Sørhavsjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørhavsjo

Status i verda: LC Livskraftig

Sørhavsjo på Sør-GeorgiaFoto: Liam Quinn
Sørhavsjo på Sør-Georgia
Foto: Liam Quinn

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Stercorariidae
Slekt: Stercorarius
Art: S. antarcticus
Vitskapleg namn
Stercorarius antarcticus

Sørhavsjo (Stercorarius antarcticus) er ein sjøfugl i jofamilien. Han er spreidd sirkumpolart på den sørlege halvkula, lever pelagisk og hekkar på subantarktiske øyar, søraustre Argentina og Den antarktiske halvøya.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sørhavsjo utanfor Dyer Island, Western Cape, Sør-Afrika
Foto: Winfried Bruenken

Sørhavsjoen er den største joarten, er kraftig bygd, har ei kroppslengd på 52 til 64 centimeter og kroppssvekt på 1200 til 2100 gram[1] der hofuglane er dei tyngste.[2] Han er sjokoladebrun over det heile, unntaka er bronsjegule flekkar i nakken og iaugefallande kvite «blink» på over og undersida av vengen. Det kraftige nebbet er nedbøygd i enden, nebb og føter er svarte.

Hekkar sirkumpolart på subantarktiske øyar inkludert Aucklandøyane og Chathamøyane, Campelløyane, Stewart Island/Rakiura, FiordlandSørøya på New Zealand og andre øyar i landet; på søraustre kysten av Argentina, Falklandsøyane, Tristan da Cunha og Gough Island. Dei hekkar dessutan så langt sør som på Ballenyøyane i Sørishavet, ein del av Ross Dependency.[2]

Sørhavsjoar overvintrar i Sør-Atlanteren og spreitt på sørlege hav. Nokre av dei som hekkar lengst nord, på Tristan da Cunha og Gough Island og i territoriet til New Zealand kan vere stasjonære, dei som hekkar lengst sør trekker nordover, mange til havet sør for Australia.[2]

Når sørhavsjoar lever til havs trur ein dei lever av fisk, joar som kjem til kystar supplerer med åtsel og kan stele føde frå skarvar og måsar. På Chathamøyane er føda om vinteren sett saman av langhalsar og breinebbkvalfugl. I hekketida er føda hovudsakleg ungar og egg av andre fugleartar slik som pingvinar, dei lever og av åtsel, avfall frå sel og dei jagar og drep vaksne petrellar og kan lagre restar av fuglekroppar i dynger.

Mange sørhavsjopar på øyar i New Zealand vernar eit territorium heile året. Det er observert at to hannar og ei ho, og opptil sju fuglar vernar eit territorium på nokre øyar, men andre stader er parvis hekking mest vanleg. Reira er lagd som ei forsenking i bakken fora av vegetasjon. Kullet er vanlegvis på 2 egg. Klekkinga skjer etter ca. 30 dagar og ungane får mat av foreldra til dei kan flyge etter ca. 6-9 veker og vidare opp til 10 veker etter det igjen. Dei er 5-14, typisk 8 år når dei blir hekkefuglar, og lever gjerne til dei er over 20 år.

Arten er ikkje trua, og bestanden er estimert til ca. 13 000-14 000 par (1996), og er trudd å vere stabil.[1]

Underartar med utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 HBW 3 - Species accounts: Brown Skua (1996)
  2. 2,0 2,1 2,2 Heather og Robertson (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sørhavsjo