A Whiter Shade of Pale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Whiter Shade of Pale
Singel av Procol Harum
frå albumet Procol Harum
B-side «Lime Street Blues»
Utgjeve 12. mai 1967
Innspelt Olympic Studios
Sjanger Psykedelisk rock
Progressiv rock
Barokk rock
Lengd 4:03
Selskap Deram Records
Låtskrivar(ar) Gary Brooker, Keith Reid, Matthew Fisher
Produsent Denny Cordell
Procol Harum-kronologi
A Whiter Shade of Pale «Homburg»
(1967)
A Whiter Shade of Pale
Singel av Annie Lennox
frå albumet Medusa
B-side «Heaven»
«(I'm Always Touched By Your) Presence, Dear»
Utgjeve mai 1995
Sjanger Pop
Lengd 5:15
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Gary Brooker, Matthew Fisher, Keith Reid
Produsent Stephen Lipson
Annie Lennox-kronologi
«No More "I Love You's"»
(1995)
A Whiter Shade of Pale «Waiting in Vain»
(1995)

«A Whiter Shade of Pale» er debutsingelen til det britiske bandet Procol Harum og kom ut 12. mai 1967. Songen er skriven av Gary Brooker, Keith Reid og Matthew Fisher. Singelen nådde toppen av singellista i Storbritannia[1] den 8. juni 1967 og vart liggande der i seks veker. Utan mykje reklame nådde songen femteplass i USA. Singelen er ein av mindre enn 30 singlar som har seld minst 10 millionar eksemplar på verdsbasis.

Med den stemningsskapande Bach-aktige melodien, den sjelfulle vokalen og den uvanlege teksten gjek ksingelen til topps i fleire land i 1967. I åra sidan har han blitt rekna som ein klassikar og er ein av dei mest spelte songane dei siste 75 åra i Storbritannia,[2]. Britiske Phonographic Performance Limited rekna i 2004 songen som den mest spelte nokon gong på britisk kringkasting dei siste 70 åra.[3] I 2004 sette Rolling Stone «A Whiter Shade of Pale» på 57. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Meir enn 1000 coverversjonar av andre artistar er kjend.[4] Songen har vore med på mange samleplater gjennom tiåra og er vorte nytta i mange filmar, som The Big Chill, Purple Haze, Breaking the Waves, The Boat That Rocked og Martin Scorsese-delen av New York Stories. Coverversjonar av songen er òg nytta i mange filmar, som av King Curtis i Withnail and I og av Annie Lennox i The Net.

Songen var opphavleg berre tilskriven Brooker og Reid, men i 2009 vann Matthew Fisher, organisten på songen, medlåtskrivarrettar i retten.

Innspeling og medverkande[endre | endre wikiteksten]

Songen vart framført og spelt inn i Olympic Studios i London i England med Gary Brooker på vokal og piano, Matthew FisherHammond M-102-orgel, David Knights på bass og Ray Royer på gitar. Trommer vart spelt av studiotrommis Bill Eyden. Nokre dagar seinare vart songen spelt inn på ny med den nye trommeslagaren Bobby Harrison, men denne siste versjonen vart ikkje rekna som like bra og den opphavlege vart valt ut for singelutgjevinga.

Produsent for innspelinga var Denny Cordell og Keith Grant var lydteknikar.[5]

Songen vart òg gjeven ut på den originale amerikanske utgåva av albumet Procol Harum, men ikkje på den britiske utgåva.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Reid fekk tittelen og utgangspunktet for songen på ein fest. Han overhøyrte noko på festen sei til ei dame, «You've turned a whiter shade of pale», og setninga vart sittande i minnet hans.[6][7] Den originale teksten hadde fire vers, men berre to vart spelt inn på den originale innspelinga. Det tredje verset kan ein høyre på somme konsertopptak av Procol Harum, og ein sjeldan gong òg det fjerde.[8]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen har eit moderat tempo i C-dur, og er kjenneteikna av ei basslinje som går stegvis nedover i gjentakande mønster gjennom heile songen. I klassisk musikk vert dette kjend som grunnbass. Den harmoniske strukturen er identisk for orgelmelodien, verset og refrenget, bortsett frå at refrenget endar med ein kadens. Orgelmelodien dukkar opp i byrjinga av songen og etter kvart vers/refreng, men ein kan òg høyre melodien gjennom heile songen med variasjonar av temaet og kontrapunkt til vokallinja. Både vokalen og orgelakkompagnementet når eit crescendo i byrjinga av refrenget «And so it was, and later ...»"; der organisten raskt dreg handa ned og opp over alle tangentane. Den siste instrumentale biten vert tona ut til stillheit - noko som var vanleg i popmusikk på denne tida.

