Tie Your Mother Down
Tie Your Mother Down Singel av Queen frå albumet A Day at the Races | ||
B-side |
«You and I» | |
---|---|---|
Utgjeve | 4. mars 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 3:45 (singel) 4:48 (album) | |
Selskap | EMI (UK) Elektra (US) | |
Låtskrivar(ar) | Brian May | |
Produsent | Queen | |
Queen-kronologi | ||
«Somebody to Love» (1976) |
Tie Your Mother Down | «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» (1977)
|
«Tie Your Mother Down» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av gitaristen Brian May. Han er opningssongen og den andre singelen frå albumet A Day at the Races frå 1976. Singelen kom ut i 1977 og nådde 31. plassen på den britiske singellista. Meir enn 20 år seinare vart han gjeven ut som ei dobbel A-side med «No-One But You (Only the Good Die Young)», då han nådde 13. plassen. På albumet starta songen med ein minutt lang instrumental, som kjem att på slutten av «Teo Torriatte». Dette var meint å skape ein «sirkel» på albumet, som til dømes på album av Pink Floyd.
Etter songen kom ut i 1976 spelte Queen han på kvar einaste turné.[1] Under Freddie Mercury Tribute Concert i 1992, vart songen spelt av Queen i lag med Joe Elliot og Slash.[2] Ved fleire høve i nyare år har Brian May og Roger Taylor spelte songen live med Foo Fighters, mellom anna då Queen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001 og under VH1 Rock Honors i 2006.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Brian May byrja å skrive songen på Tenerife, medan han arbeidde på doktorgraden sin som astronom. Han skreiv riffet på ein spansk gitar og vakna opp ein morgon og spelte songen med han song «tie your mother down,» ei linje han rekna som ein spøk. Vokalisten Freddie Mercury likte linja og ønskte å behalde ho. «Tie Your Mother Down» opnar med eit tungt gitarriff av Brian May.[3]
Det vart laga ein musikkvideo til songen, regissert av Bruce Gowers, basert på eit konsertopptak i Nassau Coliseum på Long Island i New York i februar 1977 under den amerikanske turneen til bandet.[4]
Sjølv om songen lenge har vore ein konsertfavoritt og favoritt på amerikansk FM_radio, gjorde ikkje songen det så godt på salslistene. Han nådde 31. plassen i Storbritannia og 49. plassen i USA. Songen vart derfor berre gjeve ut i somme område på Greatest Hits, men songen er med på samlealbumet Queen Rocks, i lag med somme av dei tyngste songane til bandet.[5]
I eit hyllestprogram på BBC Radio 4 til Rory Gallagher, sa May at hovudinspirasjonen til riffet kom frå Taste-songen «Morning Sun» frå albumet On the Boards (1970). Riffet er òg ganske likt vers-riffet frå T.Rex-songen «Funky London Childhood», frå albumet Prince of Players (The Alternate Dandy in the Underworld) frå 1976.
Lister[endre | endre wikiteksten]
|