Hopp til innhald

Artos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artos ved ein artoklasia, signinig av påskebrød, på palmesundag i ei gresk-ortodoks kyrkje i Toronto.

Artos (ἄρτος, gammalgresk for ‘brød’[1]) er eit stykke heva brød som blir signa under gudstenesta i ortodoks[2] og orientalsk katolsk kristendom.

Til påske blir det brukt ein stor artos med eit segl som syner oppståinga til Kristus. Mindre brød blir signa i eit rituale kalla artoklasia og i samband med andre høve som festdagar for helgenar, bryllaup, minnegudstenester og likande.[2] Etter signinga blir dei skorne opp og delte ut til kyrkjelyden.[3]

  1. ↑ «Strong's Greek: 740. ἄρτος (artos) -- bread, a loaf», biblehub.com, henta 2019-03-26
  2. 1 2 «Άρτος». foodmuseum.cs.ucy.ac.cy (på gresk). Cyprus Food Virtual Museum. Arkivert frå originalen 2015-12-08. Henta 30. november 2015. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  3. ↑ «artos», The Fresh Loaf (på engelsk), henta 2019-03-26