Svarthalespove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svarthalespove
Svarthalespove Foto: Andreas Trepte
Svarthalespove
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: CR Kritisk trugaUtbreiinga av svarthalespove
Utbreiinga av svarthalespove
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Limosa
Art: Svarthalespove L. limosa
Vitskapleg namn
Limosa limosa

Svarthalespove (Limosa limosa) er ein stor, langbeint vadar med langt nebb. Han er ein av fire spoveartar i den biologiske slekta Limosa innanfor snipefamilien Scolopacidae. Han vart først skildra som Scolopax limosa av Carl von Linné i 1758. Det vitskaplege namnet er avleidd frå latin og tyder «gjørmete», frå limus, «gjørme».[1]

Hekkeområdet strekker seg frå Island gjennom Europa og i mange mindre åtskilte lokasjonar i Sentral-Asia. Om vinteren held svarthalespovane til i område så ulike som det indiske subkontinentet, Australia, Vest-Europa og Vest-Afrika. Dei hekkar på myrar, ved innsjøar, på fuktige enger, heiar og myrar og elvemunningar, sumpar og i overflauma område om vinteren. Bestanden i verda er estimert til å ligge i området 634 000 til 805 000 individ og arten er klassifisert som globalt nær truga.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svarthalespoven er ein stor og elegant spove med langt nebb, hals og bein. I løpet av hekkesesongen har nebbet ein gulaktig eller oransjerosa base og mørk tupp, basen er rosa om vinteren. Beina er mørk grå, brun eller svart. I hekkedrakt er kjønna ulike, hannfuglar har då kraftigare raudbrun farge enn hoer på bryst, hals og hovud. Undersida har mørke tverrstriper. I vinterdrakta er vaksne svarthalespovar flekkfri, brungrå på bryst og side. Ungfuglar er bleikare oransjebeige og er mørkare på oversida med grovare flekkar enn vaksne.[3]

I flukt kan ein observere dei breie svarte og kvite vengebanda. Det norske artsnamnet reflekterer den svarte halen som står i sterk kontrast til den kvite overgumpen. Den kvite overgumpen er òg skarpt avgrensa mot den mørke ryggen og har ei firkanta form. På bakken kan dei vere vanskeleg å skilje frå lappspovar, men svarthalespoven har tydeleg lengre og rettare nebb.[2]

Han måler 36 til 44 centimeter frå nebbet til haletuppen med eit vengespenn på 70-82 cm. Hannar veg rundt 280 gram og hoer 340 g, men begge kjønn med store variasjonar. Hoa er rundt 5% større enn hannen, med eit nebb som er 12-15 % lengre.

Det vanlegaste lætet er ein skingrande wika wika wika.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Det er skildra tre underartar av svarthalespoven med åtskilte utbreiingsområde:[3]

  • L. l. limosa - (Linné, 1758): Nominatforma er kalla den «europeiske» svarthalespoven, han hekkar frå vestlege og sentrale Europa til Sentral-Asia og asiatiske Russland, så langt aust som elva Jenisej[2]. Hovudet, halsen og brystet er bleik oransje.
  • L. l. islandica - Brehm, 1831: den «islandske» svarthalespoven hekkar for det meste på Island, men òg på Færøyane, Shetland og i Nord-Noreg. Han har eit kortare nebb, kortare bein og hannfuglar har meir raudbrun farge på ryggen og ned mot buken, samanlikna med limosa.
  • L. l. melanuroides - Gould, 1846: den «asiatiske» svarthalespoven, hekkar i Mongolia, Nord-Kina, Sibir og lengst aust i Russland.[2] Fjørdrakta er lik islandica, men fuglen er tydeleg mindre.

Svarthalespoven har eit usamanhengande hekkeområde som strekkjer seg frå Island til langt aust i Russland.[2] Hekkehabitata ligg på myrar med mosevegetasjon, våte område langs store innsjøar og fuktige stepper. Mykje av den europeiske populasjonen brukar no sekundærhabitat på låglands våte grassletter, kystnære myrar, enger, og andre våte område og saltvasslaguner. Hekkinga kan òg skje på engmarker. Dei unngår habitat nær skog og anna høg vegetasjon.

