, gitt att i Mål og Makt nr 1 2006).

Minkinga i prosentdelen med nynorsk har vorte mindre det siste tiåret enn i 1990-åra, han gjekk berre ned frå 15,0 % i 2000 til 13,6 % i 2007-08. Folketalsutviklinga og fleire skulesteg har gjort at sjølve elevtalet har halde seg ganske godt, det har vore noko i underkant av 90 000 nynorskelevar sidan 1997. Men talet på nynorskelevar har likevel gått noko ned frå toppåret 2002, og for skuleåret 2007-08 er talet nede i 84 159.

[endre] Elevtal og skulekrinsar

Ein fylkesvis gjennomgang viser at nynorsken står sterkast som skulemål i Sogn og Fjordane med 97% av elevane, medan han er om lag jamsterk med bokmålet i Møre og Romsdal (54%) og Hordaland (41%). Han er òg relativt utbreidd i Rogaland (26%), Oppland (20%) og Telemark (14%), medan prosentdelen i Aust-Agder (7%), Vest-Agder (3%) og Buskerud (3%) har vorte temmeleg liten. Det er mesta ikkje elevar med nynorsk hovudmål i fylka kring Oslofjorden, i Hedmark, i Trøndelag og Nord-Noreg.

Prosentdelen av nynorsk-krinsar speglar i nokon grad att elevtala, men fordi nynorske skulekrinsar gjennomsnittleg er mindre enn bokmålskrinsane, vert prosentdelen krinsar noko høgare. Sjå tabellen under for detaljar. Det har vore ei lita minking i talet på nynorsk-krinsar det seinaste tiåret, dels fordi hovudmålet har vorte endra gjennom målrøysting i kvar einskild skulekrins, eller fordi små grendaskular har vorte lagde ned.

Elevtal og skuleeiningar etter målform og fylke 2007-08
Fylke Elevtal Skuleeiningar
Bokmål Nynorsk Samisk Sum  %NN Bokmål Nynorsk Samisk Sum  %NN
Østfold 34392 1 1 34394 0,0 % 129 0 0 129 0 %
Akershus 73315 2 0 73317 0,0 % 244 0 0 244 0 %
Oslo 53716 9 0 53725 0,0 % 135 0 0 135 0 %
Hedmark 23510 0 6 23516 0 % 146 0 0 146 0 %
Oppland 18468 4661 0 23129 20,2 % 94 50 0 144 34,7 %
Buskerud 30847 1072 0 31919 3,4 % 138 14 0 152 9,2 %
Vestfold 29866 0 0 29866 0 % 129 0 0 129 0 %
Telemark 18181 2990 0 21171 14,1 % 91 40 0 131 30,5 %
Aust-Agder 13478 979 0 14457 6,8 % 59 12 0 71 16,9 %
Vest-Agder 22644 804 0 23448 3,4 % 104 7 0 111 6,3 %
Rogaland 43824 15165 0 58989 25,7 % 144 103 0 247 41,7 %
Hordaland 36448 25654 0 62102 41,3 % 108 219 0 327 67,0 %
Sogn og Fjordane 448 13478 0 14457 97,0 % 2 130 0 132 98,5 %
Møre og Romsdal 15475 18045 0 33520 53,8 % 73 162 0 235 68,9 %
Sør-Trøndelag 36481 50 5 36536 0,1 % 165 1 0 166 0,6 %
Nord-Trøndelag 18134 48 2 18184 0,3 % 115 1 0 115 0,9 %
Nordland 31765 11 29 31805 0,0 % 245 0 0 245 0 %
Troms 20827 50 50 20927 0,2 % 151 0 1 152 0 %
Finnmark 9289 1 845 10135 0,0 % 85 0 7 92 0 %
Utland 695 14 0 709 2.0 % 16 0 0 16 0 %
Heile landet 531803 84159 938 616900 13,6 % 2373 739 8 3120 23,7 %

[endre] Sjå òg

Nynorsk som skulemål i Hordaland

[endre] Kjelder

Personlege verktøy