Sykkylven kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sykkylven kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Sykkylven
Areal 337,80 km²
 - land 328,84 km²
 - vatn 8,96 km²
Folketal 7 617  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Olav Harald Ulstein (Frp) (2023)
Kommunenr. 1528
Kart
Sykkylven
62°22′32″N 6°38′39″E / 62.375555555556°N 6.6441666666667°E / 62.375555555556; 6.6441666666667
Wikimedia Commons: Sykkylven
Nettstad: www.sykkylven.kommune.no

Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 7600 innbyggjarar. Kommunesenteret er Aure. Kommunen grensar til Fjord og Stranda i aust og til Ørsta i sørvest. I nord ligg Storfjorden med Ålesund på andre sida. Om lag 3/4 av folket i kommunen bur langsmed den åtte kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sidefjord av Storfjorden. Kommunikasjonen på tvers av fjorden vart monaleg betre då Sykkylvsbrua vart opna i 2000 mellom krinsane Vik og Ikornnes.

Sykkylvsfjorden og Trollkyrkjetindane.

Namnet «Sykkylven» er truleg eit gamalt fjordnamn. Sistelekken -ylven tyder truleg ‘lågt fuktig lende’, medan fyrstelekken anten kan kome av ‘sekk’ (jf. det faktum at det er tale om ein sekkefjord) eller av ‘stilleståande eller langsamt rennande vatn’, eventuelt ‘lita vik’ (jf. skrivemåten Síkiflir).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sykkylven var del av Ørskoug prestegjeld og tinglag, og Ørskoug kommune frå 1837. Sykkylven vart skild ut frå Ørskog som eigen kommune i 1883. Bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen på sørsida av Storfjorden vart tilførte frå Ørskog i 1955.[1]

Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan 800 år f. Kr.

Norsk møbelfaglig senter ligg i Sykkylven, og er eit dokumentasjonssenter og museum for møbelindustrien.

Næringsgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjende møbelfabrikkane er Ekornes, Scandinor ANS, Hjellegjerde, Brunstad og Formfin. I tillegg er der industrigreiner som produserer transformatorar, emballasjeprodukt, stålkomponentar, baderomsinnreiing, bygningsprofilar og utstyr til skip og oljeinstallasjonar. Der er òg fleire underleverandørar, sørvisbedrifter og design- og arkitektkontor.

Tettstader og bygder[endre | endre wikiteksten]

Sykkylven har tre tettstader:

  • Sykkylven sentrum er sett saman av bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grebstad og Vik og er med vel 4000 innbyggjarar den 8. største tettstaden i Møre og Romsdal
  • Ikornnes med 825 innbyggjarar
  • Straumgjerdet (stundom skrive Straumgjerde) med 482 innbyggjarar

Av bygder og bygdelag kan desse nemnast:

Offentlege institusjonar[endre | endre wikiteksten]

I Sykkylven prestegjeld har ein to sokn: Sykkylven og Ikornnes. Prestegjeldet høyrer til Austre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Sykkylven kyrkje vart vigsla i 1990, etter at gamlekyrkja brann ned i 1983. Ikornnes kyrkje vart vigsla i 1978.

Sykkylven lensmannsdistrikt i Sunnmøre politidistrikt høyrer til Sunnmøre tingrett.

Sykkylven har ein vidaregåande skule, Sykkylven vidaregåande skule, med yrkesfaglege og studieførebuande studieprogram.

Friluftsliv og kultur[endre | endre wikiteksten]

Sykkylven er ei fin bygd for fjellturar. Der er mange høve til gåturar og til skiturar, til dømes på Fjellsætra der det er skianlegg for alpint (Sunnmørsalpane skiarena) og for langrenn. Dei høgaste tindane, som Råna på 1586 moh., eignar seg for fjellklatring.

I kulturlivet merkar Sykkylven seg ut med eit rikt musikkliv med sju korps, ti kor, storband og fleire band.

Sykkylvsbladet med redaksjonslokale på Aure var lokalavis for kommunen frå 1946[2] til og med 2020. Etter ei samanslåing med Sunnmøringen vart avisa erstatta av Nyss frå 2021.[3]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Sykkylven kommune frå 1883:

1.8.1883[4] 1900[5] 1.12.1920[6] 1.12.1930[7] 3.12.1946[7] 1.1.1951[8] 1.1.1961[8] 1.1.1971[8] 1.1.1981[8] 1.1.1991[8] 1.1.2001[8] 1.1.2010[8]
2029a 2420a 2424a 2426a 3261a 3816a 4815 5643 6559 6887 7383 7589

aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Ørskog kommune fram til 1955, då det vart overført til Sykkylven kommune. Dette området hadde då 348 innbyggjarar.

Folk frå Sykkylven kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om samferdsel i Møre og Romsdal: Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920-1995. [Molde]: Møre og Romsdal fylkesbåtar. 2000. ISBN 8279550208. 
  2. Skrede, Lars Inge (11. juni 2020), «Sunnmørsposten kjøper Sykkylvsbladet», smp.no, henta 21. juni 2021 
  3. Dale, Leif (8. januar 2021), «”Nyss” - ny lokalavis for Stranda – Sykkylven», Bygdebladet (på norsk), henta 21. juni 2021 
  4. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  5. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  6. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  7. 7,0 7,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Folkemengd i Sykkylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.