Spovar frå den islandske populasjonen overvintrar hovudsakleg i Storbritannia, Irland, Frankrike og Nederland, men nokon flyr vidare til Spania og Portugal og nokre til Marokko. Fuglar av nominatforma frå Vest-Europa flyg sørover gjennom Iberia til Vest-Afrika. Mange overvintrar i Spania. Fuglane frå Sentral-Europa, Aust-Europa og Russland flyg mellom Balkan og Svartehavet til Afrika sør for Sahara, til Mali, Tchad og austover. Fuglar frå Kasakhstan overvintrar i India, andre asiatiske fuglar i Australia, Taiwan, Filippinane, Indonesia og Papua Ny-Guinea.

Utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Nominatforma hekkar på Jæren, og i 2014 var hekkebestanden på 17 par, typisk habitat er på gjødsla marker for grasproduksjon.[4] Klima- og miljødepartementet oppheva i 2015 eit lovfesta vern for denne bestanden for å prioritere jordbruksinteresser.[5] Den norske hekkebestanden av den «islandske» svarthalespoven er framleis prioritert i lovverket, og er trulig meir levedyktig med estimert populasjon på 50-60 par i 2011, spreidd i området frå Røst i sør til Sanna i Karlsøy kommune i nord.[6] Hekkehabitatet i Noreg for desse fuglane er meir naturlege våtmarker, gjerne nær dammar og små innsjøar. Fuglar av den nordlege populasjonen kan sjåast langs norskekysten under trekket til og frå Vest-Europa.[6]

Den totale populasjonen av begge underartar i landet er estimert til å ligge i mellom 40 og 100 hekkande par, varierande over år.[7] Arten er klassifisert som kritisk truga (CR) på norsk nasjonal raudliste, 2021.[8]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Svarthalespovar er mest monogame. Ein studie av den islandske populasjonen viste at trass i at dei lever frå kvarandre om vinteren, blir para sameinte på hekkeplassen innan gjennomsnittleg tre dagar. Om ikkje partnaren kjem i tide, oppstår «skilsmisse».[9] Dei hekkar i små, lause koloniar. Einslege hannar forsvarar eit mellombels territorium og gjev oppvisingar for å tiltrekkje seg ein make. Reiret er ei grunn senking i bakken, vanlegvis i kort vegetasjon.

Eit kull er på typisk fire egg, rugetida er 22-24 dagar, og begge foreldre deltar. Etter klekking er ungane er dunkledde og sjølvhjelpne, men foreldra varmar dei den første tida på kvelden og under kaldt vêr. Ungane er flygedyktige etter ca. 28 dagar.[3]

Føde og beitevanar[endre | endre wikiteksten]

Dei et hovudsakleg virvellause dyr, men òg vassplantar om vinteren og under trekket. I hekkesesongen tar dei byttedyr som meitemark, større insekt som biller, grashopparar, augestikkarar, døgnfluger, sommarfugllarver, og dessutan blautdyr og børsteormar om vinteren. Dei søker med nebbet på grunt vatn, ofte med hovudet heilt under vatn. På land kan svarthalespovar søke inn i mjukt underlag med nebbet, men òg plukke byttedyr rett frå overflata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 227. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 BirdLife International (2016) Species factsheet: Limosa limosa Arkivert 2016-04-12 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. oktober 2016
  3. 3,0 3,1 3,2 Van Gils, J., Wiersma, P., Christie, D.A. & Garcia, E.F.J. (2016). Black-tailed Godwit (Limosa limosa) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 2. oktober 2016
  4. Norsk Ornitologisk Forening (NOF) Høringssvar fra NOF på forslag om å oppheve forskrift om svarthalespove som prioritert art etter naturmangfoldloven Brev av 9. februar 2015
  5. Regjeringen.no Svarthalespoven på Jæren blir avprioritert Melding den 7. mai 2015
  6. 6,0 6,1 Strann, K.-B. (red.), Frivoll, V., Sortland, F., Lorentzen, N.H., Riser, C.W., Jensen, A. og Våge, H. 2012. Hekkestatus hos svarthale-spove Limosa limosa islandica i Nord-Norge. - NINA Rapport 833. 63 s. ISBN: 978-82-426-2428-4
  7. Artsdatabankens faktaark Svarthalespove Limosa limosa ISSN1504-9140 nr. 145 gjeve ut i 2010
  8. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av svarthalespove Limosa limosa for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  9. «Icelandic birds rely on perfect timing». BBC News website (BBC). 3 November 2004. Henta 2. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svarthalespove