Hammondorgellinja i «A Whiter Shade of Pale» var inspirert av Johann Sebastian Bach sin «Wachet auf, ruft uns die Stimme, BWV 140» og «Air på ein G-streng» - som begge nyttar eit liknande bassmotiv. Songen er derimot ikkje, som mange trur, ein direkte kopi eller omskriving av musikken til Bach,[9] sjølv om det er tydelege referansar til begge stykka. Likskapen mellom songen og Bach vert omtalt i skodespelet The Real Thing av Tom Stoppard og i filmen The Commitments frå 1991. Musikken låner òg idear frå «When a Man Loves a Woman» av Percy Sledge.[10]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Singelen kom ut 12. mai 1967 på Deram Records og gjekk inn på den britiske lista 25. mai. Etter to veker nådde han toppen av lista og vart liggande der i seks veker, og låg totalt 15 veker på lista. Ei nyutgjeving på Fly Records nådde igjen den britiske lista for 12 nye veker, med ein 13. plass som høgaste plassering. I USA nådde singelen 5. plass og selde over ein million kopiar. I Nederland gjekk songen inn på toppen i juni 1967 og igjen i juli 1972.

Listeplasseringar: # 1 (UK), # 1 (Nederland), # 1 (Tyskland), # 1 (Irland), # 1 (Australia), # 1 (Verdslista), # 3 (Noreg VG-lista), #5 (USA Hot 100).

Gjennom åra har «A Whiter Shade of Pale» fått mykje god kritikk:

  • John Lennon var ein stor fan av songen og er kjend for å ha spelt han mange gonge ri Rolls Roycen sin.
  • Songen vart i lag med Queen sin «Bohemian Rhapsody», som òg nyttar ordet 'fandango') kåra til den beste britiske popsingelen 1952-1977 ved BRIT Awards i 1977.
  • Songen er på 57. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
  • Britiske Channel 4 plasserte songen på 19. plass på si liste over dei 100 beste singlane gjennom tidene.[11]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «EveryHit.com». everyHit.com. http://www.everyhit.com/. Henta 12. mai 2012. 
  2. «Whiter Shade 'most played' song». BBC News. 13 april 2009. 
  3. «Procol Harum Shades Rivals in UK Survey». http://www.procolharum.com/awsop_ppl_2004.htm. Henta 12. mai 2012. 
  4. «A Whiter Shade of Pale Versions — Martin's Collection». http://www.awsop-versions.com/. Henta 12. mai 2012. 
  5. "Procol Harum Beyond The Pale" by Claes Johansen, pp. 68, 86, SAF Publishing, London, 2000.
  6. Paul Simpson, The rough guide to cult pop, Page 249. Rough Guides, 2003, ISBN 1843532298. 2003-12-15. ISBN 978-1-84353-229-3. 
  7. Claes Johansen, Procol Harum: beyond the pale, pp 57-62. SAF Publishing Ltd, 2000, ISBN 0-946719-28-4. 2000. ISBN 978-0-946719-28-0. 
  8. «Miscellaneous Keith Reid words». http://procolharum.com/text99.htm#A_Whiter_Shade_of. Henta 12. mai 2012 2009-08-01. 
  9. «What Bach Piece is "A Whiter Shade of Pale?"». Arkivert frå originalen den 2001-06-16. http://web.archive.org/web/20010616151342/www.bachfaq.org/whiter.html. Henta 12. mai 2012. 
  10. Holm-Hudson, Kevin (2008). Genesis and The Lamb Lies Down on Broadway. Ashgate Publishing Ltd. s. 78. ISBN 978-0-7546-6147-4. 
  11. «THE 100 GREATEST No.1 SINGLES». http://www.channel4.com/entertainment/tv/microsites/G/greatest/singles/results.html. Henta 12. mai 2012. 


58:
 «Billie Jean» 
Michael Jackson
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
57

Procol Harum – «A Whiter Shade of Pale»

56:
 «Long Tall Sally» 
Little Richard