Comfortably Numb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Comfortably Numb
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Wall
B-side

«Hey You»

Språk engelsk
Utgjeve 1979
Innspelt April–November 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 6:21
Selskap EMI
Komponist David Gilmour, Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) David Gilmour & Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters
Pink Floyd-kronologi 
«Another Brick in the Wall (Part 2)»
(1979)
Comfortably Numb «Run Like Hell»
(1980)


«Comfortably Numb» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Wall frå 1979. Musikken er komponert av David Gilmour (med små medverknadar av Waters), medan teksten er skrive av Roger Waters.

Plott[endre | endre wikiteksten]

Som resten av songane på albumet, fortel «Comfortably Numb» ein del av historia om hovudrolla Pink. Pink kjenner seg totalt isolert frå samfunnet, og mislikar sterkt presset med å vere ei rockestjerne. Så han kollapsar på hotellrommet like før han skal dra til konserten sin. Ein lækjar vert henta til rommet og gjev Pink ei sprøyte, som gjev han nok energi til å framføre konserten. Teksten er skrive som ein samtale, der Waters si stemme er lækjaren, og Gilmour si stemme er Pink .

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Medan dei fleste songane på The Wall er skriven av Waters aleine, er det meste av musikken til «Comfortably Numb» laga av David Gilmour. Opphavleg hadde Gilmour tenkt å spele songen inn for sitt første soloalbum, David Gilmour. Gilmour valde å ikkje bruke songen på albumet, og tok i staden demoen med seg til innspelingane av The Wall.

Songen er ein av berre to spor på The Wall som ikkje glir inn eller ut av songane før og etter (den andre songen er «Mother»). Dette kjem av at det på den originale LP-versjonen var ein pause i musikken då side tre av albumet var ferdig. På enkelte CD-utgåver av tidlegare Pink Floyd-album som The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here vart desse pausane tatt bort ved at slutten på eine sida og byrjinga på andre sida vart miksa inn i kvarandre.

I følgje musikkmagasinet Rolling Stone vart Roger Waters inspirert av ei sprøyte han fekk for hepatitt av ein lækjar før ein Pink Floyd-konsert i Philadelphia. Waters skal ha sagt at det var dei to lengste timane i livet hans, og at det var særs vanskeleg å gjennomføre ein konsert når det var så vidt han kunne lette på armane. Denne opplevinga gav han ideen som til slutt utgjorde teksten til songen.

Waters og Gilmour var svært ueinige om korleis songen skulle spelast inn og høyrast ut, og Gilmour ville at lydbilete i versa skulle vere meir skittent. Til slutt vart Waters sitt ønskje brukt i versa, medan Gilmour fekk lage gitarsoloen som han ville. Gilmour har seinare fortalt at han og Waters krangla svært lenge om korleis songen skulle høyrast ut.

Songen inneheld to gitarsoloar av David Gilmour, og er ein av favorittsoloane til Pink Floyd-tilhengjarane. Den siste soloen i songen vert sett på som ein av Gilmour sine beste soloar og som ein klassikar innan gitarsoloar i rocken. Soloen kjem ofte svært høgt på kåringar over dei beste gitarsoloane nokon sinne.

I 1984 då Gilmour spelte nokre solokonsertar vart songen ofte kalla «Come on Big Bum» i setlista. Gilmour gjorde dei endringane han opphavleg ville ha med på albumet under desse konsertane, og i dei seinare utgåvene av songen under konsertane til Pink Floyd på 80- og 90-talet var det denne versjon dei brukte.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell per Fitch/Mahon[1]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[2] Gull 400 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Scissor Sisters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Comfortably Numb
Singel av Scissor Sisters
frå albumet Scissor Sisters
B-side

Rock My Spot (Crevice Canyon)

Språk engelsk
Utgjeve 19. januar 2004
Sjanger Post-disco[3]
Lengd 4:25
Selskap Polydor
Komponist David Gilmour, Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) David Gilmour, Roger Waters
Produsent Scissor Sisters
Scissor Sisters-kronologi 
«Laura»
(2003)
Comfortably Numb «Take Your Mama»
(2004)


Scissor Sisters spelte ein radikalt omarrangert disco-aktig versjon gjeven ut i januar 2004 på Polydor, med B-sida «Rock My Spot (Crevice Canyon)». Denne nådde tiandeplassen på UK Singles Chart. David Gilmour og Nick Mason har begge sagt at dei likte versjonen,[4] og Roger Waters skal ha gratulert Scissor Sisters for versjonen.[5] Jake Shears, frontmann og songar i bandet, vart invitert av Gilmour til å syngje «Comfortably Numb» med han på somme konsertar i 2006, men ideen vart droppa i siste augneblink, til Shears sitt store vonbrot.[6] Denne versjonen vart nominert til Grammyprisen for beste dance-song, men tapte for «Toxic» av Britney Spears.[7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Plassering
Australia (ARIA)[8] 73
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 39
Belgia (Ultratip Vallonia)[10] 10
Tyskland (Media Control AG)[11] 97
Irland (IRMA)[12] 30
Nederland (Mega Single Top 100)[13] 84
Skottland (Official Charts Company)[14] 9
Sverige (Sverigetopplistan)[15] 27
UK Singles (Official Charts Company)[16] 10
UK Dance (Official Charts Company)[17] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[18] 175

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon; Richard Mahon (28. juli 2006). Comfortably Numb-A History of «The Wall» – Pink Floyd 1978–1981. PFA Publishing, Inc. s. 99. ISBN 0-9777366-0-1. 
  2. «British single salstrofé – Pink Floyd – Comfortably Numb». British Phonographic Industry. Henta 26. april 2019.  Enter Comfortably Numb in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  3. Bodenner, Chris (28. november 2016). «Track of the Day: ‘Comfortably Numb’ by Scissor Sisters». The Atlantic. Henta 30. april 2018. 
  4. Endelman, Michael (27. september 2006). «Think 'Pink'». EW.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. juli 2019. 
  5. Tom Bishop (2. februar 2004). «Scissor Sisters' stab at success». BBC.co.uk. Henta 8. januar 2008. «...Pink Floyd Publishing told us the band was very pleased with our version. Roger Waters wants a picture disc 
  6. «Scissor Sisters star lashes out at Pink Floyd legend | News». Nme.Com. 8. september 2006. Henta 10. juli 2019. 
  7. «47th Grammy® Awards Nominations». DigitalHit. Henta 10. juli 2019. 
  8. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  9. "Ultratop.be – Scissor Sisters – Comfortably Numb" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. juli 2019.
  10. "Ultratop.be – Scissor Sisters – Comfortably Numb" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. juli 2019.
  11. "Scissor Sisters - Comfortably Numb". Charts.de. Media Control. Henta 10. juli 2019.
  12. "The Irish Charts – Search Results – Comfortably Numb". Irish Singles Chart. Retrieved 10. juli 2019.
  13. "Dutchcharts.nl – Scissor Sisters – Comfortably Numb" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. juli 2019.
  14. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 10. juli 2019.
  15. "Swedishcharts.com – Scissor Sisters – Comfortably Numb". Topp 60. Hung Medien. Henta 10. juli 2019.
  16. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. juli 2019.
  17. "Archive Chart" UK Dance Chart. Official Charts Company. Henta 27. mai 2018.
  18. «The Official UK Singles Chart 2004» (PDF). UKChartsPlus. Henta 27. mai 2018.